Ikkje bryet verdt å ta mesterbrev

Mesterbrev har ikkje lenger ein funksjon, etter som ein ikkje trenger å bli bedre i sitt håndtverk, berre få utdanning i å driva ein bedrift. Derfor ser eg sjølv ingen grunn til at me skal ta oss bryet med å ta eit mesterbrev, skriv innsendaren.

Er enig med det Arne Ørstavik skriver i innlegget Handarbeid, husflid, handverk - eitt og det same, eller?. Har sjølv tatt svennebrev i treskjæring, og kan dermed ta mesterbrev. Det er kun innen håndtverk, at ein kan ta mesterbrev, ein person med fagbrev kan ikkje ta mesterbrev.

Arne vet hva han prater um, det er på tide at andre forstår den store forskjellen det er på dei to utdanningene. Du tek ikkje utdanning i eit handtverk og får eksamensbevis på ein annen type utdanning.

Mitt svennebrev gjekk øve lang tid, fysst bestått eksamen i stillære. Så tegning, av tre forskjellige stilarter, for så å lage emner etter dei same tre tegningar, for så å skjære dei. Etterpå godkjente nemnda alle tre med karakterene: Bestått, Meget tilfredsstillande og Bestått

Nemnda var og innom på inspeksjon, mens oss drev på med prøva. Det tok vel rundt to månader. Eit fagbrev tek kanskje eit par timar på ein type maskin (for eksempel).

Ein lege må ha fullgod utdanning og kompetanse for å kunne praktisere i sitt yrke. Det må og ein håndtverkar kunne forlange og få. Ødelegg ikkje vår utdanning, men styrk den.

Mesterbrev har ikkje lenger ein funksjon, etter som ein ikkje trenger å bli bedre i sitt håndtverk, berre få utdanning i å driva ein bedrift. Derfor ser eg sjølv ingen grunn til at me skal ta oss bryet med å ta eit mesterbrev.