– Vi treng ulike syn og drøftingar for å få fram best mogleg kunnskap og praksis i kvardagen, skriv barnevernpedagog Anne Hilde Lystad. Illustrasjon: Kari Stai

Treng vi eigentleg ein bås for høgsensitive barn?

Vi skal ikkje vente med å snakke om dei høgsensitive.

For ca. eitt år sidan skreiv eg kronikken «Ti råd for å gi høgsensitive barn ein betre kvardag». Denne vart mykje delt på sosiale medium og vart den tredje mest leste saka på Utdanningsnytt.no i 2016. Eg har fått mange tilbakemeldingar, og det har gleda meg å høyre at folk har opplevd teksta nyttig! Nokre har referert til kronikken i eigne tekstar og vore skeptiske. Det er heilt greitt. Vi treng ulike syn og drøftingar for å få fram best mogleg kunnskap og praksis i kvardagen.

Noko av motstanden enkelte fagfolk/fagmiljø har til temaet å vere høgsensitiv (HS), undrar meg. Kva handlar han eigentleg om? I mykje av det eg har lest, sett og høyrt av kritiske ytringar, handlar det ikkje om kor vidt det stemmer at nokon er fødd med eit meir sensitivt system for å ta imot og bearbeide inntrykk enn andre. Menneske er fødd ulike, med ulike evner og ulike karaktertrekk – nokon er meir sensitive enn andre. Som mange påpeikar, er dei høgsensitive innanfor det såkalla normalspekteret, om enn i den sensitive enden av det. Mange meiner det difor ikkje er behov for å fokusere på HS.

 

Ein kan på ein måte dele teorien om det å vere høgsensitiv inn i tre:

a)     korleis sanseapparatet og hjernen tek inn og behandlar inntrykk

b)     kva tankar, emosjonar og reaksjonar ein får av desse inntrykka

c)     korleis det å ha det slik kan påverke veremåte og åtferd hos den høgsensitive

 

Det siste punktet (c) er nok lettast å forske på, fordi dette er mogleg å observere og kartleggje. Det ein kjenner sjølv av reaksjonar og kjensler (b), kan ein svare på i undersøkingar. Mykje av forskinga på HS er difor gjort på desse to punkta. Korleis dette derimot ser ut inni hjernen, og korleis det påverkar stresshormon og liknande, er ikkje like lett tilgjengeleg informasjon. Her treng ein avansert teknologi for å gjere undersøkingar, og det kostar mykje pengar.

 

 

Somme har påstått at det ser ut til å vere store kommersielle interesser i temaet HS. Det undrar meg. Eg trur eit av dei største problema med å forske på HS er at det er svært få kommersielle interesser i dette. Hadde dette vore ein sjukdom ein kunne selje medisin for, eller ei diagnose ein kunne selje behandling for, hadde det truleg vore forska for millionar av kroner, dollar og euro. Slik er det ikkje. Det har vore gjort tekniske undersøkingar med positive funn på at «det høgsensitive systemet» fungerer annleis. Eg trur det trengst meir av denne typen forsking for å overtyde kritikarane. At mange er kritiske, er ikkje overraskande når det gjelder dette temaet. Kva er sann kunnskap? Kva kan vi stole på? Det er meininga at forskarar, fagfolk og forfattarar skal vere ueinige, og såleis få kvarandre til å gjere stadig betre arbeid. Det som er sant i dag, er i beste fall nettopp sant i dag. Det er ingen som sikkert kan seie kva vi veit om dette temaet om ti år.

 

Mange stiller spørsmål om dette er kunnskap vi treng. Blir ikkje dette omtrent som ei diagnose? Treng vi fleire båsar å putte menneske i? Eller som ei skreiv: «Kommer det virkelig disse barna til gode (hvem de nå enn er) om de fra barnehagealder i pedagogisk praksis blir behandlet som spesielle, nærmest som om det er noe galt med dem?» Denne skepsisen er i utgangspunktet sunn. Eg er glad fagfolk ber oss vere varsame med å putte folk i bås. Vi er inne i ei tid der vi vert oppfordra til å fokusere mindre på diagnosar og bli meir opptekne av korleis menneske har det, kva dei har opplevd og kva dei treng for å få det betre. Eg støttar dette! Kvifor vil eg likevel at vi skal få fram kunnskap om å vere høgsensitiv? Fordi HS nettopp ikkje er ei diagnose. Det viktigaste er ikkje å sortere folk etter kva handlingsmønster eller personlegdom dei har. Derimot er det svært viktig å ha forståing for, og respekt for, at menneske er fødd ulike og både opplever verda ulikt og har ulike behov i kvardagen!

 

Barn har svært liten valfridom i kvardagen sin. Dei må stort sett delta i det opplegget vaksne avgjer uansett korleis dei sjølve er og kva behov dei har. Slik må det kanskje vere, men det gjev born svært ulike utviklingsmoglegheiter når dei er fødde ulike og ikkje eigentleg passar inn i ein lik mal. Om det var slik at kvart individ i barnehage og skule vart sett og møtt på sine einskilde behov i kvardagen, så trong vi kanskje ikkje «båsar» i det heile. Diverre er det enno ikkje slik. Mange høgsensitive kjenner seg annleis. Dei opplever at dei ikkje «toler like mykje», at dei har kraftigare reaksjonar på inntrykk enn andre, og dette fører ofte til frustrasjonar. Ved å få høyre om at menneske er fødde med ulik grad av sensitivitet, med ulike system for å bearbeide inntrykk, vert det lettare å akseptere det ein elles kan kjenne på som eigne svakheiter.

 

Det er mykje som tyder på at ein del barn vert fødd meir sensitive enn andre. Kvifor skal dei ikkje få eit språk for det, slik at dei kan anerkjenne seg sjølve og sine eigne behov? Eg trur at det å vere fødd i den sensitive enden av normalspekteret, ikkje få lære om HS, og ikkje bli varetatt etter dei behova ein då har, kan føre til sjukdom. Det er ikkje det same som at HS er ein sjukdom. Det kan vere ein risikofaktor/ sårbarheit om ein ikkje forholder seg til det og blir møtt på dei behova ein har. Det treng ikkje å vere det! Om vi kan lære oss å verdsette det å vere høgsensitiv, gi desse borna kunnskap og eit anerkjennande språk for det, og leggje til rette for gode kvardagar, er HS ein styrke.

 

Eg har eit stort engasjement for dette temaet. Eg vart nyleg skulda for å skrive om dette for å tene pengar. Stort lenger frå sanninga er det vanskeleg å kome. Eg veit kor viktig det var for meg å få denne forklaringa på meg sjølv. Eg har sett andre barn og vaksne oppleve det same. Eg unner høgsensitive barn og ungdom å få lære dette og trur at det utgjer ein forskjell for sjølvbildet til den enkelte. Difor er dette verd å kjempe for!

 

Det betyr ikkje at eg trur vi er i mål med å finne dei gode forklaringane på HS, eller at vi har gode nok svar på korleis vi bør nytte denne kunnskapen. Eg skulle gjerne sett at vi kunne forholde oss til at menneske er ulike og har ulike behov, gi språk for dette og imøtekome ulike behov utan å lage båsar. Eg trur berre ikkje det er mogleg. Kanskje er det å fokusere på HS ein omveg å gå for å få større og betre kunnskap om korleis vi menneske er og kva vi treng for å ha det bra. Eg trur likevel den omvegen må til.

 

Då kan vi ikkje følgje oppfordringa til dei av kritikarane som ønsker at vi verken snakkar eller skriv om HS før forskinga har kome lenger. Det er berre ved å snakke, skrive og engasjere oss for desse barna at vi kan få meir kunnskap, meir forsking og dermed betre praksis.

 

Så takk for at de les, takk for at de engasjerer dykk! Fortsett gjerne å vere kritiske, men vi må tørre å snakke med barna om at vi er ulike – og at det er heilt greitt!

 

 

Powered by Labrador CMS