Løn ved tilsetjing

Det som er fastsett om løn i utlysningsteksten er utgangspunktet for forhandlingar om løn ved tilsetjing.

Tillitsvalde må passe på at det som står om løn i utlysinga gjev rom for forhandlingar. Den enkelte søkjar må førebu seg på å forhandle. Lokale tillegg fylgjer ikkje automatisk med i ei ny stilling.

Generelt

Tariffavtalane er ulike med omsyn til stillingsstruktur, løns- og forhandlingssystem. Staten og Oslo kommune har eit såkalla normallønssystem. KS-sektoren og dei fleste andre områda har minsteløn. Det er, same kva for tariffavtale ein er omfatta av, slik at den som vert tilsett kan forhandle løn ved tilsetjing – innafor rammene i tariffavtalen og det stillinga er lyst ut med. Løn ved tilsetjing er såleis eit viktig lønspolitisk arbeid for tillitsvalde og for medlemmer som skal inn i ny jobb.

 

Organisasjonens og dei tillitsvaldes arbeid

Dei rettane tillitsvalde har til medverknad i prosessen med utlysing og tilsetjing i ledige stillingar, er forskjellige i dei ulike tariffområda. I hovudtariffavtalen i staten pkt. 2.3.8 Tilsetting i ledig stilling, er det uttrykt klårt at dei tillitsvalde kan krevje å få drøfte løna som stillinga skal lysast ut med. I KS-området er dette teke vare på i hovudavtalen § 3-2 Tillitsvalgtes rettigheter og plikter. I Oslo kommune er tillitsvalde sine rettar til drøfting av lønsfastsetjing tekne med i særskilte bestemmingar i hovudavtalen for undervisningspersonalet. I andre tariffområde er ikkje desse rettane like klårt definerte.

Same kva for reglar som gjeld, bør partane lokalt bli einige om korleis medverknad skal praktiserast når det er ledige stillingar. Vi meiner at tillitsvalde bør vere med og drøfte behovet for nye stillingar, kva for oppgåver som vert lagt til stillingane, kva for utdanning og kompetanse som er naudsynt, eventuelt ønskjeleg, og kva for løn ledige stillingar skal lysast ut med.

Det er viktig å passe på at løna som stillinga vert utlyst med, ikkje er minsteløn eller ein fast sum eller lønsramme/lønstrinn. Det må vere forhandlingsrom for den som skal tilsetjast. I utlysningsteksten kan ein kan gjerne nytte "løn i samsvar med tariffavtalen". Då er ikkje utlysinga snevra inn, og vedkomande som søkjer stillinga, har reelt høve til å forhandle løn innafor rammene i hovudtariffavtalen - ut frå krav som er sette til stillinga og eigen kompetanse. Utan ei slik open utlysing, vil prinsippet om at den best kvalifiserte skal tilsetjast, ikkje vera mogeleg å gjennomføre.

 

Lønskrav ved tilsetjing – søkjarens situasjon

Innafor det offentlege er det meste kva gjeld arbeidsvilkår nedfelt i dei respektive tariffavtalene. Men når det gjeld løn, viser tariffavtalane berre det ei stilling minimum kan avlønast i, eller ramma/spennet som stillinga kan lønast innafor. Det er den einskilde søkjar som forhandlar løn ved tilsetjing. Dersom arbeidstakar ønskjer bistand frå tillitsvalde, kan det avtalast.

Før du som søkjar skal snakke med arbeidsgjevar om løn, må du orientera deg om kva som er fastsett i tariffavtalen, dvs. kva er lågast mogleg innplassering for den aktuelle stillinga/kva er lønsramma/lønsspennet for den aktuelle stillinga? Du må sjå nøye etter kva som står om løn i utlysningsteksten. Om det berre er vist til tariffavtalen, kan du forhandle innafor den lønsramma/lønsspennet som gjeld for stillingen (stat og Oslo). I KS er det i prinsippet inga øvre grense for løn. Om det er gjort avgrensingar i utlysinga, kan du forhandle innafor dei oppgjevne grensene.

Ta kontakt med Utdanningsforbundet sin tillitsvalde for å ta greie på kva lønsnivået i verksemda generelt er (og eventuelt for naboverksemder), og for den aktuelle stillinga spesielt. Er det lokale funksjonsgodtgjeringar? Er det lokale særavtalar? Er det gjeve tillegg for utdanning/kompetanse ut over det som blir kravd for stillinga? Er det andre former for lokale tillegg som du bør vite om? Om det er tale om stilling som pedagogisk leiar, må du orientere deg om kva tillegg som gjeld den stillinga.

Vurder løna du har i noverande stilling og kva du kan forventa. Du må gjera deg opp ei meining om løna bør vera på same nivå eller høgare i den nye stillinga. Kva har du av lokale tillegg som du vil ha med deg vidare? Korleis vurderer du eigen marknadsverdi? Kor viktig er det for arbeidsgjevar at nettopp du vert tilsett? Hugs at det ikkje er automatikk i at du får med deg lokale tillegg når du går over i ny stilling.

Det viktig å be om utvida søkjarliste, slik at du kan vurdere lønskrav sett i samband med andre søkjarar og deira kvalifikasjonar.

Kravet om lønsplassering ut over det som lokalt og sentralt er fastsett som minimum, kan i prinsippet fremjast på tre forskjellige måtar:

  1. Du kan takke ja til stillinga, men fremje eit lønskrav samstundes.
  2. Du kan takke ja til stillinga under føresetnad av ei nærare definert
  3. lønsplassering.

  4. Du kan forsøkje å få lønskravet vurdert før du svarar på om du tek i mot stillinga.

Val av strategi er blant anna avhengig av:

  • Om det er andre kvalifiserte søkjarar til stillinga
  • Kor sikker du er på at arbeidsgjevar helst ønskjer deg til stillinga
  • Kor interessert du er i å få stillinga
  • Kor viktig det er for deg å få høg løn

Om du vel å takke ja, men fremjar samstundes lønskrav

, er i praksis det sterkaste forhandlingskortet borte – arbeidsgjevar treng ikkje frykte for ikkje å få tilsett deg. Men arbeidsgjevar er som oftast ikkje berre interessert i å tilsetje, men også halde på deg. Derfor kan det vera mogeleg å få gjennomslag for kravet (eller deler av kravet) likevel.

Om du vel å takke ja til stillinga under føresetnad av at du skal ha ei bestemt årslønn,

kan du risikere at stillinga går til neste på innstillingslista. Du har i praksis sagt nei til stillinga, om arbeidsgjevar ikkje innfrir ditt lønskrav. Enkelte arbeidsgjevarar blir dessutan provoserte av denne måten å presse fram høgare løn på. Strategien bør difor nyttast med varsemd. Kravet bør helst kome fram i ein dialog med arbeidsgjevar.

 

 

 

 

 

Får du arbeidsgjevar til å vurdere lønskravet før svarfristen går ut,

slepp du å gje frå deg viktige forhandlingskort, samstundes som du slepp å svare ja til stillinga før du veit kva løn du får. Dette er difor den beste måten å gjøre det, men då må arbeidsgjevar ha vilje til å vurdere kravet fort, eller utsette fristen for å seie ja eller nei til stillinga.

I staten er det fastsett i tariffavtalen at arbeidsgjevar kan vurdere arbeidstakaren si lønsplassering inntil 12 månader etter tilsetjing og ved overgang frå mellombels til fast tilsetjing. Ved tilsetjing i andre verksemder bør du som nytilsett be om å få inn liknande formulering i arbeidsavtalen.

Hugs at løn skal nedfellast i ein skrifteleg arbeidsavtale som skal underskrivast av båe arbeidstakar og arbeidsgjevar.