Inspektørane må få ansvaret for rettingsarbeidet
Berre ved å ha full oversikt over elevane sine mistak, kan læraren gi korrigerande hjelp.
Ope brev til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen:
Gratulerer med ansvarsfull stilling!
De har bedt om innspel frå ulike hald, og etter som eg har jobba i skulen 45 år, dei siste ti åra som spes.ped (sos/emosj-vanskar), vil eg peike på den raskaste vegen for å få "dei mange gode lærarane" til å gjere ein enno betre jobb:
Rette alle elevarbeid, spesielt i rekning!
Då "ansvar for eiga læring" kom inn i skulen, vart det ein stor nedgang i rettingsarbeidet på lærarværelsa. I staden kom teamarbeid der rettingsarbeidet tidlegare hadde gått føre seg.
I praksis vert fasitsvara lesne av mattelæraren, og så skal elevane sjølve sjekke dei svara opp mot eigne svar. Mange komma vert flytta i dulsmål, og eleven veit ikkje korleis feilen har oppstått.
Berre ved å ha full oversikt over elevane sine mistak, kan læraren gi korrigerande hjelp.
Inspektørane ved kvar skule må få ansvaret for at rettingsarbeidet vert utført.
På denne måten kan matteresultata betrast medan ein ventar på at lærarane skal få fagleg påfyll.
Vonar dette var til nytte.