Lønnssystemet må sikrast
Lønnsrammer, lønnssteger, ulike plasseringsalternativ og særavtalar må ikkje forsvinne som resultat av overføringsvedtaket, meiner innsendarane av innlegget.
No står kampen om lønnssystemet for lærarane. Utdanningsforbundet Sandnes meiner på det sterkaste at opparbeidde rettar må ivaretakast. På landsmøtet i november i fjor vart det vedteke at Utdanningsforbundet vil arbeide for eit lønns- og forhandlingssystem som sikrar ei klar hovudvekt på sentral lønnsdanning.
Vi vil også motarbeide lokale lønnstillegg etter personvurdering, og vi vil sikre at lønn skal vere betaling for arbeid, utan innslag av belønningssystem. I tillegg er det svært viktig at lønn vert basert på utdanning, kompetanse og ansvar.
I forhandlingane med KS er det eit sentralt krav at lærarane får behalde lønnssystemet frå staten med lønnsrammer, lønnssteger, plassering i ulike alternativ, og så vidare. Desse elementa sikrar mykje av det Utdanningsforbundet kjempar for, og vi kan ikkje akseptere at noko av dette forsvinn som resultat av overføringsvedtaket.
Vi krev også at særavtalene vert videreførte, slik at mellom anna sikringsbestemmingar og kriterielønnssystem vert behalde.
På kommunal sektor er lønnssystemet allereie endra, og kommunalt tilsette har eit system som legg klart til rette for lokale forhandlingar og individuelle tillegg. Der er lite fastsett sentralt.
Utdanningsforbundet Sandnes meiner klart at dette systemet har vore ei forverring for tilsette i barnehagar og andre kommunale stillingar. Desse gruppene sakkar stadig akterut i lønnskampen, og dei må få tilbake rettane som sikrar lønn etter utdanning, kompetanse og ansvar.