Spesialundervisning – feil bruk av ressursar?

Forsking, ikkje minst den Thomas Nordahl har gjort, viser at spesial-undervisninga ofte er feilslått, men no blir det gjort banebrytande arbeid i skulane som bør gjerast kjent.

Arild M. Killi er student ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), rektorutdanninga og rektor ved Dombås skule.

Det er svært gledeleg å sjå oppslaga i Utdanning og Skolelederen om det arbeidet som er gjort i Nossebro kommune i Sverige. Nossebro kommune gjekk frå å vere ei av dei kommunane som scora dårlegast på nasjonale prøver, til å bli av dei beste ved å ta nokre av dei same grepa som òg Dovre-skulane no har gjort.

På tide med ei endring

For 37 år sidan, i 1976, starta systemet med spesialundervisning opp i norsk skule. Elevar som sleit fagleg på skolen, skulle få ekstra hjelp. I heile denne perioden har det vore forska på verknaden av dette tiltaket.

Skuleforskar Thomas Nordahl ved Høgskolen i Hedmark har gjennom fleire tiår forska på verknaden av spesialundervisning, og resultata syner at denne satsinga svært ofte er feilslått i å hjelpe elevane. Nordahl meiner at spesialundervisninga bør avviklast. Ressursane bør brukast på ein heilt annan måte, seier han.

Dei fleste som har jobba i skulen nokre år, har erfart at spesialundervisning ofte har liten effekt. Kvardagen til ein elev som får spesialundervisning, er ofte slik:

«Vesle Kari går i 6. klasse. Ho har fått fem timar spesialundervisning i norsk per veke. Kari slit med lesefart og leseforståing. Kvar dag må Kari finne fram bøkene sine og vere med spesialpedagog Astrid til eit grupperom. Kari fekk tilråding om spesialundervisning for to år sidan. Rapporten som lærar Astrid skriv to gonger i året, syner at Kari ikkje har den faglege framgangen som er ynskjeleg.»

Kari er ein av 52 000 elevar som tok imot spesialunderving i norsk skule i 2011. Kva føler Kari og alle dei andre når dei blir tekne ut av klasserommet for å bli undervist i spesialgruppe? Ei dagleg nederlagskjensle: kjensla av ikkje å strekke til, kjensla av ikkje å få vere ein i fellesskapet, kjensla av å vere annleis!

«Dovre-modellen»

I Dovre kommune i Nord-Gudbrandsdalen har dei no teke grep for å endre dette. Etter ein sterk auke i spesialundervisning gjennom fleire år, starta dei opp «Ny-skole»-satsinga hausten 2010. Her er nokre av grepa som er gjort:

– Mest all spesialundervisning er avvikla

– Tidleg innsats: Dei ressursane som vart frigjorte, blir no sett inn i klassene, med særleg stor lærar-tettleik på dei lågaste klassestega. Dette fører til ein meir inkluderande skule, der elevane kan jobbe i raskt etablerte grupper med stoff dei blir hengjande etter i. Gruppesamansetningane varar berre kort tid, frå ein dag til nokre veker. Forsking viser at dersom basiskunnskapen ikkje er på plass hjå elevane, vil dei slite med å tileigne seg kunnskap i den vidare skulegangen. I Dovre-skulane blir det no teke tak straks eleven blir hengjande etter, ikkje etter ressurstildeling fleire månader etter melding hjå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Og, ikkje minst, eleven er heile tida ein del av klassefellesskapet.

– Skulane har innført eit felles sett av læringsstrategiar som alle lærarane brukar i si undervisning. Dette gjer at elevane kjenner att «lure måtar» å lære på hjå alle lærarane dei møter gjennom skulegangen, også i ungdomsskulen.

– Det er sett fokus på dei aller viktigaste elementa i all læring: lesedugleiken og leseforståinga til elevane. Skulane har samarbeidd med Vigdis Refsahl frå Bredtvedt Kompetansesenter om å utvikle ny leseplan, ei plan som er forpliktande for alle lærarane i alle fag.

– Skulane er i ferd med å utdanne leserettleiarar som skal hjelpe dei andre lærarane i leseopplæringa. Desse leserettleiarane er også med på kartleggingsarbeid og gjennomføring av intensive lesekurs med elevar.

– Viktigast av alt: Kommuneleiinga er med på dette. Dovre kommune er inga rik kommune, men politikarane er med på satsinga, sjølv om dette medfører noko auke i timetalet.

Endring tek tid

Over 200 kommunar frå Sverige og Norge har vore på besøk i Nossebro kommune i Sverige for å sjå og lære. Det banebrytande arbeidet som blir gjort der, har vekt oppsikt. I den vesle svenske kommunen er det dokumentert at dei har gjort dei rette grepa, det syner resultata på dei nasjonale prøvene.

Så kan ein spørje seg: Kor lenge skal det gå før sentrale myndigheiter i Norge reagerer og gjer dei endringane som er gjort i Nossebro, og i Dovre?