Psykisk helse hos elevar på ungdomstrinnet

I undersøkinga vår seier alle ungdomane at dei heilt eller delvis har eit godt liv. Likevel skårar jentene høgt på negative faktorar, og heile 15 prosent av gutane har tankar om å ta sitt eige liv.

  • Jannice Myrmel-Isaksen er barnevernspedagog ved Uteseksjonen i Bergen.
  • Anita Lie Follevåg er førskulelærar i Stongfjorden barnehage
  • Dina Follevåg er adjunkt ved Sande skule

Artikkelen vår byggjer på eit prosjektarbeid gjennomført som del av studiet Tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge (PSBU), Høgskulen i Sogn og Fjordane.  

Innleiing

I prosjektarbeidet ville vi kartleggje kor nøgde ungdomane er med livet sitt og kven dei har som samtalepartnar når det oppstår vanskar eller tunge tankar i kvardagen. 59 elevar på 9. og 10. trinn har difor svart på eit spørjeskjema om eiga oppleving av sjølvkjensle. 

Psykiske vanskar er eit utbredt helseproblem blant ungdom i dag. Tall frå Folkehelseinstituttet viser at blant 15–16-åringar er førekomsten av psykiske vanskar ca. 17 prosent. Det er høgare førekomst av psykiske vanskar blant jentene enn hos gutane (Sosial- og helsedirektoratet, 2007). For å utvikle god psykisk helse er det viktig at ungdom har god sjølvkjensle. Det er blant anna gjennom kontakt med gode vaksne omsorgspersonar at barn utviklar ein god følelse av seg sjølv og utviklar god sjølvkjensle (Øiestad, 2011). 

Ungdomstida

Ungdomsperioden er knytt til utvikling av sjølvbilete, identitet og kvalifikasjonar (Heggen og Øia, 2005) for å møte og meistre framtida som vaksen. Tenåra er ei slags «ny spedbarnstid»: hjernen vert ombygd og spesialisert, og dette gjer at den unge er open for nye erfaringar og ny læring. Tenåra byr på moglegheiter for utvikling og endring. Hjerneforsking viser at tenåringshjernen er nesten like plastisk som spedbarnshjernen, og utvikling og kapasitet for ombygging av hjernen er enorm frå 12–13-årsalderen og langt inn i 20-årsalderen. Dette inneber at man i tenåra er i ein fase der det er mogleg for påfyll og reparasjon av sjølvkjensla (Øiestad, 2011). 

Korleis ein gjer greie for og oppfattar seg sjølv er sosialt fastsett ved dei tilbakemeldingane ein har fått, samanlikningar med andre og sjølvrefleksjonar gjennom oppveksten. Nokon vil gjennom ungdomstida ha ei generelt låg sjølvkjensle, der ein har tendens til å tvile på seg sjølv og tolke dei fleste tilbakemeldingar ein får som negative, medan andre stort sett er fornøgde med seg sjølv heile ungdomstida. Kva verdi ungdom set på seg sjølv, er stort sett avhengig av kva sosiale tilbakemeldingar dei får frå foreldre, venner, jamaldringar og lærarar. Sjølvverdien avspeglar seg i kva verdi andre set på dei. Ungdom som har eit positivt syn på seg sjølv, vil ikkje i like stor grad vere avhengig av kontinuerleg stadfesting eller reagere like lett med låg sjølvkjensle, dersom dei får negative tilbakemeldingar eller mislykkast med noko (Kvalem og Wichstrøm, 2007). 

Psykisk helse

Psykisk helse handlar om evne til å meistre tankar, kjensler, åtferd og kvardagens krav i ulike livsaspekt. Psykisk helse er noko alle har. Ein kan ha positiv psykisk helse, psykiske vanskar eller psykiske lidingar. God psykisk helse handlar om livskvalitet, at ein føler seg vel saman med andre, har positive følelsar om andre og evne til å møte livets utfordringar (Straand, 2011). Psykiske vanskar påverkar i ulik grad daglege funksjonar når det gjelder meistring, trivsel og relasjon til andre menneske, og er oftast normale reaksjonar på ein vanskeleg livssituasjon (Sosial- og helsedirektoratet, 2007). Psykiske lidingar refererer til vanskar av ein slik grad at det kan stillast ein diagnostiserbar psykisk sjukdom.

Psykiske vanskar

Tall frå Folkehelseinstituttet viser at blant 16–17-åringar i Noreg har ca. 17 prosent psykiske vanskar som påverkar deira funksjonsnivå. Undersøkingar viser at utfordringane er større i dei store byane. Tall frå Oslo viser at i same aldersgruppe er førekomsten av psykiske vanskar ca. 24 prosent. Dette vil ikkje seie at ein like stor del ungdom treng psykologisk/psykiatrisk hjelp (Sosial- og helsedirektoratet, 2007). Ungdomstida er ei særleg sårbar tid, der fleire jenter enn gutar rammast. Før puberteten er to av tre barn med markante psykiske plager og normalbrytande framferd gutar. Etter puberteten er to av tre ungdomar med markante plager jenter. Det er då angstlidingar, depresjon og eteforstyrringar som dominerer (Folkehelseinstituttet, 2007). 

Sjølvkjensle og psykisk helse

Psykisk velvære kjenneteiknast av ein kombinasjon av positive kjensler, nøgd med livet og god sosial dugleik. Erfaringar som gjer ein glad og nøgd, minskar førekomsten av negative kjensler og plager (Folkehelseinstituttet, 2007). God sjølvkjensle er å kjenne seg verdig saman med andre, slik at ein tør å ta plass. Alle vil oppleve svingingar i sjølvkjensla i korte eller lengre periodar og i særskilde situasjonar. Til dømes kan det å bli avvist av ein ven eller kjæraste føre til uvisse og negative følelsar om seg sjølv. For dei fleste vil dette vere forbigåande (Kvalem og Wichstrøm, 2007). 

God sjølvkjensle gjer at det blir mogeleg å kjenne på og uttrykke eit breitt spekter av følelsar. (Øiestad, 2011). Dette gjeldt både positive og negative kjensler. Å kunne gje uttrykk for kva menneska rundt seg har å seie for ein, vise at ein er trist, eller gje uttrykk for at ein meiner andre oppfører seg urettferdig, gjer at ein følar seg heil som menneske (Øiestad, 2011). Eit positivt syn på seg sjølv kan fungere som ein buffer mot stressande opplevingar og hendingar i livet, mens låg sjølvkjensle har vist seg å spele ei rolle i utvikling av diverse typar problem i ungdomstida, som til dømes depresjon, eteforstyrringar og åtferdsproblem (Dusek og McIntyre, 2003 i Kvalem og Wichstrøm, 2007). 

Positive faktorar

Alle ungdommane i undersøkinga fortel at dei heilt eller delvis har eit godt liv, og at dei har ein familie som ser dei og bryr seg om dei. Ein ser i undersøkinga at opp mot 100 prosent av begge kjønn torer å seie meininga si til andre og meiner at dei er gode til noko. Med utgangspunkt i korleis Øiestad (2007) definerer sjølvkjensle, og ungdomane sine vurderingar av eigne evner, indikerer det at ungdom i denne undersøkinga er trygg på seg sjølv på dette området. Ser ein dette i samanheng med at alle ungdommane seier at dei har familie som ser dei og bryr seg om dei, kan ein tenkje seg at det å ha nokon som ser dei, og gir dei stadfesting, er med på å styrke trua på seg sjølv. Skule og vener kan også vere viktige stadfestingsfaktorar i ungdomstida. 

Når det gjeld dei positive faktorane elevane har svart på i denne undersøkinga, ser vi at det ikkje er så store skilnader mellom det gutane og jentene svarar. Men det vi ser som er forskjell mellom kjønna, er at gutane er meir fornøgde med eigen kropp, og generelt meir fornøgde med kven dei er og kva dei kan prestere. Til dømes svarar heile 100 prosent av gutane at dei er fornøgde med eigen kropp, medan 78 prosent av jentene svarar det same. Det positive synet gutane har av seg sjølv, kan verke som ein buffer mot ulike stressande opplevingar i livet (Dusek og McIntyre, 2003, i Kvalen og Wichstrøm, 2007). I denne undersøkinga har jentene eit mindre positivt syn på seg sjølv enn gutane, og dei skårar også høgare på dei ulike negative faktorane enn det gutane gjer. 

Negative faktorar

På dei negative faktorar er det uro som får høgast utslag, der heile 70 prosent av jentene svarar at dei heilt eller delvis uroar seg mykje. For gutane er talet 24 prosent. Heile 55 prosent av jentene svarar også at dei ofte er lei seg, mot 12 prosent av gutane. 29 prosent av jentene svarer at dei er redde eller engstelege, medan 12 prosent av gutane svarar det same. 

Gutane skårar generelt sett høgare på dei fysiske plagene enn kva dei gjer på dei psykiske plagene. Det gutane skårar høgast på, er hovudpine, vondt i magen og lite energi, der det er nærare 30 prosent som svarar stadfestande på dette. På same spørsmål svarar over halvparten av jentene stadfestande. Sidan gutane skårar høgast på dei fysiske plagene og lågare på dei psykiske plagene, er det vanskeleg å sjå ein samanheng mellom dette hos dei. Blant jentene kan ein lettare sjå ein samanheng mellom dei fysiske og dei psykiske plagene. 

I underkant av 20 prosent av begge kjønn vil heller vere aleine enn saman med andre, og like mange seier at dei er einsame. Ser man det i samanheng med spørsmålet om det å ha minst ein god ven, ser ein at 82 prosent av gutane og 93 prosent jentene seier at dei heilt eller delvis har minst ein god ven. Det kan derfor sjå ut som at einsemd henger saman med det å mangle ein god ven. For jentene sin del ser ein at nokre av dei har ein god ven, men føler seg likevel einsam. 

Det som er mest tankevekkjande i denne undersøkinga, er at 100 prosent av gutane svarar at dei heilt eller delvis har eit godt liv. Likevel svarar heile 15 prosent av gutane at dei heilt eller delvis har tankar om å ta sitt eige liv, mot 4 prosent av jentene. Dette kan tyde på at sjølv om gutane generelt sett har det godt, er det noko i livet til nokon av dei som verkeleg er vanskeleg. Sjølv om jentene generelt sett scorar høgare på dei fleste negative faktorane, er det til samanlikning færre jenter som har tankar om å ta sitt eige liv. Dette kan tyde på at sjølv om jentene generelt sett har meir negative tankar om seg sjølv, er dei ikkje i så alvorleg grad som det gutane har. 

Det er også tankevekkjande at 29 prosent av jentene og 9 prosent av gutane kjenner at dei ikkje er noko verdt. Om ein samanliknar dette med at dei fleste stadfestar at dei er gode til noko og har verdi for andre, kan dette tyde på at ein del av ungdommane har god sjølvtillit, men samstundes manglar god sjølvkjensle. Det som er positivt er at 100 prosent av gutane og 96 prosent av jentene har heilt eller delvis nokon å snakka fortruleg med, og fleirtalet bruker familie og venner som samtalepartnarar. 

Avsluttande kommentar

Det vi ser i denne undersøkinga, er at både jenter og gutar skårar relativt høgt på dei positive faktorane og har relativt god sjølvtillit. Samstundes ser vi at spesielt jentene skårar så høgt på dei negative faktorane at det kan påverke sjølvkjensla deira. Det kan tolkast som at jentene har lågare sjølvkjensle enn det gutane har. Sjølv om det i undersøkinga har kome fram at dei unge har mange risikofaktorar for å utvikle psykiske vanskar, har dei også gode forsvarsfaktorar. Dette kan virke førebyggjande mot psykiske vanskar. 

Det som likevel er veldig uroande er at gutane skårar høgare enn jentene på tankar om å ta eige liv. 100 prosent av gutane svarar at dei heilt eller delvis har eit godt liv, men likevel har 15 prosent av dei tankar om å ta sitt eige liv. Ein kan difor tenkje seg at det kan vere vanskelegare for omgjevnadene å sjå dei gutane som slit, enn kva det er å sjå jentene.  

Dei fleste av både gutane og jentene har nokon å snakke med når dei har problem eller tunge tankar. Foreldre og venner er dei som ungdommane snakkar mest med. Dette kan sjåast i samanheng med at alle ungdommane svarar positivt på at dei har ein familie som bryr seg og ser dei, og at dei fleste av ungdommane har minst ein god venn. Lærarar kom også fram som viktige samtalepartnarar for nokre av elevane, noko som visar at skulen har ei viktig rolle for å førebyggje, avdekkje og hjelpe ungdommar som har det vanskeleg. 

I arbeidet med materialet har vi undra oss over at ungdommane svarar positivt på at dei har eit godt liv, samstundes som dei uttrykkjer mange negative kjensler. Ungdommane som har svara på denne undersøkinga er mellom 14–16 år. Dette er ei emosjonelt vanskeleg tid for mange, kor ein opplever svingingar i sjølvkjensla i korte eller lengre periode. Til dømes kan kranglar eller avvising av nokon nære føre til negative følelsar om seg sjølv, noko som kan ha innverknad på ungdomane sine tankar. Dette kan kanskje forklare dei motsetningane vi ser i denne undersøkinga? Likevel må vi ta på alvor at ein del av desse ungdommane ikkje har det så godt som dei burde ha det. 

 

Referanser:

Befring, E., Frønes, I. og Sørlie, M. A.: Sårbare Unge. Nye perspektiver og tilnærminger. Oslo: Gyldendal Norske Forlag AS (2010).

Borge, A. I. H. (red.): Resiliens i praksis. Teori og empiri i et norsk perspektiv. Oslo: Gyldendal Akademisk (2007).

Dalland, O.: Metode og oppgaveskriving for studenter. Oslo, Gyldendal akademiske (3 utgåve, 2000). 

Folkehelseinstituttet: 13-15-åringer fra vanlige familier i Norge – hverdagsliv og psykisk helse. Nydalen: Nasjonalt folkehelseinstitutt (2009).

Heggen, K., Øia, T.: Ungdom i endring – meistring og marginalisering. Oslo: Abstrakt forlag (2005). 

Jacobsen, D. I.: Forståelse, beskrivelse og forklaring, Innføring i metode for helse- og sosialfagene. Kristiansand, Høyskoleforlaget (2 utgåve, 2010).

Kvalem & Wickstrøm (red.): Ung i Norge. Oslo:
Cappelen akademiske forlag (2007).

Sosial- og helsedirektoratet: Veileder i psykisk helsearbeid for barn og unge i kommunene. Oslo: Sosial- og helsedirektoratet (2007).

Straand, S.: Samhandling som omsorg. Tverrfaglig psykososialt arbeid med barn og unge. Oslo: Kommuneforlaget (2011). 

www.ung.no/psykiskhelse/2161_Selvtillit_og_selvf%C3%B8lelse.html

Øiestad, G.: Selvfølelsen hos barn og unge. Oslo; Gyldendal Norsk Forlag A/S (2011).