Sekken med vondskap skal opnast
Vi må setja oss ned og prøva å forstå kva som har hendt. Den første oppgåva er å spørja elevane kor mykje dei veit om åtaket. Deretter blir det ei øving i innleving og kva for påkjenningar pårørande har i desse dagar.
Slike erfaringar kjem ein ikkje gjennom, men må ein leva med. Korleis kunne dette skje? Kva kan vi som skulesamfunn gjera for at det ikkje skal skje igjen? Menneskeleg vondskap har alltid vore eit viktig tema både i historie og litteratur.
Departementet har i desse dagar sendt eit skriv til skulane om krisepedagogikk. Dei rår til at vi nyttar omgrepet ”feiltankar” om det breivikske manifestet. Eg er ikkje så sikker på om det er rett, men det gjev likevel grunnlag for ein god klassediskusjon. Pedagogisk bakteppe Eg har vore i undervisning i 40 år både i Noreg og andre land. Viktig erfaring er frå lærarutdanning, litteratur, læreplanutvikling, FN, menneskerettar, flyktningar og samfunnsfag. Det beste læraren kan gjera er å bruka ein tverrfagleg metodikk for å opna ”sekken med vondskap”.
Men ein skal og opna opp alle dei andre kjeldene med oppbyggande tekstar skulen har rikeleg med. Det beste skuledokumentet er læreplanen sin genrelle del, Broen. Her ligg ein skatt av gode referansar. Den beste overskrifta er: ”Det tenkjande mennesket”. For oss i skulen er denne formuleringa viktig for å ta eit oppgjer med det norske sjølvbiletet. ”Fredsnasjonen” Noreg er eit vanskeleg omgrep. Eg har i fleire samanhengar uttrykt at skjølvbiletet vårt er basert på: ” Norwegian Mentality: Why They Always Think They Do It The Best Way”. Referansen til denne og andre førelesingar i finn de på: http://ernstagejohnsen.no
Skjønnlitteraturen er eit godt utgangspunkt for å analysera menneskeleg vondskap og forklara kva han består av. Det beste psykologiske portrettet av ein skrudd person er Johan Borgen med Lillelord. Wilfred Sagen minner om Breivik. Begge er oppvaksne i eit trygt vestkantmiljø i Oslo. Vidunderbarnet Wilfred manipulerer alle rundt seg, og spesielt mora, til å få i stand farlege eksperiment. Han kamuflerer intelligensen sin, og ser kva han får i stand utan å verta lagt merke til. Borgen sitt uhyggelege portrett av Wilfred får oss til å forstå at han med intelligens og manipulasjon kan skjula eigne tankar. Sambygdingen min fra Sauda, Kjartan Fløgstad, er enno betre i sine portrett av vondskap. Berre Shakespeare gjer det betre.
I Grand Manila, lagar Fløgstad eit portrett av lyrikaren og kulturmennesket, Erik Gutenfeld. Det er vel verdt å lesa. Berre i Grense Jakobselv overgår han seg sjølv i portrettet av Paul von Damaskus. Kva kan elevane læra av dette: Dei ser at mennesket er eit samansett vesen med stort potensiale for både godt og vondt. I romanen lanserer Fløgsad læresetninga:”Ingenting er slik det ser ut til å vera”. Her er vi tilbake til spørsmålet om sjølvbiletet både for oss nordmenn og andre nasjonalitetar. Denne læresetninga minner oss om Shakespeare sine hekser som seier: ”Fair is foul and foul is fair”. Rett og gale, vondt og godt vert sette opp mot kvarandre slik at mennesket mistar taket på røyndomen og på kva som er godt og vondt.
Terroren i Oslo har og plutseleg fått oss til å mista trua på våre eigne definisjonar, både av oss sjølv og andre. I norsk litteratur kjem ein heller ikkje forbi Bjørneboe si Ondskapens historie, og ”Haiene”. Her finn elevane gode diskusjonstekstar omkring menneskeleg vondskap. I skrivande stund sit Breivik i fengsel utan evne til anger eller skuldkjensle. Shakespeare si Lady Macbeth prøver og lenge å stålsetja seg for å stå imot skuldkjensla, men greier det ikkje. Ho vert galen og byrjar å gå i søvne med forferdelege mareritt der ho drøymer at ho ikkje klarer å vaska blodet av fingrane sine etter mordet. Ho greier ikkje å leva med skulda og blir desperat: ” Will all Neptune’s oceans wash this blood clean from my hands?”. Det finst mange skjønnlitterære tekstar som gjev elevane gode høve til å diskutera både skuld og tilhøvet mellom rett og gale og godt og vondt. Etiske diskusjonar i mange fag hjelper oss og kan vera god terapi til hausten. Teorien om at ”hensikten helliger middelet” er og eit viktig debatttema. Richard Wright sitt portrett av den afroamerikanske guten, Bigger Thomas i Native Son, er eit uhyggeleg portrett av monsteret og kva det kan gjera. Han er vond, og klassen kan diskutera kvifor han vart slik og kanskje og korleis han kunne ha vorte annleis.
”Feiltankar” eller grums? Den norske Black Metalkulturen har greidd å utvikla seg til ein”stoverein” genre. Eg har i fleire år arbeidd med tekstane i skulen og syns det er viktig å laga språklege analysar av innhaldet og nærlesa tekstane. Dersom ein til dømes tek føre seg tekstar av Mistur, ”Dominions of Satyricon” og ”Black Winds” eller Dimmu Borgir, ”The New Dominions” og ”The New Kingdom”, gjev det høve til å stilla seg kritisk og få i stand gode diskusjonar. Genren har fått sterk appell internasjonalt, men inneheld mykje grums, eller det som Kunnskapsdepartementet no vil kalla ”feiltankar”.
Eg er redd ”feiltankar” er upedagogisk og kan føra til at ytterleggåande synspunkt blir slått med på. Det er verre enn å ta dei opp til seriøs klassediskusjon. Mi erfaring i klasserommet er at fleire ytterleggåande elevar meiner dei har vorte straffa med negative karakterar av lærarar i skulen. Dersom dette er sant, gjer det berre vondt verre. Ein av mine gamle pedagogiske heltar, lektoren Trygve Bull på sekstitalet, sa noko viktig om det å møta ytterleggåande synspunkt i klassen: ”Når jeg møter en klasse med sterke konservative synspunkt, lener jeg meg til venstre på kateteret, og når jeg møter en sterk venstrevridd klasse, lener jeg meg til høyre på kateteret”. Her uttrykkjer Bull ei viktig pedagogisk læresetning, sjølv om vi ikkje har kateter i skulen lenger.
Språkleg sjølvforsvar som metodikk I arbeid med rasisme og flyktningar har eg introdusert omgrepet ”språkleg sjølvforsvar”. Det betyr at utsette elevar får i oppgåve å formulera rasjonelle argumentasjonrekker mot rasistiske åtak utanfra. Det hjelper både språkleg og psykologisk. Slike tekstøvingar har eg stor tru på i møtet med ytteleggåande synspunkt. Dei elevane som er sterkast utsette er nemleg ofte dei med svakast språk både i munnleg og skriftleg. De treng å byggja opp eit språkleg sjølvforsvar meir enn dei skuleflinke. Slik blir det og lettare å opna sekken med all vondskapen. Kva anna kan ein gjera? Som konklusjon nemner eg at ein i kampen mot vondskapen og skal bruka dei positive tekstane om menneskerettar og gode val. Her er det unødvendig å gje lærarane råd. Dette veit dei betre enn andre. Skulen er full av slike tekstar som vi brukar kvar dag. Det er desse som gjer oss til ”tenkjande menneske”.
Politisk bevisstgjering av elevane er viktigare no enn før. Det er vanskeleg å få til, men terroren i Oslo får truleg ein positiv verknad. Møt og fjesboka i sosiale media. Eg viser elevane kva for eit viktig instrument dei er både på godt og vondt. Fjesboka har vore skuffande på mange måtar i Noreg. Det er spesielt skuffande når ein i arabiske land har brukt desse til viktig politisk arbeid for frigjernig. Men vi har endra oss til det betre. Det er godt å lesa korleis plutseleg fjesboka her til lands har endra seg til å bli ein møteplass for flotte intiativ både til sorgarbeid og gode initiativ til fakkeltog. Eg trur at tragedien som har ramma så mange av oss både vil endra sjølvbiletet vårt og evnen vår til å laga ein betre skule. Det skuldar vi alle ofra. Lukke til med det nye skuleåret.