Komma er inga tvangstrøye

Fatalt telegram frå dommaren til retten: "Heng han, ikkje vent på meg." Dette er vel det mest kjende eksemplet på at feilplassert komma kan få skumle følgjer, om det så berre blir sett framføre eit ord i staden for etter.

Overfor det aukande kommaslurvet er det sjølvsagt mest fromt å innta den haldning at plaga er send oss av høgare makter for å øva oss i tålmod. Men eg uttaler meg ikkje på vegner av dei fromme.

Av journalistar, som lever av å skriva, og av andre som ofte går ut med informasjon, må ein forventa at dei iallfall meistrar det reint handverksmessige. Men det er forstemmande når så mange skriftleg aktive stadig viser at dei har ikkje peiling på kommabruk. Omtrent ikkje komma i teksten deira blir like ille som når komma er slengde ut på dei mest forunderlege stader. Å måtta bli passasjer der sjåføren ikkje finn bremsepedalen, kjennest ikkje likare enn å sitta og rykka på eit tog der einkvan stadig drar i naudbremsen mellom stasjonane.

Grammatikk er freistnad på å fanga inn logikken i språket. Grammatisk teiknsetting hemmar ikkje uttrykksevna vår. Tvert imot. Kommareglar er fyrlykter for oss ved skriftleg kommunikasjon. Tankerett bruk av komma strukturerer meiningsinnhaldet. Slik strigling gjer bodskapen tydeleg å fatta for lesaren og kjem misforståingar i forkjøpet.

Viss ein går bak kommareglane og med berre rimeleg strev gjer seg kjend med korleis ord, setningsdelar og setningar fungerer i høve til kvarandre, kan ingen for ramme alvor hevda at kommareglar er for vanskeleg å læra for den som elles er i stand til å bruka skriftleg norsk. Det er berre eit spørsmål om å gidda. 

Til trøyst for den late kan nemnast at etter eit slikt handfast tak i vårt eige nakkeskinn, går det småningom lettare. For etter kvart treng me ikkje lenger klamra oss til rekkverket grammatikk. Reglane kan så pakkast langt ned i ryggsekken, dei treng ikkje hentast opp utan i verkeleg tvilstilfelle. Lønna etter eit heller moderat læringsstrev er at stort sett når du eit stadium der du SER samanhengen ut frå oppnådd innsikt, også kalla språkkjensle. Du kjenner kvar du skal setta foten på stien fram mot lesaren.

God tur.