Aktivistar demonstrerer mot tilsettinga av ny rektor ved Klipspruit West Secondary School, som dei meiner er eit utslag av etnisk diskriminering. Foto: Slindelo Masikane/Jacaranda FM News

Tilsetjing av svart rektor utløyser etnisk strid

Tilsetjinga av ein svart rektor ved ungdomsskulen Klipspruyt West har utløyst sterke protestar blant folk i lokalsamfunnet med blanda etnisk opphav.

Dei fleste innbyggjarane i lokalsamfunnet Kliptown i utkanten av Johannesburg er det som i Sør-Afrika vert klassifisert som «coloured», altså personar som stammar frå ei blanding av afrikanarar, europearar og asiatar. Då ein svart rektor vart tilsett i sommar, var det ifølgje lokale aktivistar ei forbigåing av kandidatar med blanda bakgrunn. Dette utløyste store protestar. Skular var stengde i fleire dagar, og under ein av demonstrasjonane vart ein buss kapra og sett i brann.

Ein av leiarane for protestgruppa Patriots for Equality, Anthony Williams, seier til nettavisa The Daily Maverick, at lærarorganisasjonen SADTU har ein agenda som diskriminerer folkegruppa «coloured».

– Agendaen deira er at kvar stilling som rektor og assisterande rektor ved «coloured»-skular skal vere ein svart lærar. Så kva skal skje med dei farga lærarane som har vore i systemet i 20-30 år? Dei får ikkje ein sjanse, seier Williams til nettavisa.

Representantar for SADTU seier på si side at lærarorganisasjonen vert gjort til syndebukk for å rettferdiggjere det dei ser på som rasistisk åtferd frå demonstrantane.

Skuleministeren i Sør-Afrika, Angie Motshekga, seier ho vil sjå nærare på klagene frå lokalbefolkninga, melder radiostasjonen Jacaranda FM.

Powered by Labrador CMS