Skogbotn ga barnehagebarn betre immunforsvar

Underlaget på leikeplassen endra bakteriefloraen hos barna.

Publisert Sist oppdatert

Det er det finske Naturressursintituttet som melder dette.

Forskarane samanlikna tre- og fireårige by- barn som leikte ut i ein barnehage utan vegetasjon med barn som leikte på leikeplass som etterlikna skogsvegetasjon. Etter ein månad såg dei skilnad i bakteriefloraen til barna. Barna som leikte i etterlikna skogsvegetasjon hadde ein bakterieflora i hud og blod som styrka for immunsystemet. Barnehagane der barna hadde den gunstigaste bakteriefloraen hadde fått humus frå skogen, ferdige grasplenar til å rulle ut og plantekasser med vekster.

– Dette er den første studien i barnehagar der vi kan sjå sjukdomsforebyggande forandringar ved at naturleg biologisk mangfall blir henta inn i eit bymiljø, seier forskar Aki Sinkkonen på heimesida til instituttet.

Forskning.no skreiv først om saka

Powered by Labrador CMS