Når ein elev blir eit menneske

Derfor når eg høyrer politikarar, og også forskarar, fortelje oss at det ikkje spelar noko rolle kor mange elevar ein underviser så lenge det er pedagogisk forsvarleg, så skjønar eg at vi framleis ikkje er på same klode.

Ein fotballtrenar sa; -eg trenar ikkje fotballspelarar, eg trenar menneske.

Og ein rikspolitikar sa; «for oss blir elevar tal og statistikk, det må du ta innover dykk». 

Eg derimot, som er i dagleg møte med desse elevane må, som fotballtrenaren, sjå på dei som menneske, menneske med namn.

Derfor når eg høyrer politikarar, og også forskarar, fortelje oss at det ikkje spelar noko rolle kor mange elevar ein underviser så lenge det er pedagogisk forsvarleg, så skjønar eg at vi framleis ikkje er på same klode.  Det blir til og med sagt at det er det same kor mange som lyttar berre læraren har budd seg godt nok. I teorien er dette riktig. Eg har sjølv halde foredrag til fleire hundre studentar på ein høgskule, der alle sat i eit amfisystem utan namn og utan synlege problem.  Nokre satt på internett, andre las avisa, nokon småprata saman, mange kom og gjekk….og eg snakka om mitt. I slik setting har politikaren, og også forskaren rett, talet på studentar var uinteressant. Men i pausen tok fleire av studentane kontakt med meg, i grunnen overraskande mange, då vart det brått menneske som stod der, menneske med namn og historie. Då vart læraren igjen, læraren med omsorg.

Ingen tør liksom ta grundig tak i dette og å være ærlege om at menneske krev samspel, også i ein digital kvardag. Dei politiske partia diskuterer klassestorleik, tal ut frå ei generalisering der alle er lik. Lova om klassestorleik seier pr. i dag at klassen ikkje skal verre større enn kva som er pedagogisk forsvarleg.  Dersom det er berre det «pedagogisk forsvarlege» som tel, så kan vel eit auditorium fyllast og det pedagogiske opplegget gjennomførast. Det andre kravet i opplæringslova er «tryggleiks-messig forsvarleg», det går vel på brann og rømmings-vegar ? Eg har freista å få nokon til å konkretisere desse to momenta (pedagogisk og tryggleiks-messig), men eg har ikkje funne nokon som er villig til det.  KS som arbeidsgjevar har ikkje  gjeve meg noko konkret svar på kva dei legg i pedagogisk forsvarleg, Fylkesmannen som lovtolkar held seg passiv, -det er lova som gjeld. Det er heller ikkje definert i lovteksten kven som skal vurdere kva som er pedagogisk forsvarleg. Ingen veit heller om dette er juss eller profesjon.

Elevar er sårbare sidan dei enno ikkje er ferdig utvikla, dei er born, dei er ungdommar, dei skal gjennom pubertet, inn i livet.. Dei treng foreldre, leiarar i frivillig arbeid og oss lærarar, slik fotballtrenaren så fint uttrykte det, som ser mennesket.

Vi tek menneskelege omsyn i skulen i dag fordi vi må det og vil det, -det er heilt umogeleg å vere lærar utan å gjere det.  Når vi då seier at ein klassestorleik må ha ein standard, så bør alle lytte til det og gå inn for å endre dagens lovtekst. Vi  får aldri berre elevar som sit roleg på ein stol og har det godt med seg sjølv utan ei einaste krevjande historie i ryggsekken.

Eg vonar de som no kjem på Stortinget kan sjå på gjeldande ordlyd i opplæringslova og vurdere den på nytt, få med noko om medmenneskeleg forsvarleg. Og gjerne også kven som skal vurdere den forsvarlege delen.

Det nulltoleranse for mobbing i skulen, Fylkesmannen lagar innlegg i avisa om kva vi som lærarar og skule har plikt til, det er eit stort ansvar lagt på oss. Statsministeren reiser til Lillehammer og møter ungdom i kamp mot alt for høg sjølvmordsfrekvens, ho seier blant anna  at skulen må enda sterkare inn, og at  lærarane må kommunisere meir og betre med elevane. Psykiske lidingar blant ungdom er eit alvorleg problem.

Vi skal gjere alt dette så godt vi kan, men lytt då også når vi varsamt bed om norm for klassestorleik. Mobbing og psykiatri kan lettare oppdagast i mindre grupper, samspelet med elevane seg imellom og med oss er avhengig av kor mange vi handsamar. Pr. i dag går opplæringslova som sagt på pedagogisk forsvarleg undervisning, der er noko som manglar i denne teksten. Og nesten  ingen parti har flagga klassestorleik som viktig tema så langt i valkampen.  Mange parti har skule på agendaen, men utan å vere konkret, berre at dei satsar på skulen.

Etter mitt syn er det viktigare enn å tilsette fleire og fleire mobbe-ombud, psykiatriske sjukepleiarar osv, å styrke klasserommet.  Dei som er i dagleg kontakt med elevane løyser mobbe-konfliktar og bygger robust ungdom best.

 

Den klassedynamikken menneskeleg og fagleg du får det eine året, gje resultata  ein oppnår med maksimal innsats fagleg og mentalt. Å berre arbeide for høgare gjennomsnitt på NP er ein farleg veg å gå. Og å sette opp imot kvarandre, pedagogisk og menneskelege verdiar  i ein klasse, har berre eit mogeleg utfall,  -det menneskelege må vinne.

Lykke til i ny regjering, og ver så snill å ta opp att paragraf 8.2 i opplæringslova i arbeid med ny skulepolitikk der menneskelege verdiar står høgare enn god landsgjennomsnitt på nasjonale prøver.  169 politikarar dannar eit nytt Storting, alle representantane der har også ei historie i ryggsekken. Eg vonar Stortingspresidenten ser alle 169 som menneske og tek seg tid til alle, passer på at alle er på plass i Stortingssalen i tide, inndreg mobilar ved uvettig bruk, avdekker spel-avhengigheit, kontaktar dei som er sjuke, lyttar til dei som har noko å fortelje, hindrar mobbing, slår ned på bannskap, trøstar dei som gret… Kanskje 169 er for høgt tal i landets Storting, eg har av og til lurt på om det er politisk forsvarleg.

§ 8.2 i Opplæringslova; Pedagogisk og tryggleiks-messig forsvarleg….legg på eit ord til; menneskeleg, dei er menneske. Og få også med i lova kven som definerer pedagogisk forsvarleg.

Kvar einskild elev må få  kjensle av at dei er menneske, -det fins ikkje vanskelege born, men mange born som har det vanskeleg..

 

Powered by Labrador CMS