Kristin Clemet øydela skulen?

Er det ikkje i realiteten høgrebølgja som har øydelagt skulen?

Publisert Sist oppdatert

Vi har vore gjennom ei eksperimentering med lærarutdanninga. Det begynte med at ein underkjende fagkunnskap som ein viktig føresetnad for å bli lærar. På lærarskulane vart det ikkje lenger så nøye med kva for faglege kvalifikasjonar ein lærar hadde, og studentane begynte å velje bort tunge fag som norsk, matematikk og naturfag. For nokre år tilbake måtte ein gjere retrett og krevje meir fag, og ein gjev no for første gong i historia gratis fagleg etterutdanning til ei rekkje lærarar, til store kostnader, for å bøte på den katastrofen denne neglisjeringa av fagkunnskap har vore. Og eg er ikkje overtydd om at den påbegynte nye lærarutdanninga vil løyse problemet.

Vi har vore gjennom ei eksperimentering med avlønning av lærarane. Somme ukloke hovud trudde ein enkelt kunne premiere seg fram til ein god skule. Avløninga skulle skje lokalt, og dei beste lærarane skulle premierast. Også ein god del karrierebevisste og sjølvgode lærarar har falle for denne tanken. Men når ein lokalt skulle begynne å finne kriterium på kva som var ein god lærar, gjekk det i stå, og ein oppdaga at her brukte ein mykje tid og pengar på noko som ikkje gav resultat. Kristin Clemet overkøyrde all motstand på dette feltet og fekk Arbeidarpartiet med seg i kuppet med å overføre lærarane til Kommunenes Sentralforbund, KS. Og dei tok med takk imot, for kommuneadministrasjonane vil gjerne ha lokal avløning. Dette kan vise seg på sikt å vere ein enda større tabbe enn å gje fagutdanninga på båten. For ein lønnspolitikk overfor lærarane på ein skule eller i ein kommune, som går ut på å gje somme meir løn ann andre ut frå uklare kriterium, kan berre gje eit resultat: Dårleg samarbeid mellom lærarane og minst muleg innsats frå dei som kjenner seg handsama som mindreverdige. Kanskje vi snart kan oppsummere: Kristin Clemet øydela skulen! Det vil skje dersom KS ikkje maktar å endre politikken sin og legg om til å gje det meste av lønsauken som kollektive tillegg! Lærarane i landet må bli handsama som likeverdige menneske!

Vi er inne i ei administrativ eksperimentering med skulane og lærarane. Eksperimenta blir utførte både av Staten gjennom Utdanningsdirektoratet, og av KS og kommuneadministrasjonane. Bak dette ligg ein tankegang om at vi kan (over)styre oss fram til ein god skule. Vi må sørgje for at lærarane dansar etter vår pipe! Rektorane og anna personale i leiinga av skulane har no i lang tid vore utkommandert til skulering i korleis dei skal drive skulen og lærarane. KS og Utdanningsdirektoratet prøver å styre lærarane i ”rett lei” gjennom å pålegge dei
stadig meir rapportering og fastlåste mønster for korleis dei skal arbeide med elevane. Det siste grelle eksemplet er pålegga om ikkje å bruke + og – i karaktergjevinga, og at Astrid Søgnen og folk frå Utdanningsdirektoratet reiser rundt og ber folk om å gå til åtak på lærarane. Og på grunnplanet har vi blitt utkommandert på ei rekkje kurs som vi ikkje har noko eller berre minimal utbytte av. Dette vil føre til same resultat som den håplause avløningsstrategien.

Vi lærarar veit at vi ikkje strekk til. Vi ser ei mengd uløyste problem kvar dag i arbeidet vårt. Men det er ikkje av vond vilje at vi ikkje strekk til. Det er fordi oppgåva eigentleg er uendeleg. Ein kan alltid gjere noko meir for den einskilde eleven. Ein kan alltid gjere noko meir for å få til ei betre undervisning. Vi veit og mykje om kva som må til for å nå lenger. Men vi får ikkje hjelp lenger. Og ingen av dei som kunne hjelpe oss (les KS, Utdanningsdirektoratet, Staten og kommuneadministrasjonane), høyrer på oss.

Powered by Labrador CMS