Helser Sjøberg sitt initiativ velkomme

I eit oppslag 18.04.07 på nettstaden til Utdanning kommenterer professor Svein Sjøberg eit innlegg som underteikna publiserte i Bergens Tidende 16.04.07 – ”Læringslaben – atter ein gong”.

Eg skriv mellom anna at eventuelle tanker om å stoppe Sjøbergs faglege kritikk overfor Læringslaben på alle måtar er meiningslause – noko som synest gjere lite inntrykk på professoren.

Og Sjøberg gløymer heilt å kommentere følgjande punkt i artikkelen min: ”Sjøberg sin kritikk har resultert i at Læringslaben i denne månaden legg fram ein rapport om det faglege arbeidet sitt til offentleg kritisk drøfting.

Det er å vone at dette borgar for at det faglege grunnlaget om naudsynt vil bli forsterka, og at tilhøyrande resultat vil halde fullgod kvalitet i framtida. I eit slikt perspektiv er det all grunn til å helse Sjøberg sitt faglege initiativ velkomme.”