Mange regelbrot i skole og barnehage

I fjor gjorde statsforvaltarane 177 tilsyn i barnehage og skole. Berre i ti av desse tilsyna var alt på stell.

Publisert Sist oppdatert

Målet for de dei 177 tilsyna var kommunen som skole- og barnehageeigar der statsforvaltarane gjennom ulike kjelder hadde fått mistanke om brot på regelverket.

Dei skal setje i verk tilsyn etter ei risikovurdering av kor sannsynleg det er at eit tilsyn vil vise brot på regelverket, og kor store konsekvensar brota i så fall vil ha for barn og unge.

Difor er det god grunn til å tru at andelen brot er høgare i desse tilsyna enn i skolar og barnehagar generelt.

Det er gjort tilsyn etter ulike kapittel i lovverket, og talet på tilsyn etter somme kapittel er lågt.

Viktige problem

Ronny Alver Gursli i avdeling for tilsyn i Utdanningsdirektoratet meiner likevel at resultata ikkje bør bli oppfatta som marginale eller spesielle. Trass i spesielt utgangspunkt og lågt tal for somme tilsyn for delar av regelverket peikar dei på viktige problem i skole og barnehage.

– Håpet vårt er at med å presentere denne rapporten gir vi skolar og barnehagar eit innblikk i kva det er ført tilsyn med, og med det ein sjanse til kontrollere seg sjølv og slik rette opp eigne avvik, seier han.

Barns beste

Eit gjennomgåande trekk frå tilsyna er at barnet sin rett til å bli høyrt må bli tatt betre hand om.

Dessutan må kommunane òg bli flinkare til å ivareta barnas beste når dei gjer vedtak og avgjerder.

Desse to avvika blir særleg peikt på når det gjeld spesialpedagogiske tiltak. Men innanfor spesialundervisning er det òg eit problem at eit vedtak om at barnet skal få spesialundervisning ofte ikkje seier noe om kva hjelpa bør gå ut på. Dette er også eit brot på regelverket. Elevane fekk heller ikkje det timetalet for spesialundervisning som dei etter vedtaket skulle ha.

Les også: Private gymnas må betale 11 millioner til staten

Sjekkar ikkje

Eit anna brot som blir sett fleire stader er at kommunane ikkje iverkset tilsyn, sjølv om dei er blitt gjort merksame på tilhøve som burde vore sjekka opp. Dette gjeld framfor alt at det ikkje blir ført tilsyn med korleis barnehageeigar driv, trass i at kommunen har informasjon om risiko for brot på reglar.

Rapporten slår fast at tilsyna etter kapittel 9a i Opplæringslova, om rett til eit trygt og godt skolemiljø, har avslørt mange brot. Rektorane sikrar ikkje at saka vert undersøkt når det kom melding om at miljøet ikkje var trygt og godt, det var ikkje sikra at alle som vart merksame på at miljøet ikkje var trygt og godt varsla om det, og det vart ikkje sikra at elevane i slike saker fekk uttale seg om innhaldet i aktivitesplanen for å betre tilhøva.

Rektorane sviktar også i oppfølgjinga av retten til forsterka tiltak for elevar i dei fire første klassane som slit med lesinga.

Fire tilsyn gjekk på involvering av elevane si vurdering av sitt eige læringsarbeid. Her avslørte tilsynet brot på reglane i tre tilfelle.

Tilsyn viste òg at rektorar ikkje alltid fulgte opp om elevane fekk tilbakemelding frå lærarane om kva dei meistra, og kva dei kunne gjere for å auke kunnskapen.

Sjå heile rapporten her

Powered by Labrador CMS