Lærarmangelen; løn, kompetanse og tillit
Gje høgare løn, betre unndervisningskompetanse, større armslag og tillit til lærarane, og samfunnet får nettopp den skulen alle høyrest ut å vilja ha; "verdens beste skule", for elevane.
Om løna: Fagforeiningane og lærarane fokuserer for lite på løn. Grunnen er at valet om å bli lærar er eit val om eit større engasjement enn det å ha ein jobb frå åtte til fire med stemplingsur.
Med ei betydeleg høgare løn vil ein få ei betre og større rekrutering til utdanninga på naturleg vis. Deretter vil utdanna lærarar då i mindre grad gå over til andre yrke med, ja nettopp, høgare løn.
Om kompetanse: Ein master kan absolutt vera interessant både for studenten og samfunnet, men bør ikkje vera eit krav. Derimot bør relevant undervisningskompetanse vera eit krav. Skulen har alltid reflektert samfunnet rundt. Samfunnet er i dag komplekst og krevjande, ikkje minst for born og unge.
Då er ikkje ein master svaret, heller kunnskap om fag og emne som forsterkar og utvidar den pedagogiske utdanninga. Sosiologi, ulike barnekulturar, familiekunnskap(Kunnskap om ulike familiestrukturar og familiesystem), meir om lærevanskar, omsorgssvikt og mobbing. Alt dette må ein lærar uansett forhalda seg til, i tillegg til undervisninga i skulefaga.
Om tillit: Læraren er først og fremst pedagog, ein spesialist på sitt område; undervisning. For at desse spesialistane skal lyttast til og respekterast, må først og fremst politikarane og andre "samfunnsvitarar" slutta å synsa om læraren i sitt bilete. Den gongen dei sjølve gjekk på skulen for 20-50 år sidan. Dersom statsministrar og utdanningsministrar verkelg meiner at samfunnsoppgåva til læraren har 1. prioritet i landet, må det synast i handling.
Staten bør, og kan lett øyremerka midlar til kvar einskild elev i alle kommunar. Då har ein eit godt og likt skuletilbod til alle elevar i utgangspunktet. Det har og kosta enorme menneskelege og økonomiske ressursar å la kommunane ved KS ha forhandlingsansvaret for lærarane. Stopp dette tullet umiddelbart. Tillit må visast på alle ansvarlege nivå. KS derimot, har vist at dei har eit totalt forkvakla og kunnskapslaust syn på lærarane.
Gje høgare løn, betre unndervisningskompetanse, større armslag og tillit til lærarane, og samfunnet får nettopp den skulen alle høyrest ut å vilja ha; "verdens beste skule", for elevane.