Mads Gilbert-portrettet i Utdanning 12/2012
Reidar Furelid kjenner til at medlemmer i Utdanningsforbundet ønskjer utmelding etter dette portrettet. Eg har eit anna fokus.
-
Ingebjørg Kesseboom er pensjonert lærar
Les innlegget frå Reidar Furelid her
Dei siste åra har eg tråla dette landet frå nord til sør, frå aust til vest, og besøkt Gaza 2 gonger. Dette saman med lesnad av 3–4 hyllemeter litteratur om folket, landet, konfliktane har gitt meg ei rimeleg oversikt til å forstå dette landet og folket. I tillegg har eg sponsa mine barn turar hit, og på min 10. tur i haust reiser eg med 3 barnebarn.
I ein israelsk by er det nå bygd eit underjordisk sjukehus i mange etasjar med plass til 2000 bilar. Ved neste krig som kjem snart, håper eg vår utanriksminister balanserer tilbodet med legehjelp. og sponsar dei same millionar til Israel.