Etiske lønsoppgjer?
Det ar alltid kjekt å sjå et ein ikkje er aleine i verda. Midt oppi tariffstriden var det fint å lesa innlegget frå Jon Segtnan i Utdanning nr. 8/06 og på nettet 21.03.06.
Tanken på å avstå frå reallønsauke (og dermed forbruksvekst) av miljø- og solidaritetsgrunnar er ikkje ny. Det finst døme – om ikkje veldig mange – på at fagorganiserte kollektivt har avsett kjøpekraftveksten sin til felles velferdstiltak i inn- eller utland. Det er nok litt fleire som tek ut lønsveksten i form av redusert arbeidstid, også i prinsippet eit miljøvenleg alternativ (men av ymse andre grunnar er det grenser for kor langt ned i stilling ein vil gå).
Dei fleste innser at auka kjøpekraft ikkje gjer oss lukkelegare enn i 1980 eller 2000, det er vanleg å meina julehandelen har gått over alle støvelskaft, og ingen (iallfall ikkje lærarar) kan tillata seg å sjå bort frå klimaeffekten av forbruket sitt. Lærarane synest shopping, alkoholkonsum og glamour-ideal perverterer ungdomskulturen, som stakkars oss må demma opp for. Men kva om vi skulle ta skulen sine ideal verkeleg på alvor? Til dagleg verkar nok tanken fjern, sjølv for elles radikale og etisk langsynte kollegaer blant oss.
Jon Segtnan peiker på det einaste riktige: Å kjempa for lønsutvikling som før slik at ikkje resultatet av produktivitetsauken i landet berre tilfell arbeidsgivarane, men så å overføra heile eller delar av reallønsauken til betre formål enn privatforbruk. Dette blir ei overskridande verken-eller-løysing i beste Galtung-ånd. No representerer jo ikkje KS akkurat storkapitalen, så i vårt tilfelle kunne det sikkert vore etisk nok å la veksten bli verande i ein relativt fattig norsk kommunekasse framfor i lommeboka vår, men det finst sjølvsagt enno betre formål…)
Er det fleire som tenker i desse banane, så ta kontakt. Det kan vera organisering på gang.