Fleire menn må inn i klasseromma
Møter mange gutar i dag eit skulesystem som er blitt for feminint, for utydeleg og for lite praktisk?
Hausten 1990, på ein skule i Bergen: Ein ti år gammal gut har i mange år hatt problem med å lære seg å symje samt det å bli heilt trygg i vatnet. Så skjer det noko som skal snu opp ned på alt. Tiåringen får ein mannleg lærar som for fyrste gong seier til elevane etter ein observasjonstime: «No skal vi i fellesskap lære alle i klassen å symje riktig godt, og saman skal vi verkeleg få dette til. Vi legg vekk alle våre «flotte» symjeplanar inntil vårt viktigaste mål er nådd. Vi skal lære av kvarandre, og vi skal saman heie fram dei av oss som kanskje ikkje får det så godt til akkurat no. Er vi eit team eller?».
Klassen svarar eit rungande ja, og alle sjetteklassingane er toppmotiverte. Månaden etter symja tiåringen heilt på eiga hand, og skulen kunne no konstatere at guten var blitt heilt trygg i vatnet. For tiåringen betydde denne læraren alt, og det høyrer med til denne sanne historia at guten tok 1000 meteren før skuleåret var omme.
Stadig færre menn
Det vert stadig færre mannlege lærarar i Skule-Noreg. Tal frå 2013 viser at det jobbar no drygt 17.000 mannlege lærarar i norsk grunnskule. Det er over 400 færre enn førre skuleår, og delen menn har falt dei siste åra. No er berre knappe 26 prosent av lærarane er menn, mot 27,54 prosent i skuleåret 2008/2009 (Kommunal Rapport, 10.01.2013). På fleire grunnskular i Noreg vil det frå hausten av ikkje vere ein einaste mannleg lærar å finna. Mangelen på mannlege lærarar og førebilete er allereie eit problem i norsk skule og problemet vil truleg auke. Slik det er no, kan ein som barn risikere å bli ungdom før ein møter på ein mannleg lærar i eit klasserom.
Anerkjenning
På ei anna side ser ein at ei av dei aller største utfordringane i skulen i dag er i hovudsak knytt til gutar si åtferd og læring. Professor ved Høgskolen i Hedmark, Thomas Nordahl, meiner at mannlege lærarar er viktige for gutane, og han peiker på at mannlege lærarar ser truleg på gutar på ein litt annan måte. Dei er kanskje flinkare til å anerkjenne gutane, og ikkje minst møte dei med litt meir konkurranseorienterte og fysisk orienterte tilnærmingar. Med Nordahls tankar i bakhovudet kan ein stille seg spørsmålet om mange gutar i dag møter eit skulesystem som er blitt for feminint, for utydeleg og for lite praktisk? Kan då skulesituasjonen bli for vanskeleg for mange gutar? Når mange gutar kjem i puberteten og vert fylt av hormon, får dei ofte andre typar behov enn jentene, spesielt når det gjeld fysisk aktivitet. Dei kan då ha problem med stillesitjande konsentrasjon, og det er då gjerne lett for at dei vert «stempla» som «urokråker» på skulen. Eller som ein ungdom uttalar det til Aftenposten den 20.11.2001: «Kanskje gutter bør få karakterer for mer gutteting – sport, det å være i aktivitet og gjøre praktiske ting».
Treng begge kjønn
Eg tenkjer ikkje at ein skal setje mannlege og kvinnelege lærarar opp mot kvarandre for å finne ut kven som er «best egna», for det er sjølvsagt den samla kompetansen hjå ein lærar som er det viktigaste, anten ein er kvinne eller mann. Ulik forsking viser at god undervisning av dyktige lærarar – uansett kjønn – er bra både for gutar og jenter, men det er ikkje tvil om at læringsmiljøet på ein skule blir betre av både å ha ei kvinne og ein mann på kvart klassetrinn. Dette kan då innebere forskjellige pedagogiske tilnærmingsmåtar i undervisninga, noko som kjem alle elevane på ein skule til gode. Det har seg slik at gutar og jenter treng vaksne av begge kjønn som dei kan lære av og sjå opp til. Fleire menn i skulane vert viktig for elevane, for slik å fremme arbeidet for å endre det tradisjonelle kjønnsrollemønsteret i samfunnet. Det er og ein klar styrke for arbeidsmiljøet på ein skule at begge kjønn er representerte. Menn og kvinner utfyller kvarandre på ein god måte som pedagogar.
Sjølvforsterkande
Mange norske kommunar opplever i dag eit sjølvforsterkande problem der mannlege lærarar søkjer seg til skular som har fleire menn frå før, og då klarar ein ikkje å auke talet på menn der dei allereie er få. Ved sidan av at ein på nasjonalt plan bør heva lærarlønna og yrkesstatusen, vert det viktig at kommunane blir meir offensive ved til dømes å understreka at dei oppmodar menn om å søkje lærarstillingar. Vidare bør kanskje kommunane sørgje for at den enkelte lærar ikkje arbeider altfor mange år på ein og same skule, slik at ein lettare kan oppnå ei jamnare fordeling av mannlege lærarar. Det er bra for alle lærarar å skifte arbeidsplass innimellom.
Kritisk nivå
Kommunane bør ta ansvar og stimulere til systematisk arbeid for å fleire menn inn i læraryrket i grunnskulen, og kanskje vi som jobbar i skulen må bli flinkare til å snakke om kor spennande, gjevande og variert ein arbeidsdag i skulen kan vere. Eg er redd for at viss talet på mannlege lærarar kjem under eit kritisk nivå, vil menn i læraryrket gje ei kjensle av å vere annleis som både skremmer nye menn frå å søkje og dei som allereie er lærarar til kanskje å slutte.
10-åringen i dømet mitt ovanfor opplevde ein symjelærar med ein ny stil og tilnærmingsmåte.
Mannlege og kvinnelege lærarar har nok ofte ulik stil og ulike pedagogiske tilnærmingsmåtar. Det viktige er som sagt ikkje om læraren er mann eller kvinne, men korleis lærarrolla vert fylt. Dersom ein har jamn fordeling av både menn og kvinner i eit lærarpersonale, så trur eg at lærarane sine ulike pedagogiske tilnærmingsmåtar kan bli fleire, noko som kan føre til at både mannlege og kvinnelege lærarar i fellesskap kan dra stor lærdom av kvarandre. Det vil bli til stor nytte for gutar og jenter som treng både mannlege og kvinnelege rollemodellar i skulekvardagen sin.