Lærar og sameaktivist får minnetavle

Sametinget har gitt pengar til Kvalsund kommune i Finnmark for å setje opp ei minnetavle over læraren, forfattaren, redaktøren og sameaktivisten Anders Larsen.

Publisert

Dette er ein del av ei løyving på 2,7 millioner kroner til vern av samiske kulturminne, ifølgje Sametingets nettsider.

Anders Larsen arbeidde for samisk kultur og språk på fleire felt. I 1904 grunnla han den samiske avisa Sagai Muittalægje, og var redaktør der fram til 1911. Avisa vart eit viktig talerøyr for samane si sak, ifølgje Store Norske Leksikon. Avisa var vesentleg for at Isak Saba frå Nesseby i 1906 vart den første samen som vart vald inn på Stortinget. Saba og Larsen vart vener da dei gjekk på lærarskolen i Tromsø saman.

I 1912 utgav Larsen «Beaiveálgu», ein roman som følgjer sjøsamen Ábo Eiras oppvekst og liv under den hardaste fornorskingstida i Noreg. Beaiveálgu reknas som den første romanen på samisk. Anders Larsen var lærar fleire stader i Troms og Finnmark. I to periodar var han lærar i Kokelv i Kvalsund. Den første perioden var dei to åra før han begynte på Tromsø Lærarseminarium i 1897.

Rett før Larsen døydde i 1949, sende han eit manuskript på norsk som skildrar sjøsamekulturen til Just K. Qvigstad, som hadde vore Larsens lærar på seminaret i Tromsø. Manuskriptet vart gitt ut posthumt av Qvigstad i 1950 med tittelen «Om sjøsamene». I 1979 kom boka i samisk omsetjing med tittelen «Mearrasámiid birra».