Eg kritiserer ikkje dagens rektorutdanning. Det er ei god utdanning, men mange nok får ikkje ta den. Det er difor berre positivt at kommunesektoren tek eit sjølvstendig ansvar her, skriv Øyvind Glosvik. Ill.foto: Utdanning
Eg kritiserer ikkje dagens rektorutdanning. Det er ei god utdanning, men mange nok får ikkje ta den. Det er difor berre positivt at kommunesektoren tek eit sjølvstendig ansvar her, skriv Øyvind Glosvik. Ill.foto: Utdanning

Kvifor vil ikkje fleire bli rektor?

Eit opptakskriterium til rektorutdanninga er at søkjarane må ha linjeansvar. Dei må vere rektor, nestleiar (inspektør) eller avdelingsleiar. Dette skapar utfordringar.

NRK kunne melde om stadig færre søkarar til ledige rektorstillingar (22.januar). Utdanningsforbundet kommenterte at dette hadde ein sett sidan 2005. Oppslaget kom samstundes som KS lanserte sitt leiarutviklingsprogram «Led skole». Det er positivt at KS set søkelys på skuleleiing. Det er kanskje naudsynt at kommunesektoren tar eit sjølvstendig grep her.

 

 

Det er kanskje heller ikkje utan grunn at nedgangen i talet søkjarar i tid fell saman med dei mange reformene innan skulepolitikken sidan byrjinga av 2000-talet. Det har heller ikkje mangla søkelys på skuleleiing frå styresmaktene si side. Rekrutteringsproblemet er likevel det same. Det kan vere fleire grunnar til det, og eitt spørsmål er om måten vi tenkjer om kvalifisering til rektorstillingar er funksjonell.

Vi kan til dømes rette søkelys på samspelet mellom kommunane, staten og dei høgre utdanningsinstitusjonane om utdanning av leiarar til utdanningssektoren.

 

Blei det for mykje søkelys på «leiing»?

Dei første spirene til ei nasjonal satsing på systematisk utdanning av rektorar kom med Kristin Clemet som statsråd. I 2003 utfordra ho høgskular og universitet til å inkludere skuleleiing i sine tilbod. Mange gjorde det. Satsinga vart likevel noko prega av at «leiingsmiljø» som skulle bli opptekne av «skule», ikkje omvendt.

Alt her kom det eit skille mellom «leiingsutdanning» og «lærarutdanning» som ikkje naudsynlegvis har vore like tenleg. Langt dei fleste rektorane vert rekrutterte mellom lærar, og det kan stillast spørsmål om koplinga mellom leiarutdanning og lærarutdanning er blitt for svak. Når vi no har tatt steget over i ei femårig lærarutdanning, bør vi tenkje gjennom koplinga mellom lærarprofesjonen og leiing av den same profesjonen. 

 

Fleire blir færre?

Fram til 2009 vart det tilbydd skuleleiarutdanningar ved ei rekkje høgskular og universitet. Både betalingsstudium og ordinære studietilbod vart etablert. I 2009 introduserte Udir ein nasjonal rektorskule, der eit avgrensa tal institusjonar fekk som oppdrag å levere ei rektorutdanning. Frå 2015 heiter tilbodet Den nasjonale rektorutdanninga.

Sidan 2009 har det truleg skjedd ei sanering av ordinære tilbod ved dei høgre utdanningsinstitusjonane som hadde oppretta utdanningsleiing som del av sin ordinære studieportefølje. Det kan stå fram som eit paradoks, men skiftet i 2009 kan ha ført til at det i dag er færre studieplassar i utdanningsleiing tilgjengeleg, enn før 2005. Dette er ei utfordring som burde vore tema i styringsdialogen mellom høgskulane og departementet. 

 

Kommunar avslutta sine program?

Ei rekkje kommunar hadde også utvikla sine eigne leiarutviklingsprogram for skuleleiing. Høgskulen i Sogn og Fjordane gjennomførte eit slikt for Bergen kommune. Dette programmet hadde etter mi meining både høg kvalitet og eit sterkt engasjement frå den lokale skuleeigaren. Men etter 2009 avvikla Bergen kommune dette programmet, mellom anna med tilvising til den nasjonale satsinga. Det var ikkje lenger rom for eit kommunalt tilbod. Eller var det det?

Oslo kommune har i mange år hatt sterkt fokus på utdanning av sine eigne skuleleiarar. Spørsmålet er om slike lokale tilpassingar reduserer eller aukar den samla satsinga på utdanningsleiing. 

 

Opptakskriterium som avgrensar? 

Eit opptakskriterium til rektorutdanninga er at søkjarane må ha linjeansvar. Dei må vere rektor, nestleiar (inspektør) eller avdelingsleiar. Dette skapar utfordringar. Ein av dei er at spesielt små skular har ei kort «linje». Kanskje er det berre ein person i den. Har ho teke rektorutdanninga er kommunen avskoren frå å sende fleire frå den skulen, sjølv med behov for nyrekruttering. Nyleg vart eg kontakta av ein skulesjef i ein liten kommune der alle fem formelle leiarar om kort tid skal gå av for aldersgrensa, men ingen andre oppfylte kriteria for opptak til rektorutdanninga. Kva skulle dei gjere for å få nye leiartalent med?

 

Rektorutdanninga «obligatorisk»?

Rektorutdanninga er ikkje obligatorisk, men eit tilbod til nytilsette. Dei som har vore i slike stillingar i mindre enn to år vert prioriterte. Ein kommunalsjef fortalde meg at i hennar kommune vart søkjarar utanfrå – som hadde teke rektorutdanninga – prioriterte til rektorstillingar, heller enn søkjarar frå eigne rekkjer. Ho såg det uheldige i at «ein ikkje kunne bli rektor ved å arbeide her», men kunne ingenting gjere med det. Ho var på grunn av opptakskriterene avskoren frå å sende unge leiartalent til rektorutdanninga.

Spørsmålet er også om oppfatninga av rektorutdanninga som meir eller mindre obligatorisk, avgrensar godt vaksne lærar frå å søkje rektorstillingar. Det kan stå fram som lite freistande å ta ei formell utdanning av denne typen i siste del av karrieren.

 

Ein aktiv stat, passive kommunar og nøgde høgskular? 

Eg kritiserer ikkje dagens rektorutdanning. Det er ei god utdanning, men mange nok får ikkje ta den. Det er difor berre positivt at kommunesektoren tek eit sjølvstendig ansvar her. Noko av rekrutteringsproblema vi ser i dag, kan skuldast at ein for aktiv stat har passivisert kommunane. I høgskulane har vi sitte i ro og vore nøgde med avgrensa oppdraga frå Udir. Dette opplegget skapar ikkje nok leiarar. Det er i seg sjølv ei leiingsutfordring.

  

  • Øyvind Glosvik er dosent ved avdeling for lærarutdanning, kultur og idrett, Høgskulen på Vestlandet

 

Powered by Labrador CMS