Mads Gilbert-portrett i Utdanning nr. 12/2012
Det er beklageleg at den idealistiske lækjar og professor i medisin, Mads Gilbert,- vert portrettert av Utdanning.
Reidar Furelid er adjunkt m/3 fag. m.a. historie.
Hans politiske ståstad gjer han diverre svært einøygd i den mykje innfløkte konflikta i Midtausten. Han har ein posisjon fagleg som avgjort er med på å gjer han til ein guru i konflikta mellom "palestinarane" og israelarane. Frå hans ståstad vert Israel skurk og "palestinarane" offer under umenneskeleg brutalitet.
- Når Utdanning portretterer han, - kan eg ikkje finna at det er gjort freistnad på å nyansera eller få inn noko om kvifor Gazakrigen,- han sende SMS verda rundt om,- var som den var.
- Konflikta Israel stendig må forholda seg til,- er truleg for svært mange mykje vanskeleg å forstå. Men mangt har ei forklaring her i verda og det har dette og. Det krev faktisk ganske grundige og omfattande kunnskapar i historie for å få ein glimt inn i det heile. Glimt som kan gje bakgrunn og langt på veg skjøn i høve til det som hender. Kunnskapsløyse, og ofte diverre likesæle i høve den, - gjer at den store mengden sluker rått einsidige bodskapar, - som Gilbert sine SMS-ar og mange intervju frå hans side. Der er det grufulle skildra: Punktum. Og bodskapen er klår: Israel er den store skurken utan kjensler drep dei sivile i hopetal. Ikkje noko om KVIFOR!
- Midtaustenkonflikta er så innfløkt at einsidige bodskapar alltid vert feil. Det er trist at Utdanning på mange måtar ved dette portrettet gjev tilslutning til dette.
- Eg kjenner til av det er medlemmer i Utdanningsforbundet som etter det portrettet ønskjer utmelding. Eg vert nok ståande som medlem, - men ønskjer sei frå om det også fagleg sett er feil vinkling av ei vanskeleg sak.