Ikkje lat Høgre svekkje nynorsken
Gjennom ord blir verda stor, seier Noregs Mållag. Høgre gjer verda mindre, og landet delt.
Landsmøtet i Høgre har gått inn for å fjerne obligatorisk sidemålsopplæring i ungdomsskulen og i vidaregåande skule. Med dette vedtaket set dei i gang ein kampanje mot jamstillingsvedtaket frå 1885, då nynorsk vart jamstilt med bokmål. Kampanjen rettar seg mot nynorsken. Det gjekk tydeleg fram av det Bent Høie sa på Dagsrevyen sundag: "Eg stemmer for at nynorsk skal vera valgfritt sidemål".
Dersom Høgre skulle få gjennomslag for sitt syn i Stortinget, kan partiet i neste omgang hevde at Noreg ikkje kan tilby nynorsk som hovudmål, fordi lærarar utan tilstrekkeleg nynorskkompetanse blir diskriminerte på arbeidsmarknaden. Elles vil mange lærarar i realiteten få yrkesforbod i nynorskstrøka, fordi det ikkje finst system for eller vilje til å gje dei den kompetansen seinare. Kva er Høgres agenda?
I Aftenposten 9. mai får Erna Solberg spørsmål om Høgre også vil fjerne regelen om å svare på same språk i korrespondanse mellom offentleg sektor og private, og seier: "Ja, det er jo ein naturleg konsekvens." Ungdomsskuleelevar avgjer sjølve kva valfag dei vil ha, utan godkjenning frå foreldra. Om ein skal ha sidemål eller ikkje, er eit val ein må ta det fyrste året på ungdomsskulen. Med dei konsekvensane Solberg sjølv strekar opp, har Høgre dermed lagt heile berebjelken for den norske språkpolitikken i hendene på 13-åringar.
Mange trur på myten om at elevar blir svakare i hovudmål når dei òg må lære sidemål. Med god og tidleg opplæring er det faktisk motsett. Små ungar har ei utruleg evne til å lære fleire språk samtidig. Dette veit Unge Høgre. Dei fekk Høgre-landsmøtet med på at ein bør begynne med to framandspråk alt frå fyrste klasse. Kvifor berre anerkjenne born si språklæringsevne i framandspråk og ikkje i sidemål? Kvifor denne nedvurderinga av eit norsk skriftmål med ein rik skriftleg tradisjon?
Gjennom ord blir verda stor, seier Noregs Mållag. Høgre gjer verda mindre, og landet delt. Mållaget vonar alle som er glade i nynorsk både i og utanfor partiet Høgre, blir med i kampen mot det som i realiteten handlar om å fjerne statusen nynorsk har som eitt av to offisielle norske språk.