– Prisen er svært viktig i ei tid då fagrørsla vert angripen av administrasjonen til den noverande presidenten, seier France Castro. Foto: Harald F. Wollebæk
– Prisen er svært viktig i ei tid då fagrørsla vert angripen av administrasjonen til den noverande presidenten, seier France Castro. Foto: Harald F. Wollebæk

France Castro: – Svensson-prisen styrker oss i kampen

– Arthur Svensson-prisen vil gjere det lettare å stå imot åtaka frå styresmaktene, seier den filippinske prisvinnaren France Castro til Utdanning. Sjølv kan ho snart bli dømd til åtte år i fengsel.

Publisert

I kveld tek den filippinske aktivisten imot den internasjonale prisen i Oslo, som er oppretta av LO-forbundet Industri Energi. France Castro er matematikklærar og sentral i fagorganisasjonen og partiet ACT – Alliance of Concerned Teachers. Ho er òg vald inn i nasjonalforsamlinga i landet.

Arthur Svenssons pris for internasjonale faglege rettar

 

Ifølgje retningslinene for prisen vert han delt ut til ein person eller organisasjon som i særleg grad har arbeidd for å fremje faglege rettar og/eller styrkje fagorganisering i verda.

Prisen er oppretta av LO-forbundet Industri Energi og er på 500.000 kroner. Den eine halvparten går til prisvinnaren og den andre halvparten til oppfølgingsarbeid knytt til prisvinnaren eller nærliggjande prosjekt.

Prisen har namnet sitt etter Arthur Svensson (1930-2008), som var aktiv i fagrørsla gjennom store delar av livet. Han var mellom anna leiar for dåverande Norsk kjemisk industriarbeidarforbund frå 1978 til 1995.

 

Kjelde: Svenssonsstiftelsen

– Prisen er svært viktig for oss, særleg i ei tid då fagrørsla vert angripen av administrasjonen til den noverande presidenten, Rodrigo Duterte. Det er eit prov andsynes styresmaktene at sjølv om dei krenkjer rettane våre, er den internasjonale solidariteten på vår side.

– Autoritære regjeringar framstiller gjerne tildeling av internasjonale solidaritetsprisar som prov på at vinnaren er fiende av staten eller ein form for femtekolonnistar. Har de opplevd dette no?

– Det har vi. Etter at det tidlegare i vår vart kjend at vi fekk prisen, har vi allereie fått drapstrugsmål. Politiet har gått frå skule til skule for å få namn på medlemmar av organisasjonen. Så vi var førebudd på meir trakassering, men det stoppar oss ikkje, seier Castro.

I grunngjevinga for pristildelinga uttaler juryen at det er arbeidsfolk og fagrørsla som ofte er dei første ofra og samstundes er dei viktigaste forsvararane for demokrati og rettferdig fordeling. «I denne kampen treng vi tøffe, modige leiarar som France Castro», heiter det.

 

Mellom dei verste i verda

Ifølgje den internasjonale paraplyorganisasjonen for fagorganisasjonar ITUC er Filippinane mellom dei ti verste landa i verda for arbeidstakarar og tillitsvalde. Ifølgje organisasjonen vert arbeidstakarar og fagforeiningsaktivistar truga og forfølgde, og dei må slåst for retten til å organisere seg.

ITUC meiner styresmaktene særleg har gått hardt fram mot organisasjonane til lærarar og journalistar. Mellom anna har politioffiserar drive ein organisert kampanje der dei hetsar og offentleggjer opplysningar om fagorganiserte lærarar, ifølgje organisasjonen.

FN-organisasjonen for arbeidslivet, ILO, har ført Filippinane opp på si årlege svarteliste over land som systematisk krankar arbeidstakarane sine rettar. I år står 24 land på lista.

– Tykkjer du Filippinane vert framstilt på ein korrekt måte?

– Ja, det er mykje rett i dette. Dei fleste tilsette jobbar på midlertidige kontraktar, og forsøk på å starte fagforeiningar vert stoppa av arbeidsgjevarar. Regjeringa gjer ingenting for å hindre dette. Så sjølv det mest grunnleggjande ved fagforeingsarbeid er vanskeleg.

France Castro seier at rundt 200 fagforeiningsaktivistar er drepne i Filippinane dei tre siste åra etter at Duterte kom til makta.

– Mange av desse har vore tilknytt jordbruket. Mange er blitt drepne av uidentifiserte menn i sivil, seier ho.

France Castro ser likevel lyspunkt.

– I nasjonalforsamlinga har vi fått gjennomslag for å auke svangerskapspermisjonen frå 60 til 105 dagar. Det er viktig for mange av medlemmene våre. Vi har fått presidenten med på å prøve å finne pengar til ei lønsauke for lærarane. Så det er ting som sakte, men sikkert går rett veg.

 Les også: Kvinner på Filippinane demonstrerer mot Duterte på kvinnedagen

 

 Tiltalt for å ha utsett barn for fare

Sjølv om France Castro er medlem av parlamentet og ein offentleg kjend person, kjenner ho seg ikkje trygg mot forfølging frå styresmaktene. I november vart ho arrestert saman med ein delegasjon som på øya Mindanao. ACT er involvert i arbeidet med å betre skuletilbodet for urbefolkninga der. Organisasjonen bidreg med å utarbeide pensum og støttar urbefolkninga sin kamp for meir sjølvstyre.

Ifølgje Castro vart lærarar ved desse skulane arresterte og somme drepne. Skular vart stengde av væpna paramilitære grupper på vegner av militæret.

– Klokka seks om morgonen fekk vi ein telefon frå ein av skulane om at dei var truga av væpna styrker. Vi prøvde å frakte elevane til ein trygg stad med minibussane våre. Så vart vi arresterte, fortel ho.

Opphavleg vart France Castro og fleire andre sikta for bortføring og menneskesmugling. Dette vart seinare lagt vekk, men 18. juni må ho møte i retten, tiltalt for å ha utsett barn for fare.

– Maksimumsstraffa er opptil seks-åtte år i fengsel, seier ho og vert stille ei lang stund.

– I kampen mot narkotika fabrikkerer styresmaktene prov for å drepe utan lov og dom. No nyttar dei same strategien mot fagforeiningsaktivistar og opposisjonen. Det er heilt uverkeleg.

 

Utdanning har kontakta Filippinane  sin ambassade i Oslo med tilbod om å kommentere saka.