Fallande elevtal fører til at Ukraina har for mange lærarar, ifølgje finansdepartementet i landet.

Ukraina meiner dei har for mange lærarar

Ukraina har 32 000 fleire lærarar enn det som trengst, har finansdepartementet i landet rekna ut.

Publisert Sist oppdatert

– Dersom ein samanliknar kor mange elevar det var på 1990-talet med i dag, er talet om lag halvert. Men det er ikkje blitt færre lærarar, seier visefinansminister Roman Ermolitsjev i eit intervju med nettavisa Glavkom.ua.

Departementet har rekna ut at 32 000 lærarar er overflødige, og at det fører til ein meirkostnad på tilsvarande 1,8 milliardar kroner.

Ermolitsjev understrekar likevel at regjeringa ikkje har konkrete planar om tiltak for å få talet på lærarar ned. Viseministeren syner til at det er dei lokale styresmaktene sitt ansvar, og at behova varierer i ulike delar av landet, og mellom by og land.

Statistikk frå utdanningsdepartementet viser derimot at i skuleåret 1995/96 var det 596.000 lærarar, medan det var 508.000 i 2013/14, det siste året før regjeringa misste kontroll over delar av landet. I den same perioden sank elevtalet frå 7,1 millionar til 4,2 millionar.

Leiar Georgij Trukhanov i lærarorganisasjosjonen PON meiner regjeringa ikkje berre skal ta omsyn til talet på lærarar og elevar.

– Den statlege politikken må leggje vekt på å sikre alle god utdanning og skape gode føresetnader for undervisning og læring, seier han til Utdanning.

Trukhanov meiner tvert imot det er for få lærarar til å sikre alle elevar ein skulegang som er god nok.

– Årsaka er kronisk underfinansiering av utdanningssektoren og låge lærarløner. For å sikre skikkeleg bemanning i utdanningsinstitusjonane er det naudsynt å auke lærarane sin motivasjon og prestisjen til profesjonen, og slutte å kutte i utdanningsbudsjetta på bakgrunn av eit oppdikta overskot på lærarar, meiner fagforeiningsleiaren

Powered by Labrador CMS