Frå "gagns menneske" til målbare kunnskapsbærarar
Læreplanane som no er under arbeid skal byggast på fire såkalla grunnleggjande ferdigheiter. Her finst ikkje spor av "gagns menneske", skriv innsendaren.
I fjernsynsprogrammet siterte ho rektoren
på denne skolen som sa noko av det beste eg har hørt
frå ein rektor: "Dei viktigaste kunnskapane er dei som ikkje
er målbare. Og det er i første rekke dei vi ønsker
å gi ungdommen".
Det minner om det ein sa i noko eldre tid, da
det blei sagt at skolen sitt viktigaste mål var å
gjøre elevane til "gagns menneske".
Men det var da det - og itte nå, som ein
av våre store diktarar har sagt. I dag er det heller tvert om
- det bare er det målbare som teller. Dette er eit resultat av
ei utvikling som starta for fullt under Gudmund Hernes (Ap), som i
1987 uttrykte målet slik:
"Mine ønsker for skolen er derfor:
- Mer trening
- Mer struktur
- Mer standardisering
- Mer arbeidsdisiplin
- Mer faglig konsentrasjon
- Mer krav til innsats fra elevene
- Mer krav til engasjement fra foreldrene"
Dette låg til grunn for reformene i
skolen på 90-talet, men Hernes klarte ikkje heilt å
få skolen inn i dette mønsteret. No har Kristin Clemet
(H) sett seg som mål å fullføre det Hernes starta.
Sidan ho kom til makta har vi stadig fått høre at norsk
skole er for dårlig, at internasjonale undersøkingar
syner at andre land er så mye betre.
Det ho ser på da er den målbare
kunnskapen i teoretiske fag. Det er ikkje spørsmål om
elevane trivast på skolen, om dei lærer å
samarbeide, å vise omsorg, å orientere seg i samfunnet
eller å utvikle skapande evner f.eks. i forming eller musikk.
Det er ikkje spørsmål om dei som tar ei praktisk
utdanning blir flinke fagfolk. Det er snakk om dei klarer å
konkurrere med Finland og Japan i teoretisk matematikk og
engelskkunnskapar og om dei skriv norsk etter gjeldande
rettskriving.
Den nye skolereforma, som frå 2006 skal
innførast for heile grunnskolen og den vidaregåande
opplæringa, er krona på verket i dette arbeidet.
Grunnskoleelevane skal ha fleire timar skole dei første
åra, altså færre timar til fri leik og læring
utanfor klasserommet. Leseopplæringa skal starte frå
6-årsalderen.
Dei faga som skal få fleire timar, anten
i grunnskole, vidaregåande eller begge stader er utelukkande
heilt teoretiske fag: norsk, matematikk og framandspråk. Mange
vil vel syns det er bra om elevane får betre kunnskapar
på desse områda. Men har dei da stilt
spørsmålet: Kva fag er det som tapar i denne
prioriteringa?
For det første dei samfunnsorienterande
faga, dei som skal gi elevane eit godt grunnlag for å bli
aktive og kritiske samfunnsmedlemmar; samfunnskunnskap, historie,
geografi.
For det andre dei praktiske og estetiske faga,
som i grunnskolen skal både gi ein variasjon i skolekvardagen
og ein sjanse til å utvikle andre evner enn dei teoretiske, og
som i vidaregåande skole er hovudsaka i ei utdanning for
praktiske yrke.
For det tredje er det fag som elevane får
velje ut frå eigne interesser. Dei internasjonale
undersøkingane, som skolestyresmaktene våre legg slik
vekt på, viser ikkje bare gjennomsnittresultat. Dei viser og
at forskjellane er svært store innafor norsk skole, eller at
svært mange fell gjennom i forhold til skolen sine krav.
For desse elevane vil det ikkje hjelpe å
auke timetalet og pensumet i teorifaga, snarare tvert om. Ein
svært stor del av elevane både i grunnskolen og
vidaregåande skole klagar over at skolen er for teoretisk.
Det siste tiåret har utviklinga gått
einsidig i teoretisk retning. Det gjeld timetal for teorifag kontra
praktiske og estetiske fag, men og at teorifaga blir meir allmenne
for yrkesfag i vidaregåande skolar og at tidlegare praktiske
fag som forming og kroppsøving får eit større
innslag av teori. Den nye reforma vil gjøre skolen enno meir
teoretisk.
Læreplanane som no er under arbeid skal
byggast på fire såkalla grunnleggjande ferdigheiter. Her
finst ikkje spor av "gagns menneske". Her finst ikkje evne til
praktisk arbeid, ikkje sosiale ferdigheiter i omgang med andre
menneske, ikkje forståing for kultur og kunst. Her finst bare
lesing, skriving, rekning og bruk av datateknologi.
Desse grunnleggjande ferdigheitene skal
så målast gjennom nasjonale prøver, der skolane
konkurrerer med kvarandre og resultata hengast ut for alle og ein
kvar på Internett. Dette har allereie byrja å virke som
eit hardt press på skolane til å kutte ut alle andre
aktivitetar enn dei som gir målbare resultat på
prøvene for neste år.
Tilbake til den omtalte rektoren som meinte at
ikkje-målbare kunnskapar var viktigast. Ein rektor er i dag
ifølgje lovar og rundskriv ein arbeidsgivarrepresentant og
departementet sin forlenga arm. Ei undersøking som nyleg blei
offentliggjort viser at rektorar i norske skolar kjenner seg knebla
av skolestyresmaktene, slik at dei ikkje lenger tør seie
meininga si offentleg.
All ære til dei som framleis tør
å forfekte eit skolesyn tvert imot det departementet har
vedteke og som tør å sette elevane sine interesser
framfor lydigheit mot ein skolepolitikk som gjør både
elevar, lærarar og skolar til taparar i konkurransen.