Pedagogisk-psykologisk teneste
Pedagogisk-psykologisk teneste ho slik i dag framstår er eit resultat av ein utviklingsprosess som starta i siste halvdel av 1940-åra.
Med blikk på utviklinga av tenesta i desse om lag 60 åra, er målet å sjå dagens teneste i lys av ny erkjenning og tufta på eit historisk perspektiv. Rådgjevingsarbeidet var ikkje i utgangspunktet eit norsk fenomen. Det har sitt opphav i USA og England. Tidleg på 1900-talet oppretta ein der rådgjevingsklinikkar for barn med emosjonelle vanskar. Desse klinikkane var basert på samarbeid mellom ulike faggrupper som psykiater, psykolog og sosialkurator (sosionom). Dette arbeidet kalla ”child guidance”, har seinare vore brukt som modell for rådgjevingsarbeidet i Noreg. Mellom anna har barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar fram til våre dagar, vorte etablerte etter mønster frå desse ”child guidance”- klinikkane.
Det moderne rådgjevingsarbeidet vart starta ved at det vart etablert to mentalhygieniske poliklinikkar, ein i Oslo og ein i Lier. Desse klinikkane var tufta på ein psykiatrisk orientert tankegang. Dei gav hjelp til skolar som hadde trong for det.
Charlotte Büler starta i slutten av 1930-åra rådgjevingskontor for barn. Men først i 1946 etablerte Aker kommune eit skolepsykologisk kontor, som det vart heitande. To år seinare, i 1948, oppretta Oslo det andre kontoret. Begge desse kontora som seinare vart slått saman til eit, la hovudvekta på ein psykiatrisk-psykologisk orientert modell.
Åse Gruda Skard som hadde studert rådgjevingsarbeidet i USA, var knytt til ein av desse klinikkane. Arbeidet hennar på dette feltet, hadde difor stor påverknad på den vidare utviklinga. (Vormeland, 62)
Forankring i lovverket
I debatten omkring l rådgjevingsarbeidet på slutten av 1940-talet stod to fagorganisasjonar sentralt. Det var Norsk Pedagogikklag og Norsk Psykologforening. Desse to organisasjonane representerte kvar sitt syn på rådgjevingsarbeidet. Det førte til at nokre av dei kontora som voks fram, i hovudsak anten arbeidde etter ei klinisk-psykologisk linje eller etter ei pedagogisk-psykologisk linje Oppgåvene var for det meste å skilje ut elevar til spesialskolane. Dei arbeidsmodellane som vart rådande utover i 50-åra konsentrerte seg primært om individsentrert diagnostiseringsarbeid. Konsekvensen av dette arbeidet var segregering av ulike elevgrupper.(Asheim, 1980)
Da rådgjevingsarbeidet kom i fastare former utover på 50-talet, var dette eit uttrykk for at det var trong for ein instans som konsentrerte seg om dei elevane som falt utanfor skolesystemet. Denne tanken var likevel ikkje ny, men hadde slått gjennom alt i skolelova av 1896. (Vormeland, 62) Som ein konsekvens av Lova om forsømte barn av 1896, vart ein ny institusjon Vergerådet oppretta. Målet var å hjelpa born som av ulike grunnar fekk vanskar i oppveksten (Myhre, 71)
I 1955 endra Stortinget folkeskolelova av 1936. Denne lovendringa markerte ei ny utvikling i rådgjevingstenesta. Mellom anna påla lova stat og kommune plikt til å gje spesial- og hjelpeopplæring Pedagogisk-psykologisk teneste representerte i denne samanheng eit rådgjevingsapparat som var ein føresetnad for å setja i gang slik undervisning. Dette medførte at arbeidsoppgåvene i stor grad dreide seg om å vera ein sorteringsinstans, der elevar som falt utanfor systemet vart ”luke” bort frå normalskolen. (Rinde, 85)
I tidsrommet 1969-76 var det ein forsøksperiode. Den forsøksperioden leia fram til endring i 1976, da av Lov om grunnskolen frå 1969. Pedagogisk-psykologisk teneste var da heimla i eigen paragraf, § 9. I kjølvatnet av dette lovverket etablerte Statens Spesiallærarskole under leiing av professor Edvard Befring profesjonsstudiet i spesialpedagogikk.
Etter epoken med forsøksverksemd har alle kommunar i landet plikt til å etablert kommunal eller interkommunal teneste. Målet har vore å kartleggje trongen for spesialundervisning og rettleiing til skolar og foreldre. I Opplæringslova er i dag er Pedagogisk-psykologisk teneste heimla i §5-6.
”Kvar kommune og kvar fylkeskommune skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Den pedagogisk-psykologiske tenesta i ein kommune kan organiserast i samarbeid med andre kommunar eller fylkeskommunen. Tenesta skal hjelpa skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggja opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Departementet kan gje forskrifter til dei andre oppgåvene til tenesta.” (Opplæringslova 2008)
Logopedtenesta i Oslo i eit historisk perspektiv
På slutten av 1940-talet vart det oppretta ei deltidsstilling for logoped i Oslo. På 60-talet vart det innanfor logopedundervisninga oppretta fleire stillingar der Audny Brandt var fagleg rettleiar. Rundt 1970-talet overtok Anne Lise Berg Hovind funksjonen som fagleg rettleiar for distriktslogopedtenesta. Rektor på kontorskolane var administrativ leiar. På det tidspunktet var det om lag 25 stillingsheimlar for logopedundervisning. Tenesta var i endring og påtroppande fagleg rettleiar var Nils Reidar Ones som etter kvart fekk både eit administrativt og fagleg ansvar. Seinare var det faglege rettleiaransvaret delt med cand.paed. spec. logoped Inger Johanne Josefsen. Desse personane leia Logopedtjenesta fram til samanslåinga i 2002. Blant faglege fyrtårn innan distriktslogopedien, finn ein lektor i logopedi Sonja Dyrdal og Lilly Skaug.
Epoken på 60- og 70 talet var ei blomstringstid for spesialpedagogikken, mellom anna vart Statens Spesiallærarhøgskole oppretta i 1961 (Aschehoug og Gyldendals STORE NORSKE leksikon) Dette var ei blomstringstid for spesialpedagogikken innanfor normalskolesystemet. I perioden 1956-1970 var Øvste leiar innan skolesektoren var Helge Sivertsen, skoledirektør i Oslo og Akershus. Han hadde òg periodar med avbrot da han var kyrkje- og undervisningsminister (Aschehoug og Gyldendals STORE NORSKE leksikon).
Logopedi som fagfelt er ein del av spesialpedagogikken. Logopedien arbeider med problemstillingar knytt til kommunikasjon, språk, språkutvikling, lese og skriveutvikling i relasjon til førskolebarn, grunnskolebarn og elevar i vidaregåande opplæring. Den logopediske profesjonen arbeider innanfor kartleggingsundervisning og oppfølgingsundervisning i relasjon til problemstillingar innan det nemnde fagfeltet. Meir detaljert dreier det seg om talespråkutvikling og taleflytproblematikk som stamming og løpsk tale. I denne prosessen står rettleiing/rådgjeving til foreldre og lærarar/skole sentralt. (Informantar innanfor kollegiet). Etter kvart som det spesialpedagogiske studiet vart utvikla fekk distriktslogopedien fleire med utdanning som lektor i spesialpedagogikk/logopedi. Om lag halvparten tilhøyrde lektorgruppa midt på 90-talet. Diverre medførte den foreslåtte omorganiseringa at mange av logopedgruppa forlèt Oslo-skolen, til fordel for organisasjonar med mindre turbulente omorganiseringsstrategier. (OSLO KONTAKTEN NR. 4.96) Fleire av logopedane har hatt og har ansvar som praksisrettleiarar/øvingslærarar for Universitetet i Oslo
Samanslåing i Oslo
I kjølvatnet av Reform 97 har Oslo kommune vedteke å slå saman pedagogisk-psykologisk teneste og logopedtenesta. Dette vedtaket førte med seg at to fagkulturar skulle fusjonere. Mottoet til leiarane i Pedagogisk-psykologisk teneste var at ”vegen vert til medan ein går”. Slik sett er Pedagogisk-psykologisk teneste i Oslo, på vandring framleis etter 6 år. Noko av vanskane har vore at leiarane i Pedagogisk-Psykologisk teneste (PPT) i hovudsak har bakgrunn som pedagogisk-psykologiske rådgjevarar. Leiarstillingane har vore avansementsstillingar frå eigne rekkjer i organisasjonen. Den fagleg logopediske kompetansen har difor i liten grad vorte ivaretatt i denne omorganiseringsprosessen.
Kvar går vegen vidare?
Fusjonen mellom desse to tenestene har medført ein del strukturelle vanskar. Det er i Pedagogisk-psykologiske teneste opna for både undervisningsstillingar og reine pedagogisk-psykologiske rådgjevarstillingar. Begge gruppene har omtrent identisk utdanning, men det er innanfor undervisningsstillingane at spesialiteten logopedi finst. Begge grupperingar har kartleggingskompetanse og rådgjevings/rettleiingskompetanse hovudsakleg på same nivå.
Diverre har det vore ei oppfatning blant leiarar i PPT og blant enkelte pedagogisk-psykologiske rådgjevarar at undervisningsstillingane skal ha ein slags assistentfunksjon. Da legg ein opp til profesjonskamp. Så langt har pedagogisk-psykologiske rådgjevarar hatt eit slags ”monopol” på sakkunnig arbeid. Enkelte signal tyder på ei slik utvikling vidare. Men dette kan ha svært uheldige konsekvensar for arbeidet rundt helse, miljø og tryggleik (HMT). Det er derfor viktig at likeverdig kompetanse gir likeverdige arbeidsoppgåver. I høve til Lov om Arbeidsmiljø skal alle arbeidstakarar ha meiningsfylte oppgåver i tråd med kompetansen sin.
Det er difor viktig at ein får fram modellar som fremjar likeverdig samarbeid og fagleg utvikling, og da er det i hovudsak to tilnærmingsmåtar.
1. Organisasjonsstrukturen i Pedagogisk-psykologisk teneste i Oslo vert oppretthalden, men med likeverdig samarbeid mellom dei to profesjonsgruppene. I media har i stor grad berre den eine yrkesgruppa, vore i fokus som pedagogisk-psykologisk teneste. Sjølv om undervisningsgruppa er i mindretal, har dei bidrege både med kartlegging og rettleiing overfor pedagogisk-psykologiske rådgjevarar innan feltet lese-skrivevanskar.
2. Undervisningsstillingane vert tatt ut av Pedagogisk-psykologisk teneste og tilbakeført/organisert slik Logopedtenesta var før 2002. Stillingane kan i så fall lokalisert til eigne spesialpedagogiske sentra innan feltet logopedi, med stillingskategori modell som rådgjevarar på ungdomssteget og vidaregåande skole. Da med sjølvstendig administrativ og fagleg leiing. Den faglege rettleiinga er eit sakn fordi leiarane i liten grad har kompetanse innan logopedi.
Artikkelforfattaren er tillitsvald PPT-E, lektor i spesialpedagogikk/logopedi og øvingslærar/praksisrettleiar ved Institutt for spesialpedagogikk, UIO
Referansar
Aschehoug og Gyldendals STORE NORSKE LEKSIKON Oslo 1994
Asheim, Sigvald Pedagogisk-psykologisk tjeneste. Funksjon, arbeidsmåtar, organisering og bemanning. Seminarrapport. Grunnskolerådet 1980
Jusdal, Hilde OSLO KONTAKTEN NR. 4. 96
Myhre, Reidar Den norske skoles utvikling. Fabritius 1971
Rinde, Jan-Magne PEDAGOGISK-PSYKOLOGISK TENESTE I SOGN OG FJORDANEStatens Spesiallærarhøgskole 1985
Vormeland, Oddvar Pedagogisk-psykologisk rådgjeving i skolen Fabritius, 1963