Lærar ved Kaupanger skule, Bjarte Breilid, med elevane Joakim Nygård Hagesæter, Pernille Haukås og Maria Lund. Foto: Jørgen Jelstad.

Sogn og Fjordane er fylket som forundrar skuleforskarane

Nynorsk, respekt for læraryrket og jenter som skil seg ut. Har Sogn og Fjordane oppskrifta på ein god skule?

Publisert Sist oppdatert

Elevar frå Sogn og Fjordane er år etter år i Noregs-toppen på nasjonale prøver. Den årlege rangeringa frå Kommunal Rapport viser at 14 av dei 30 beste skulekommunane ligg i Sogn og Fjordane. På topp ti er seks av kommunane frå vestlandsfylket.

Utdanningsnivået i befolkninga er rekna for å vere den viktigaste faktoren for å forklare skuleresultat. Oslo og Akershus ligg heilt på topp i nasjonale prøveresultat, men det kan i all hovudsak forklarast med at dei har ei høgt utdanna befolkning. Sogn og Fjordane har ei lågt utdanna befolkning, men skårar nesten like bra på nasjonale prøver. Ingen andre fylke oppfører seg slik i elevstatistikken som Sogn og Fjordane.

I årevis har forskarane undra seg over dette paradokset.

Nynorsk, kultur og jenter?

Er det på grunn av nynorsken, eller er det kanskje ein særeigen Sogn og Fjordane-kultur? Kan spesielt gode lærarar eller haldningane til foreldra ha noko å seie? Eller er det Sogn og Fjordane-jentene som er noko for seg sjølv?

– Vi elskar enkle svar på kompliserte spørsmål, men dei finst ikkje, seier Göran Söderlund og smiler.

Göran Söderlund.

Forskaren ved Høgskulen i Sogn og Fjordane leiar det omfattande prosjektet «Lærande regionar», der tolv forskargrupper har prøvd å nyste i mysteriet Sogn og Fjordane.

Dei har funne ein del indikasjonar på kva som bidrar til at elevar i Sogn og Fjordane gjer det så godt på skulen. Resultata finn du på sidene 17–19.

– Den kanskje viktigaste effekten av dette prosjektet er å få i gang diskusjonar på skulane om kva det er som skaper framgangsrike skular. Og det har vi alt lukkast med, seier Söderlund.

Som eit lite oppspel til resultata frå dei tolv gruppene drog Utdanning mot vest for å spørje dei det gjeld. Kvifor er de så flinke på skulen?

Lærande regionar

Starta opp hausten 2012 og består av tolv forskingsprosjekt frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, Universitetet i Agder, Universitetet i Tromsø, Høgskolen i Nord-Trøndelag og Høgskolen i Hedmark.

  • Mål: Å greie ut kvifor Sogn og Fjordane er eitt av dei beste skulefylka i landet.

Forsking viser at rundt 75 prosent av skuleresultatet til elevane kan forklarast med sosioøkonomiske forhold som foreldra sin bakgrunn. Då står det att å forklare rundt 25 prosent. Det er desse 25 prosentane forskarane har prøvd å nyste i for å finne ut om det er noko spesielt med Sogn og Fjordane.

Klare forventningar

Innanfor den raude døra på rektorkontoret på Kaupanger skule i Sogndal kommune sit ein smilande Geir Navarsete. Rektoren strekkjer ein arm i vêret for å illustrere resultatframgangen til skulen. På det aller første foreldremøtet i første klasse gir han alltid klar beskjed: Skulen er det aller viktigaste.

– Men foreldra skal også hugse å ta ungane sine med på fisketur og finne på hyggelege ting saman med dei. Det gir eg òg klar beskjed om, seier Navarsete.

Fram til 1970-talet var det rundt 50 skuleelevar på Kaupanger. Sidan vart det lagt ut mange tomter, og elevtalet skaut i vêret til 270 i løpet av få år.

– Det vart eit heftig oppvekstmiljø, og vi fekk kjempeutfordringar. Det la vi ikkje skjul på. Vi erkjende utfordringane og fekk foreldra med på laget for at vi saman skulle byggje ein ny skulekultur, fortel rektoren, som byrja som lærar i 1978. Han har jobba utanfor skulen i periodar, mellom anna som sentersjef på eit kjøpesenter.

Populær skule

Ved Kaupanger skule er det 23 lærarar mellom dei 32 tilsette. Då skulen lyste ut to vikarstillingar, var det 107 søkjarar.

– Det er viktig at lærarkollegiet er sett rett saman. Eg ønskjer meg ein miks av fagkunnskap, kjønn og alder. Vi jobbar kontinuerleg med å utvikle lærarrolla og har med jamne mellomrom refleksjonsøkter i personalet, seier Navarsete.

Dersom det er kompetanse som manglar hos dei tilsette, prisar rektoren Høgskulen i Sogn og Fjordane for etter- og vidareutdanningstilbodet deira.

– Spør vi etter noko, er dei kjapt på bana og tilbyr oss det.

Rektor Geir Navarsete.

Rektor er tydeleg til stades, både blant lærarane og elevane.

– Eg er ute på skulevegen, i skulegarden og overalt. Særleg dei første skuledagane, men også gjennom heile skuleåret. Eg er ein synleg og tydeleg sjef og har forventningar til foreldre og elevar. Det seier eg frå om og blir høyrt, seier Navarsete.

Dronning Sonjas skolepris går årleg til ein skule som utmerkjer seg ved å praktisere likeverd og inkludering, og i 2010 fekk Kaupanger denne prisen.

– Men alt er ikkje rosenraudt her heller. Vi vedgår at det av og til skjer episodar som krev tiltak, og då tek vi tak i det. Eg er ikkje redd for å skrive enkeltvedtak. Vi har gjennom tidene hatt mange vanskelege saker her òg, seier Navarsete.

Evaluering kvar sjette veke

Kaupanger skule er ein 1–10-skule. I eitt av klasseromma er lærar Bjarte Breilid (30) i gang med matematikkundervisninga på 9. trinn.

– Eg har sjølv gått her, og det er stor skilnad på korleis skulen er i dag. Ungdomane no er mykje meir bevisste på at jobben deira er å vere på skulen. Det var eit tøffare miljø då eg gjekk her, seier Breilid, som underviser mest i matematikk og musikk.

Skulen flaggar praktiske fag og samfunnsfag høgt, i tillegg skårar dei høgt på nasjonale prøver over tid. Heile skulen jobbar i periodar på seks veker, så set dei tilsette seg ned og evaluerer.

– Då kan vi gjere om på ressursar og kompetanse. Vi plukkar opp avvik så fort vi ser dei, seier rektor.

Studentane tek over

Snart dreg alle lærarane ved Kaupanger skule på studietur, noko dei gjer kvart fjerde år. Skulen blir då driven av lærarstudentar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studentane er alt på plass på skulen for å hauste kunnskap og leggje ein plan for overtakinga, som skal vare i to veker.

Student Oda Myklebust (21) vil ta over som rektor. Med seg i leiarteamet har ho Nina Brekke (23) som inspektør.

– Vi reknar med at det blir hektisk og arbeidskrevjande, men også moro, seier Brekke, som opphavleg er frå Hordaland.

– Vi har vore ute i praksis før, men dette gir oss ei heilt anna innsikt i korleis ein skule blir driven. I tillegg får vi ansvar på ein heilt annan måte, seier Myklebust, som er frå Volda i Møre og Romsdal, rett over fylkesgrensa.

Nina Brekke (t.v.) og Oda Myklebust.

– Har de tankar om kvifor elevar i Sogn og Fjordane gjer det så bra på skulen?

– Samfunnet her og heime i Volda er svært likt, så eg kan ikkje komme på nokon spesiell grunn til at det skulle vere nokon skilnad, seier Myklebust.

– For meg som er frå Bergen, verkar dette som eit meir ope samfunn med stor stå-på-vilje. Her helsar alle på deg, sjølv om dei ikkje kjenner deg. Det skjer aldri i Bergen. Det at eit så lite samfunn har klart å fostre ein fotballklubb som ligg i det øvre sjiktet i Noreg, vitnar om stor vilje til å ville lukkast, seier Brekke.

Foreldra si rolle

Eitt av funna frå det store forskingsprosjektet på Sogn og Fjordane er at foreldra ser ut til å støtte meir opp om skulegangen til barna sine enn i andre fylke. Tre av foreldra ved Kaupanger skule sette seg ned med Utdanning mellom skyssing og henting av barn frå ulike fritidsaktivitetar.

– Vi er ei dugnadsbygd der alle stiller opp. Rektor er tydeleg på at vi skal setje skulen først, og det gjer vi. Han går føre som eit godt eksempel og er ofte ute i skulegarden saman med elevane. I tillegg er det veldig trygt her. Alle kjenner alle, og dei største elevane helsar på dei minste elevane, seier Elisabeth Ekrene, som har ein førsteklassing på Kaupanger skule.

Foreldra Odd Arne Tveite, Torbjørn Ørnes og Elisabeth Ekrene.

Dei har nokre teoriar om kva det er som gjer skulen deira bra.

– Trivst ein og har vener, så kjem læringa lettare. Enkelte av lærarane på skulen er så dedikerte at dei kjem og ser elevane spele kampar på fritida. Det gjer noko med forholdet mellom elevar og lærarar, dei føler seg verdsette, fortel Odd Arne Tveite, som har barn i 1., 5. og 6. klasse.

Tveite er innflyttar, medan dei to andre er fødde og har vakse opp i kommunen. Leiar for foreldreutvalet ved skulen, Torbjørn Ørnes, hadde sjølv ein far som var lærar.

– Hos oss var skule heilt klart viktig då eg voks opp, men eg trur nok eg stiller enda større krav til barna mine, seier Ørnes, som har to barn på skulen, i 4. og 7. klasse.

– Eg syntest ikkje vi vart «pusha» så mykje då vi gjekk på skulen, eigentleg for lite. Eg trur vi kjem til å følgje opp endå meir enn det foreldra mine gjorde, seier Ekrene.

Anten resultata kjem av kultur eller noko anna, er det éin ting dei tre har felles.

– Eg er stolt av å vere frå Sogn og Fjordane, og det er ei haldning vi vil vidareføre til barna våre, seier Ørnes.

Inga universaloppskrift

Tilbake på kontoret til forskaren Göran Söderlund på Høgskulen i Sogn og Fjordane sit den entusiastiske prosjektleiaren for «Lærande regionar» og peikar og forklarer. Han blar gjennom ein omfattande PowerPoint-presentasjon over alle funna.

– Sogn og Fjordane har skilt seg ut positivt på nasjonale prøver i seks års tid. Det tyder på at dei gjer noko rett. Samtidig finst det inga universal-oppskrift på ein god skule. Alle har ulike føresetnader og må finne sin eigen veg, seier Söderlund.

Dei reiser no rundt til kommunar og fylke og snakkar om funna, og Söderlund vil slå eit slag for ei meir evidensbasert skuleutvikling.

– Det er svært mange meiningar om skule og læring som absolutt ikkje er baserte på forsking. Men dersom noko vert gjenteke mange nok gonger, blir det fort sanning. Dersom vi får i gang forskingsbaserte diskusjonar på skulane, har vi vunne noko, seier Söderlund.

Tolv forskargrupper har prøvd å nyste i mysteriet Sogn og Fjordane.

Her er kva dei fann!

Sogndal by night. Foto: Jørgen Jelstad.

1. ER DET NOKO SPESIELT MED SAMFUNNET SOGN OG FJORDANE?

Sogn og Fjordane er ein «lucky loser»

Prosjekt: Skolen som regionalt prosjekt (Jon P. Knudsen).

Ein analyse av kvifor Sogn og Fjordane har gode skuleresultat og levekår, men samstundes er eit fråflyttingsfylke.

På mål som dødsprosent, levealder, trygding, arbeidsløyse, helse og kriminalitet skårar fylket best i landet. Likevel har det vore stagnasjon i folketalet mot ein auke i andre delar av landet. Fylket rimar ikkje med tankegangen om at utdanning er vegen til vekst og utvikling.

Geograf og forskar bak studien, Jon P. Knudsen, kallar fylket for ein «lucky loser».

– Fylket har gått frå å ha seks prosent av folketalet til å ha to prosent. Dei har tapt kampen om demografien, men dei har vunne kampen om levekår og utdanning, seier Knudsen.

Han meiner fylket er eit eksempel på at ein i større grad bør regionalisere skuleutviklinga.

– Dei har ein skulekultur tufta på bygdefellesskap og lokal utvikling. Det er ein skule som ein ikkje har prøvd å stramme opp utanfrå gjennom målingar, testar og ytre disiplinering. Utdanningssystemet er heller ei forståing av indre naudsyn, og det skaper gode resultat, seier Knudsen.

At andre fylke berre skal kopiere Sogn og Fjordane, trur han blir for enkelt.

– Kvar enkelt region må finne ut kva slags kultur og sjølvbilete han ønskjer å lyfte, og så kan skulen vere ein god reiskap til å artikulere dette, seier Knudsen.

Bygging av tillit gir resultat

Prosjekt: Eit lærande fylke? (Øyvind Glosvik).

Dosent Øyvind Glosvik ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har samanlikna utdanningssystemet i Sogn og Fjordane med tre andre fylke.

Han har intervjua 24 sentrale personar i dei ulike fylka.

– Dei som er intervjua i Sogn og Fjordane, er ikkje fyrst og fremst opptekne av om samarbeidet deira fører til gode skuleresultat, dei er opptekne av å lage gode skular. Dersom du er glad i fotball, er det lite gevinst i å telje sigrar og mål, du må ha glede av spelet, seier Glosvik.

I 1997 utvikla dei i Sogn og Fjordane det som seinare vart heitande Forum for skule- og barnehageutvikling. Det er eit diskusjonsforum for sentrale personar på tvers av kommunegrenser. Forumet gjer ingen vedtak, men medlemmene diskuterer seg fram til ei felles semje om utdanningspolitiske retningar før diskusjonen når kommunenivået.

– I Sogn og Fjordane har dei starta tidlegare og jobba hardare og meir integrert med profesjonell utvikling enn i dei andre fylka, seier Glosvik.

– Av informantane i Sogn og Fjordane har dei fleste vore involverte i Forum for skule- og barnehageutvikling på eit eller anna vis – vil ikkje det farge synet deira på kor viktig det har vore?

– Jau, men det er vanskeleg å undersøkje relasjonar mellom partar utan å spørje partane, seier Glosvik.

Han peikar på tre punkt Sogn og Fjordane har fått til:

  • etablert eit ansvarssystem for utdanning der alle er med i diskusjonane.
  • ei tydeleg mobilisering og ansvarleggjering av kommunane.
  • eit system for omfattande etter- og vidareutdanning.

– Er det verkeleg så dårleg stelt med desse tinga i andre fylke?

– Nei, dei andre fylka er heilt normale. Det er Sogn og Fjordane som er unormalt. Det ein kan lære av dei, er korleis dei har bygt tillit mellom samfunnsaktørar, både på individ- og organisasjonsnivå, seier Glosvik.

Fleire vil bli lærar i Sogn og Fjordane

Prosjekt: Læraren som bygdehøvding (Gunnar Yttri).

I perioden 1900 til 1950 var Sogn og Fjordane i særklasse det fylket i Noreg der størst del av befolkninga ville bli lærar. Det same mønsteret ser vi også i dag.

– I perioden 1900 til 1950 rekrutterte Sogn og Fjordane mest tre gonger så mange utdanna lærarar som folketalet skulle tilseie, seier historikar og forskar Gunnar Yttri.

Fire fylke er samanlikna: Nord-Trøndelag, Oppland, Aust-Agder og Sogn og Fjordane.

– Sogn og Fjordane er suverent på topp i lærarrekruttering i perioden 1900 til 1950. I den same perioden blir den norske lærarstanden forma. Frå rundt 1880 til 1950 kjem det fleire skulelover, vi får eit demokratisk gjennombrot, ei modernisert lærarutdanning veks fram, og lærarane får landsdekkjande organisasjonar. Omgrepet «Vestlandslæraren» stammar også frå den perioden eg har sett på, seier Yttri.

Han trur at den sterke statusen læraryrket har i Sogn og Fjordane, må sjåast i ein kulturhistorisk samanheng.

– Utdanning og skule har vore viktig i den folkelege kulturen i Sogn og Fjordane svært lenge. Både haugianarane og målrørsla sto tidleg sterkt i fylket. Begge la vekt på skule som viktig. Det var òg svært mange skuleetableringar dei siste tiåra av 1800-talet, som alle var lokalt initierte, seier Yttri.

Han viser til at lærarane i større grad var føregangsfigurar på bygdene enn i byane. Yttri meiner dette kan ha hatt positiv og varig betyding for innbyggjarane sine haldningar til skule og lærarar.

– Rune Slagstad skriv på eit overordna nivå om historiske elitar som har brukt kunnskap og arbeid til å forme det norske samfunnet, og han kallar dei for nasjonale strategar. I studien min kallar eg lærarane bygdehøvdingar, seier Yttri.

Vilde Birkeland Meisterplass og Lemone Løland er elevar ved Kaupanger skule. Foto: Jørgen Jelstad.

2. HER FINN FORSKARANE SKILNADER MELLOM FYLKA

Nynorskkommunar presterer betre enn bokmålskommunar

Prosjekt: Nynorske tospråksfordelar (Øystein Vangsnes, Göran Söderlund).

Forskarane har undersøkt nasjonale prøve-resultat i lesing, norsk og engelsk i 416 av 429 kommunar.

– Då ser vi at nynorskkommunar presterer betre enn bokmålskommunar, seier forskar Göran Söderlund.

Etter å ha korrigert for sosioøkonomiske forhold fann dei ein samanheng mellom nynorsk og betre resultat, men det treng ikkje bety at det er ein årsakssamanheng. Ei rekkje faktorar som dei ikkje har kontrollert for, kan vere med å drive effekten. Utrekningane til forskarane viste at nynorsk kunne forklare om lag fem prosent av variasjonen i resultata.

– Men her vil mange variablar spele saman, og det er veldig vanskeleg å setje prosentar på slike forklaringar. Når det er sagt, er fem prosent nokså mykje, seier Söderlund.

Jentene skil seg ut

Prosjekt: Mestringsforventninger og regionale forskjeller (Karin Sørlie, Ingrid Syse, Göran Söderlund).

Jentene i Sogn og Fjordane har høgare meistringsforventningar enn jentene i dei andre fylka.

Forskarane spurde 761 elevar fordelte på 31 skuleklassar i fire fylke.

– Dette måler ikkje sjølvtillit, men meistringsforventning. Tidlegare studiar viser at det er ein samanheng mellom korleis ein trur ein vil gjere det på prøven, og korleis ein faktisk gjer det, seier forskar Göran Söderlund.

I studien forklarte meistringsforventningane hos elevane rundt femti prosent av resultata på den nasjonale prøven i rekning. Dette var tilnærma likt i alle dei fire fylka. Elevane i Sogn og Fjordane hadde noko høgare meistringsforventningar samanlikna med to av dei andre fylka, men skilnaden var ikkje veldig stor.

Men det endra seg då forskarane delte opp etter kjønn. I slike undersøkingar har alltid gutane høgare meistringsforventningar enn jentene, så også i denne studien. Det var heller ingen forventningsskilnader mellom gutane i fylka.

– Det som driv dei høgare meistringsforventningane i Sogn og Fjordane, er jentene. Dei har høgare meistringsforventningar enn jentene i dei andre fylka, seier Söderlund.

Denne effekten var heilt tydeleg i studien.

– Det er berre ein tusendels sjanse for at dette funnet er feil, så vi meiner det ligg noko her. Kvifor jentene har større meistringsforventningar i Sogn og Fjordane, veit vi ikkje, seier Söderlund.

Foreldra er meir støttande

Prosjekt: Læringsmiljøets betydning (Thomas Nordahl, Hege Knudsmoen).

Ei spørjeundersøking viser at foreldra i Sogn og Fjordane støttar og oppmuntrar skulegangen til barna på ein litt betre måte enn i dei andre fylka.

Forskarane har gjennomført ei spørjeundersøking på 38 skular i tre fylke. 1730 elevar og 1083 foreldre har svart på undersøkinga (svarprosent 93 og 58).

– Vi finn enkelte skilnader, og alle fordelane er i favør av Sogn og Fjordane, seier Thomas Nordahl, forskar ved Høgskulen i Hedmark.

Det er særleg blant foreldra dei finn skilnader.

– Foreldre i Sogn og Fjordane uttrykkjer at dei støttar og oppmuntrar skulegangen til barna på ein litt betre måte enn i dei andre fylka. Samtidig ser vi at elevane i Sogn og Fjordane uttrykkjer at dei får litt meir støtte og hjelp til lekser heime samanlikna med andre fylke, seier Nordahl.

Han trur funna kan forklare noko av dei positive skuleresultata i fylket.

– Dette er heilt i samsvar med internasjonal forsking som viser at foreldra har innverknad på læringsutbytet til barna. Det har ikkje med utdanningsnivået til foreldra å gjere, men korleis dei opptrer som støttande medspelarar i skulegangen til barna sine. Det handlar om kva innstilling og haldning foreldra har til skulen, seier Nordahl.

Han understrekar at skilnadene dei finn, er små, men signifikante. Utvalet i undersøkinga kunne ifølgje Nordahl med fordel vore litt større, men forskarane har kontrollert for ei rekkje bakgrunnsvariablar.

– Andre fylke kan lære av Sogn og Fjordane gjennom å satse meir på foreldra. Vi har vore defensive når det kjem til foreldra si involvering i skulegangen til eigne barn. Særleg når vi veit kor mykje foreldra har å seie for skuleresultata, seier Nordahl.

Leon Tveito er elev ved Kaupanger skule. Foto: Jørgen Jelstad.

3. HER FINN FORSKARANE INGEN SKILNADER

Kompetansen til lærarane påverkar resultata

Prosjekt: Lærarkompetanse og skuleresultat (Terje Myklebust, Anne Norstein).

Utdanningsnivået til læraren har noko å seie, men lærarane i Sogn og Fjordane er ikkje betre utdanna enn i andre fylke.

Forskarane har sett på eksamenskarakterar for 10. trinn i fire fylke og kopla desse mot utdanningsnivået til elevane sine lærarar.

– Vi finn ein samanheng mellom utdanningsnivået til læraren og elevresultata, men vi finn ikkje at lærarane i Sogn og Fjordane er betre utdanna enn i andre fylke. Kompetansen til lærarane har innverknad på resultata, men det er ikkje dette som forklarer kvifor elevane i Sogn og Fjordane gjer det betre enn elevane i dei andre fylka, seier forskarane Anne Norstein og Terje Myklebust.

Dei fann heller ikkje at erfaringa til lærarane hadde noko å seie for resultata, men dei peikar på at det kan ha samanheng med manglar i datasettet.

– Effekten av etter- og vidareutdanning for lærarane ser ut til å vere relativt sterk. Kanskje er det også slik at dei første 30 studiepoenga har mest å seie, seier Norstein.

Positiv effekt av målstyring

Prosjekt: Styringssystemer og skoleprestasjoner (Liv Bente H. Friestad).

Studien viser ein positiv samanheng mellom resultat på nasjonale prøver og gode prosedyrar for evaluering av resultata, men forklarer ikkje kvifor Sogn og Fjordane er betre enn andre fylke.

Førsteamanuensis ved Universitet i Agder, Liv Bente Hannevik Friestad, har sett på samanhengen mellom ulike styringssystem i skulen og resultata til elevane. I studien ser ho på korleis kommunane bruker resultata frå nasjonale prøver. 143 kommunar har svart på ei spørjeundersøking som vart send til alle norske kommunar.

– Kommunar som har talfesta mål for nasjonale prøver, hadde høgare resultat i gjennomsnitt for lesing og rekning for femte trinn. I dei kommunane der tilsette frå kommunen diskuterte resultata med den enkelte skulen eller fleire skular saman, såg vi at det var betre resultat i lesing og rekning på niande trinn, seier Friestad.

Dei regionale skilnadene var ikkje målbare og gav ingen utslag for Sogn og Fjordane.

Premiering verkar negativt

Prosjekt: Skolen som forandringsinstitusjon – foreldrenes rolle (Helge Hernes).

At foreldra oppmuntrar til å oppnå betre skule-resultat, ser ut til å verke positivt, medan premiering av gode resultat ser ut til å ha negativ effekt på skuleprestasjonane til elevane.

Helge Hernes er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder og har undersøkt kva rolle foreldra har for korleis skulen lukkast med å utvikle kunnskap, dugleik og haldningar hos elevane. Datagrunnlaget er svar frå 981 foreldre med barn i skulen frå 1. til 10. klasse, av desse er det 81 prosent kvinner.

– At kvinnedelen er så høg, kan seie noko om kven av foreldra som bidrar i heim-skule-samarbeidet, seier Hernes.

Skuleprestasjonane til elevane blir positivt påverka av foreldre som ser ut til å vere meir støttande og oppmuntrande enn kritiske og utfordrande overfor skulen. Undersøkinga finn likevel ingen skilnader mellom Sogn og Fjordane og resten av landet.

Elevar ved Kaupanger skule: Selma Løkkebø Vedvik, Synnøve Teigen Jensen, Lemone Løland, Kaja Hauståker, Malin Settevik Midtgård. Foto: Jørgen Jelstad.

CASESTUDIAR MED SPØRSMÅL TIL VIDARE FORSKING

Lokalt fellesskap kan verke positivt

Prosjekt: Skoleekstern kultur og skoleresultater (Kirsten J. Horrigmo).

Felles opplevingar i bygda kan ha noko å seie for gode skuleresultat.

Forskar Kirsten Johansen Horrigmo har intervjua 32 elevar og fire lærarar ved tre skular i to kommunar. Kommunane i undersøkinga har lågt utdanningsnivå og er bygdekommunar. Den eine har gode skuleresultat, den andre gjer det ikkje så bra.

– Bygdestrukturen i dei to kommunane ser ut til å vere litt ulik. I den eine er bygdene i kommunen meir lukka, medan det er meir openheit i den andre. I den kommunen der dei gjer det dårlegast, er det færre felles opplevingar utanom skuletid. Det kan bidra til at dei må bruke tid i klasserommet på å etablere ei felles sosial forståing, framfor at dette skjer utanfor skulen sine rammer, seier Horrigmo.

Ho understrekar at funna berre er eigna til å utvikle hypotesar for vidare forsking.

– Det ser ut som kvalitetar ved lokalt fellesskap kan ha ganske mykje å seie, og det bør undersøkjast nærare, seier Horrigmo.

Dialogbasert undervisning fungerer

Prosjekt: Klasseromskommunikasjon (Ilmi Willbergh, Jorunn Midtsundstad,Turid Skarre Aasebø).

Det kan verke positivt at elevar får delta med eigne erfaringar og opplevingar i undervisninga.

Forskarane har gjennomført ein studie på fire ungdomsskular i to fylke. To lærarar frå kvar skule har vore med. Forskarane har intervjua lærarane og observert undervisninga.

«Den skolen med sterkest innslag av meiningsfull undervisningskommunikasjon i studien, er skolen med prestasjoner høyere enn forventet på nasjonale prøver i utvalget fra Sogn og Fjordane», skriv forskarane i ein undervegsrapport. Ifølgje studien er meiningsfull undervisningskommunikasjon når elevane får delta med eigne erfaringar og opplevingar knytte til faginnhaldet.

– Der det er ein dialogbasert undervisningskommunikasjon, er skulekulturen prega av tillit og gjensidig påverknad mellom lærarane og elevane, lærarane imellom og elevane imellom, seier forskar ved Universitetet i Agder, Ilmi Willbergh.

Willbergh seier at dette er ein liten studie, som først og fremst kan bidra med nye spørsmål for vidare forsking.

Gode skular puggar ikkje til prøvene

Prosjekt: Praksis på skoler med gode resultater på nasjonale prøver (Kitt Lyngsnes).

Sju skular i fire fylke vart granska for å sjå kvifor dei gjorde det så bra på nasjonale prøver over tid. Eitt av funna var at dei ikkje pugga til prøvene.

Om lag 120 personar er intervjua, både lærarar, elevar og skuleleiarar. Det er gjort observasjonar i om lag 25 klasserom. Ved alle skulane var gjennomgangstonen at dei nasjonale prøvene ikkje hadde særleg å seie.

– Det gjaldt på alle nivå, og både lærarar og skuleleiarar. Men også elevane stadfesta dette. Skulane ser på resultata og bruker dei inn i planlegginga si, men dei fokuserer ikkje på dei. Eitt kjenneteikn ved praksisen ved desse skulane er klare mål der elevane si læring står i fokus, fortel dosent Kitt Lyngsnes ved Høgskulen i Nord-Trøndelag

At nasjonale prøver tok så liten plass, overraska forskaren.

– Her såg vi skular der det ikkje var ei «vente og sjå»-haldning, dei var på med ein gong dersom elevar trong det, til dømes med intensive leseøkter. Samarbeid, analyse og refleksjon over opplæringa var viktig. Det var heller ingen av dei som kasta seg på nye pedagogiske motebølgjer.

Lyngsnes fann ingen særskilde skilnader fylka imellom.

– Kommunar er for dårlege til å lære av kvarandre

Forskar Thomas Nordahl trur den kollektive satsinga på skule over lang tid i Sogn og Fjordane har vore eit viktig bidrag til resultata.

– Alle instansar, som fylkesmannen, høgskulen, organisasjonar og kommunane, har involvert seg, og kommunane i fylket lærer av kvarandre. Skuleforskinga viser at den kollektive skulekulturen er viktig, og her trur eg Sogn og Fjordane har vore ganske gode, seier Nordahl, som sjølv står bak eitt av dei tolv prosjekta.

– Er det slik at om alle kopierer Sogn og Fjordane, får vi ein bra skule?

– Det fryktar eg i alle fall ikkje vil skje. Vi er dårlege til å lære av kvarandre i Noreg. Eg fryktar i større grad at andre vil seie at Sogn og Fjordane er så spesielt at ein ikkje kan lære noko av dei. Eg er forundra over kor lite villige kommunar og skular er til å lære av kvarandre trass i at vi ser så store variasjonar mellom kommunane i læringsutbytet til elevane, seier Nordahl.

– Dei gjer noko rett

– Den kanskje viktigaste effekten av dette prosjektet er å få i gang diskusjonar på skulane om kva det er som skaper framgangsrike skular. Og det har vi alt lukkast med, seier Göran Söderlund.

Prosjektleiaren for «Lærande regionar» seier at Sogn og Fjordane har skilt seg ut positivt på nasjonale prøver i seks års tid.

– Det tyder på at dei gjer noko rett. Samtidig finst det inga universaloppskrift på ein god skule. Alle har ulike føresetnader og må finne sin eigen veg, seier han.

Dei reiser no rundt til kommunar og fylke og snakkar om funna, og Söderlund vil slå eit slag for ei meir evidensbasert skuleutvikling.

– Det er svært mange meiningar om skule og læring som absolutt ikkje er baserte på forsking. Men dersom noko vert gjenteke mange nok gonger, blir det fort sanning. Dersom vi får i gang forskingsbaserte diskusjonar på skulane, har vi vunne noko, seier Söderlund.

Powered by Labrador CMS