29. november vart tariffavtalen underteikna av kommunane sin forhandlingsleiar Inga Rún Ólafsdóttir (til venstre), riksmeklar Bryndís Hlöðversdóttir og Olafur Loftsson, leiar for grunnskulelærarane. Måndag denne veka vart det klart at fleirtalet av grunnskulelærarane røysta ja. Foto Aðalbjörn Sigurðsson
29. november vart tariffavtalen underteikna av kommunane sin forhandlingsleiar Inga Rún Ólafsdóttir (til venstre), riksmeklar Bryndís Hlöðversdóttir og Olafur Loftsson, leiar for grunnskulelærarane. Måndag denne veka vart det klart at fleirtalet av grunnskulelærarane røysta ja. Foto Aðalbjörn Sigurðsson

Islandske grunnskulelærarar godtok tariffoppgjeret til slutt

På tredje forsøk røysta fleirtalet av lærarane i grunnskulen for den nye tariffavtala.

Publisert

Den førre tariffavtala for dei rundt 4500 grunnskulelærarane gjekk ut 1. juni. Sidan har grunnskulemedlemmene to gonger røysta ned avtalar som var forhandla fram av lærarorganisasjonen Kennarasamband Íslands (KI) og kommuneorganisasjonen Samband íslendskra sveitarfélaga.

Denne gongen røysta 55,12 prosent ja til den nye tariffavtalen, medan 42,90 prosent røysta imot, ifølgje nettsidene til KI. Avtalen gjev lærarane rundt rekna eit lønstillegg på 11 prosent, medan prisstiginga berre er på rundt 2. Lærarane har argumentert med at dei har sakka etter andre arbeidstakargrupper, særleg i staten og privat sektor. Ifølgje det offisielle islandske statistikkbyrået er løna til grunnskulelærarar 18 prosent lågare enn gjennomsnittsløna for alle tilsette i fulltids stilling.

 

Sympati frå arbeidsgjevarane

Inga Rún Ólafsdóttir er forhandlingsleiar for kommunesamanslutninga Samband íslenskra sveitarfélaga, som har arbeidsgjevaransvaret for grunnskulelærarane. Ho meiner det har vore riktig å gje lærarane ei monaleg lønsauke.

– Frå kommunane si side er det ei klar vilje til å gjere noko med lærarlønene. Dei tener for lite i dag, samanlikna med akademikarar i andre sektorar. Med dette oppgjeret har vi enno ikkje nådd denne balansen, men vi er på god veg, seier ho til Utdanning.

– Har dette lønsoppgjeret vorte i dyraste laget for kommunane?

– Kommunane har vore innstilte på at lærarlønene må aukast. Sjølvsagt vil det verte vanskeleg for mange av dei, men då må dei prioritere, seier Inga Rún Ólafsdóttir.

Den nye tariffavtala gjeld fram til utgangen av november 2017. I mellomtida vil kommuneorganisasjonen nytte tida til å forhandle om lærarane sine arbeidsoppgåver.

– Den førre arbeidstidsavtalen frå 2014 la ei for stor arbeidsbør på lærarane. Det må vi gjere noko med, seier ho.

Ólafur Loftsson, leiar for grunnskuleavdelinga i lærarorganisasjonen KI, har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.