Mor Smørbukk 90 år

Lærar Muren i Vrådal var på 1930-talet ikkje nøgd med det bildematerialet han hadde til rådvelde i skolestua. Han fekk dottera Solveig til å illustrere ulike forteljingar. Slik vart yrkesvegen hennar som illustratør staka ut.

Solveig Muren Sanden var berre tolv år da ho vart beden om å illustrere ulike forteljingar. Ho kom til å bli illustratør i Norsk Barneblad i fleire tiår, og ho har illustrert 90 barnebøker. På 1960- og 1970-talet var ho den fremste eventyrteiknaren her til lands. Mest kjende er teikningane hennar i Tuss og Troll og i Smørbukk. I ein alder av 90 år er ho framleis i arbeid og har vore med å illustrere Tuss og Troll-heftet som kjem til jul.

På vegen som teiknar og målar, blei det eit høgdepunkt for Muren Sanden å få teikne Smørbukk med lærar og redaktør Johannes Farestveit som tekstforfattar. I 1960 tok ho over etter Jens R. Nilssen som både hadde skapt og utvikla Smørbukk-streken frå 1938. Dermed vart ho andre generasjon Smørbukk-teiknar. Figuren blei meir barnsleg, og gjort til telemarking.

Enkel rekning seier oss at teikneseriefiguren Smørbukk er 70 år i år, og når ein av teiknarane same år fyller 90 år, måtte det bli ei bok, meiner tidlegare redaktør av Norsk Barneblad, forfattar Olav Norheim. Han har nytta høvet til å få utgitt praktboka ”Smørbukk 70 år” som ei jubileumsgåve til Solveig Muren Sanden. I over 20 år gav ho Smørbukk liv gjennom streken sin. Norheim har tatt på seg jobben som medredaktør for boka med dei ni første Smørbukkhefta som Solveig Muren Sanden teikna. Norheim har forfatta teksten som bind saman teikneseriane. Dermed gir boka oss både historia om Smørbukk og om Solveig Muren Sanden, den fyrste kvinnelege teikneserieteiknaren i Noreg. Gjennom eit langt liv har ho fått oppleve korleis synet på teikneseriar har endra seg. Da ho tok fatt på jobben som Smørbukkteiknar vart ikkje det sett på som arbeid for vaksne folk. At ho først etter hundreårsskiftet fekk Kongens sølv og kulturprisen i Kviteseid, fortel kor lang tid det tok før ho fekk offentleg heider for arbeidet sitt.

Utdanning var til stades da ho fekk overrekt jubileumsboka. Ho vart både rørt og overraska. Ho hadde ant at Norheim hadde noe i gjære, men ikkje at det skulle bli eit praktverk av ei bok med og om Smørbukk, figuren som nesten blei som ein son for henne i 22 år.
– Han var ein fantasifull gut som ville prøve alt. Han var ikkje alltid heldig i det han gjorde, men det var ikkje noe vondt i han, seier Muren Sanden som har teikna 6000 teikneserieruter med figuren.
– Eg kjenner meg litt igjen i han. Eg har også hatt lyst til å prøve mye, men det blei med tanken, smiler teiknaren. Ho har framleis sans for Smørbukk som framstår som ein godsleg antihelt. Han har sine lyter, og er litt overvektig. Han er ikkje akkurat noen helt og forbilde.
– Men han var ein gut å bli glad i, seier 90-årsjubilanten om 70-årsjubilanten.