Normalarbeidsdag = kvalitet i skulen?

For å heve kvaliteten i skulen ynskjer KS å endre arbeidstidsavtala til lærarane slik at lærarane får ein større del av arbeidstida si knytt til skulen.

KS meiner det er lite hensiktsmessig at lærarane si ubundne tid, altså den enkelte lærar si tid til førebuing og etterarbeid, kan gjennomførast utanfor ei gitt arbeidstid og ein gitt arbeidsstad.


For nokre år tilbake gjennomførte vi eit forsøk i Eid. Ved å inngå ei lokal arbeidstidsavtale innførte vi normalarbeidsdag på ein av skulane våre. Både lærarane ved skulen og rektor ynskte å prøve ut dette, og heile årsverket til lærarane vart bundne opp til arbeidsstaden. Avtala varte i eitt år. Då var erfaringane så eintydige at det ikkje vart vurdert, verken av rektor eller dei tilsette, å vidareføre avtala.

Kvifor fungerte det ikkje med ein normalarbeidsdag i vår kommune? I prosessen før ein inngikk ei lokal arbeidstidsavtale diskuterte kollegiet fordelar og ulemper med ei fast arbeidstid. Fleire såg det som positivt at ein kunne gå heim til eit gitt tidspunkt og vite at arbeidsdagen var over. Det skulle bli slutt på at ein sat utover kveldane og i helgane med for - og etterarbeid. Men kvardagen vart ikkje slik. Fleire opplevde at dei ikkje vart ferdige med det nødvendige førebuingsarbeidet innafor arbeidstida. Ein av grunnane var dei fysiske arbeidsforholda ved skulen. Lærarane sat på felles arbeidsrom, og det var vanskeleg å få konsentrert seg godt og å få nytta tida effektivt når alle hadde felles kontortid. I tillegg hadde fleire av lærarane behov for ein pause etter avslutta skuledag. Ein aktiv dag i lag med elevar er krevjande, og ein trong å få samla overskot før ein tok til på arbeidet som ligg til den ubundne tida.

Det vart altså eit spørsmål om kvalitet på undervisninga og tilbodet til elevane. Kva gjer du når klokka er der og du likevel ikkje er ferdig med å førebu deg til neste dag? Skal du gå heim og tenkje med godt samvit at dette var det eg rakk i dag, eller må du likevel basere deg på kveldsarbeid ( altså dugnadsarbeid) for å ferdigstille planleggingsarbeidet?

Lærarar og skuleleiarar er opptekne av kvaliteten i skulen. Derfor treng vi ei arbeidstidsavtale som legg til rette for at vi kan utføre eit godt og profesjonelt arbeid til beste for elevane våre.

Vivian Frøynes Melheim,
Lokallagsleiar Utdanningsforbundet Eid