Slik engasjerer Sogn og Fjordane lokallaga i landsmøtesaker

Korleis skal ein engasjere lokallaga i landsmøtesaker? Og korleis når meiningane heilt til topps? I Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane har dei gjort grep.

Klokka er 16. Lufta er tung i konferanserom 13 på Sunnfjord Hotell i Førde. Det er klart for siste sak på dagsordenen: «Organisasjon i utvikling». Det kunne ha vore ei sak frå møteinnkallinga til alle organisasjonar alle stader, til alle tider – ei sak sist på dagsorden der deltakarane pliktskuldigast held ut, i trygg forvissing om at det snart er middag.

Fylkesråd

  • Fylkesrådet i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane vart oppretta etter vedtak på fylkesårsmøtet i 2012.
  • Rådet er eit rådgjevande organ for fylkesstyret og vil handsame både lønspolitiske og utdanningspolitiske saker.
  • Rådet er sett saman av følgjande tillitsvalde: 26 lokallagsleiarar, 13 fylkesstyremedlemmer (inkl. 3 møtande varamedlemmer) og 15 fritt valde representantar.

Slik er det ikkje her. Før møteleiar Sindre Roska har bede om det, har fire teikna seg på talarlista. Og dei skal ikkje bli dei einaste.

 

Lærdom frå streiken

Det er ikkje sjølvsagt at landsmøtesaker skapar engasjement heilt ned på grasrota i Utdanningsforbundet. Det vil seie: Dei skapar kanskje engasjement, men det er ikkje sikkert at meiningane når heilt til topps. Dette er utfordringar som fylkesrådet i Sogn og Fjordane er skapt for å takle, fortel fylkesleiar Steinar Strømsli.

– Ei av dei viktigaste utfordringane i ein så stor organisasjon er å sikre det vi kallar god vertikal kommunikasjon – at lokalnivået når fram til leiinga, og at desse veit kva som rører seg på grasrotplan. Og vi veit at Utdanningsforbundet har fått kritikk for ikkje å leggje nok vekt på dette. Eit kjend eksempel såg vi jo under streiken i 2014, då det raskt vart klart at medlemmene hadde eit heilt anna syn på arbeidstidsavtalen enn det leiinga trudde.

Fylkesrådet i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane møtest to gongar i året, og det er sett saman av 15 fritt valde medlemmer frå klubbane i fylket, samt dei 26 lokallagsleiarane. Fylkesstyret møter også, men dei er her berre for å spille opp til debatt, og sidan sette seg ned og lytte.

Strømsli seier at rådet har blitt eit svært viktig organ.

– Ei av mine viktigaste oppgåver er å sikre at lokallaga blir høyrde, seier han.

Hilde Brotangen Helleland, Henning Haugen, Ingebjørg Voll og Jan Morten Loftesnes. 

 

Henning Haugen (i blått) er i sin første periode i fylkesrådet i Sogn og Fjordane. Her diskuterer han med Hilde Brotangen Helleland, Ingebjørg Voll og Jan Morten Loftesnes. Foto: Bjørn Vatne

 

– Brikker fell på plass

Fylkesrådet er også med på å skape engasjement og debatt rundt saker som kan vere vanskelege å ta stilling til i eit lite lokallag. Dei som sit her, kjem frå skular og barnehagar i heile fylket. Somme leiar eit lokallag og er røynde møtedeltakarar. Andre er på førstereis, som Henning Haugen frå Haugen barnehage i Eid. Han er ein av dei fritt valde i rådet og er inne i sin første periode som tillitsvald. 

– Tidlegare syntest eg det har vore nokså tungt å sette seg inn i landsmøtesakene. Men etter å ha delteke på gruppearbeid og høyrt på diskusjonane her, er det mange brikker som fell på plass. Det er mykje lettare å engasjere seg no, seier Haugen.

 

Støtte til fylkesleddet

Det rådet handsamar desse to oktoberdagane, er landsmøteinnkallinga for 2015. Eitt av punkta er altså framtidig organisering av Utdanningsforbundet. Håvard Fagerli frå Selje er den første som tek ordet.

– Moglegheitene for betre kommunikasjon er ein av grunnane til at eg melde meg til dette fylkesrådet. Eg opplever at det er vanskeleg å vekke dei einskilde medlemmene i lokallaget når vi skal diskutere landsmøtesaker. Treng vi meir opplæring i kommunikasjon? undrar han.

Fleire av dei som går på talarstolen, er uroa av formuleringar i landsmøtesaka som kan tyde på at fylkesleddet sin posisjon er truga. Eitt av argumenta er at fylkeslaget gir eit lågterskeltilbod i staden for å måtte streve med å få tak i nokon i Oslo. Fylkesleiaren er glad for støtta.

– Det varmar å høyre at medlemmene set pris på den støtta vi gir i det daglege arbeidet. Eg skal ikkje uttale meg om posisjonen til fylkesleddet, men det som er sikkert, er at sentralleddet kunne bruke kompetansen og kontaktnettet vårt mykje flittigare. Der trur eg det ligg eit kjempepotensial for organisasjonsutvikling, seier han etter debatten.

 

Oppglødd etikkdebatt

Dagen etter er spørsmålet om eit profesjonsetisk råd første sak på lista. Og her kjem ei lita overrasking for fylkesleiaren: Dei aller fleste syner seg å vere imot etableringa av eit slikt råd. Den etiske diskusjonen må skje kvar dag, ute på arbeidsplassane og i lokallaga, er det mange som meiner. Debatten vert likevel relativt oppglødd. På eit tidspunkt må møteleiar Sindre Roska berre sette strek for talarlista.

Lokallagsleiar Steinar Øydvin frå Sogndal er den som går lengst i å slakte ideen frå talarstolen:

– Eg er redd dette ville bli eit supperåd. Skal ein tenkje i retning av å danne eit slikt råd, burde ein i det minste få med seg dei andre organisasjonane som driv med utdanning. Det er ingen grunn til å opprette et nytt organ, om vi ikkje kan vareta yrkesetikken med dei organa vi allereie har, seier han.

Ei rådgjevande avstemming syner at fire er for, og 30 medlem er imot. Fem stemmer blankt.

 

Lærte noko nytt

– Den saka vart eit godt eksempel på kvifor fylkesrådet er viktig organ. Motstanden på grasrota var mykje større enn eg hadde oppfatta på førehand, og det er ei tilbakemelding vår delegasjon kjem til å ta med oss til landsmøtet, seier Strømsli, som likevel poengterte at alt dei lærer i fylkesrådet berre er rådgjevande.

Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane var eitt av fylkeslaga som ikkje konkluderte i spørsmålet om profesjonsetisk råd på årsmøtet i mai.

Å drive eit fylkesråd krev litt administrasjon, men det er definitivt verdt innsatsen, seier han.

– Vi har sjølvsagt god kontakt med lokalleddet gjennom heile året, men det er ikkje sikkert vi alltid veit nøyaktig kva som rører seg. Det har vi sett her i dag. Og fleire tusen medlemmer kunne hatt eit direkte talerøyr opp til landsmøtet om alle nitten fylke gjorde som oss og danna eit slikt råd, seier Øydvin.

Powered by Labrador CMS