Ros til Mølladammen skole

Ansvarsfulle lærarar ved Mølladammen skule har teke tak i problems i skulen, men dette burde departement og Utdanningsforbundet ha forstått og sørga for ordning for lenge sidan.

Viser til [LENKE] i Utdanning frå Mølladammen skole. Lærar Stenerud uttaler fylgjande:
– Vi lærere har erfaring, vi har kompetanse. På Mølladammen har vi til og med lærere med doktorgrad. Og vi går på kurs og leser fag for å holde oss oppdatert.

Kursing i arbeidstida er for øvrig et tveegget sverd, da må vi bruke vikarer. Selv om vi har en god vikarordning og lærerne gjør grundige forberedelser til vikaren, kommer vi tilbake til elever som forteller oss at de egentlig ikke lærer noe når de har vikar. Av den grunn valgte realistene på Mølladammen skole bort kursingen i "realfagsløftet" til Bærums kommune. Vi ville mistet verdifull undervisningstid med elevene og følte at det ikke var verdt det."

Fråveret i norsk skule er eit problem. Alle gode formål dreg lærarane og skuleleiarane ut av skulen og klasserommet altfor mykje. Igjen er assistentar og vikarar, som skal gjennomføre bl.a. Kunnskapsløftet. Etterutdanning av lærarar må planleggast i halvårs-eller heilårsbolkar, med utlysing av vikariat i perioden. I dag kjem denne etterutdanninga på toppen av vanleg fråvær.

Resultat: Dei som har kompetansen og som skal sørge for at Kunnskapsløftet vert gjennomført, som skal skape ro i klassen og god læring, dei vert tekne ut av undervisninga.

Ansvarsfulle lærarar ved Mølladammen skole har teke tak i problematikken. Men dette burde departement og Utdanningsforbundet ha forstått og sørga for ordning for lenge sidan. Enda viktigare blir det dersom norsk skule framleis skal vere laboratorium for markeringskåte politikarar og pedokratar.