Skal elevane få meir angst?
Kaare Skagen spurte i kronikken i Utdanning nr. 8/06 om all kunnskap er like god og viktig. Artikkelforfattaren tar i dette innlegget opp denne problematikken.
I ”Utdanning” nr 8 – 21. april 2006 har professor i pedagogikk ved Universitetet i Tromsø: Kaare Skagen ein kronikk. Undertittelen er: ”Økte kompetansekrav til lærerne vil styrke lærerstandens stolthet og føre til en bedre skole”. Så langt er det ikkje vanskeleg å fylgja tankegangen hans. Men det vert verre utover i kronikken.
Eg er ein heilt vanleg lærar. I ungdomsskulen. Slik sett kan det minna om David og Goliat når eg no tillet meg å kommentera professoren sine utsegner.
Eg tek for meg det verste først: ”Angst er en undervurdert drivkraft for læring. Trivsel fører ikke nødvendigvis til god læring”!!! Rett nok har professoren sett inn ”nødvendigvis” i utsegna, men utan at dette nødvendigvis gjer det lettare å fordøya.
Angst…! Angst…? Denne drivkrafta for læring som eg hittil visstnok har undervurdert, kva er no det? Her har kanskje professoren sin eigen definisjon av ordet ”angst”. Eg fann denne som eg tykkjer verkar nokså rimeleg: ”Angst er både betegnelsen på et symptom som kan forekomme ved ulike lidelser, og navnet på en gruppe psykiske lidelser.” (Cand.pharm Erik Husby Pettersen) Eg trudde at angst var noko som trong behandling, medan professoren vil bruka det som ei drivkraft. Truleg også i barneskule?
Hadde professoren endå brukt ”frykt” eller ”redsel”. Eg ville framleis ikkje basert undervisninga mi på angst og redsel – ikkje vanlegvis, i alle fall. Kan det vera ordet ”respekt” professoren er på leit etter, men ikkje har funne? Ei slik forklaring verkar heller ikkje rimeleg.
For over hundre år sidan skreiv Alexander Kielland om ”Lille Marius” som døydde med eit latinsk bøygningsmønster på leppane. ”Mensa rotunda.” Eg trur at Marius var plaga av angst ei stund før han døydde.
Med frykt for å bli oppfatta som ufin, vil eg likevel nemna at ”angst” også fører tankane mine mot konsentrasjonsleirar slik det er fortalt tyskarane dreiv dei for om lag sytti år sidan, og visstnok skal ”amerikanarane” bruka dei same prinsippa til å ”behandla” enkelte krigsfangar i dag.
Har professoren berre overdrive litt for å ”spissformulera” og dra i gang ein debatt, seier du? Og kanskje vore litt uheldig med definisjonane, eller?
Det kunne vera mangt og mykje å diskutera ved denne kronikken. For at det ikkje skal bli for langt, vil eg avgrensa meg til ein ting til: ”Er synspunktet slik at all kunnskap er like god og viktig? Eller har noen forlest seg på dårlig filosofi (mi utheving) som sier at det ikke lenger finnes noen kunnskap, men at alt må konstrueres?”
Eg reknar med at professoren kan forklara kva han meiner med ”dårleg filosofi”. Men meiner han med dette at mykje av Nietzsche sin filosofi er ”dårleg”? Det er rimeleg å tru at ein professor har ein viss oversikt over den filosofiske, psykologiske og pedagogiske litteraturen. For meg verkar det som om det meste av relativistisk tankegods vert avfeia som ”dårleg”.
Det kan vera at professor Kaare Skagen vil dra i gang ein debatt: ”No skal snillismen i skulen til pers”. ”Bort med vaffelpedagogikken i barneskulen”. ”Uteskule = bortkasta tid”. ”Medbestemmelse – tull og tøys”. ”Det er alt for mange kvinnfolk – av begge kjønn – i skulen”. ”No må me slutta å sy puter under armane på elevane”. ”Elevane skal ha alt inn med teskei”. Lista med aggressive utsegner er lang.
Og sjølvsagt svingar pendelen for langt ut av og til i vår iver etter ein betre skule. Men det gjeld også for deg, vyrde professor.
Du Kaare, no skal du få høyra eit ordtak som eg høyrde mykje i oppvoksteren min: ”Litt salt i grauten likar eg, men ikkje når det vert så ramsalt som dette!”
Ingressen er endra 04.05.06 da den opprinnelege ga eit galt bilete av kva artikkelforfortattaren meiner.