Nei til ny eksamensordning i munnleg
«Forslag til forskriftsendringar – Lokalt gitt munnleg eksamen» er eit skritt tilbake til «gode gamle dagar», for alle dei som lengtar dit.
-
Ingrid B. Håheim er i fagseksjonen i norsk og samfunnsfag ved Firda Vidaregåande Skule
Fagseksjonen i norsk og samfunnsfag ved Firda Vidaregåande Skule på Sandane har drøfta «Forslag til forskriftsendringar – Lokalt gitt munnleg eksamen», som er eit skritt tilbake til «gode gamle dagar», for alle dei som lengtar dit. Vi vil heller gå framover, og har følgjande merknader til forslaget:
Vi vil få peike på tre viktige moment:
- Ein eksamen blir ikkje betre enn dei som gjennomfører han. Eksamen med førebuingstid og påfølgande samtale er avhengig av godt budde sensorar som har grep om faget og er samde om vurderingskriteria
- Ei årsak til at ein no skal få ny ordning, er at dei som kjem frå ressurssterke heimar, ikkje skal få ein fordel over andre. Vi trur denne nye ordninga – som eigentleg er ei tilbakevending til gammal ordning – tvert i mot vil gå ut over svakare elevar! Vi greier heller ikkje å jamne ut klasseforskjellar gjennom eksamensforma!
- Om elevane skal ha førebuingstid og skal svare på ei problemstilling, korleis kan då direktoratet seie « … eksamenstid skal ikkje brukes til å holde en presentasjon som eleven har laget i forkant.»? Dei må på eit vis få vise om dei har greidd å gje eit godt svar på problemstillinga.
Til punkt ein:
Dei skular som har klaga over at eksamen med førebuingstid ikkje fungerer, har nok ikkje vore så gode på å spørje elevane ut etter foredraget. Vi meiner og at det er viktig at BÅDE faglærar og ekstern sensor er med i samtalen, både fordi det blir ein meir naturleg situasjon og fordi faglærar ikkje skal kunne drille elevar i spørsmål på førehand.
Det er ikkje vanskeleg å finne ut om ein elev har innsikt i faget om sensorane sjølv har det og veit kva dei legg vekt på i forståinga av faget. Til punkt to:
Alle elevane kjenner seg tryggare med eksamensform med førebuingstid. Kvifor auke angstnivået?
Til punkt tre:
Om berre eksamensform A blir einerådande, vektlegg han eksaminering av einskildmoment, ikkje refleksjon rundt faget og viktige problemstillingar.
Historie, norsk og samfunnsfag slik vi praktiserer det ved vår skule, har ei eksamensform som legg vekt på refleksjon samt korrekt bruk av og forståing for fagomgrep. Dette trur vi er positivt for elevane også i deira framtidige elev- og studentroller!