Eksamen i samfunnskunnskap – mjuk og enkel?

Ivar Olstad spør i eit innlegg om eksamen i 3SK-B no har passert grensa mellom ”den gammeldagse, hårdhendte og nerveskakende kunnskapstesten og den myke, forenklede trekk-på-skulderen-øvelsen.”

 I innlegget Hvis hjelpen tar overhånd utfordrar han Utdanningsdirektoratet til å utdjupe tankane bak eksamen i faget. Det gjer vi gjerne, då vår erfaring er at eksamen i samfunnskunnskap held avstand til begge desse grøftene.

Eksamen i samfunnskunnskap har hatt førebuingsdag i Reform-94. Den viktigaste grunnen til å innføre førebuingsdag var at ein då kunne legge sterkare vekt på kunnskap i bruk (anvendt kunnskap) til eksamen. Oppgåvene skulle vere røyndomsnære, slik at eksaminandane fekk høve til å vise at dei kan bruke skolekunnskapane sine i praktisk yrkesliv og politikk.

Forholdet mellom førebuingsdelen og eksamen er sjølvsagt ikkje enkelt, fordi begge tek opp det same temaet eller delen av læreplanen. Eksamensoppgåva vil anten vere ei innsnevring av temaet i førebuinga, eller femne om meir lærestoff enn det oppgåva i førebuingsdelen gjer. I vår var førebuinga at eksaminandane skulle gå inn i ein problematisk diskusjon om ulike grupper sitt syn på kva funksjonshemming er, og finne fram til ulike forhold eller årsaker som hindrar integrering av funksjonshemma.

Dette er ei relativt omfattande førebuingsoppgåve. Sjølve eksamensoppgåva bad om ei drøfting av kva einskildindivid, organisasjonar og det offentlege kan gjere for å lette integreringa av éi – rett nok ueinsarta – gruppe; dei psykisk utviklingshemma. Fokus til eksamen var altså på dei ulike aktørane.

Olstad er bekymra for at elevane med ei slik eksamensform kan gjette seg fram til oppgåveordlyden og stille med lånte fjør til eksamen, og at eksamen derfor får eit latterleg skjær. Erfaringane våre stadfestar ikkje dette. Også med førebuing og notatark er ei drøftings- og vurderingsoppgåve krevjande, og elevane veit at dei får lite utteljing for lærebokstoff. Dei som førebudde seg godt, hadde nytte av det, men måtte også vinkle og avgrense stoffet i forhold til kva oppgåva kravde.

Med reforma Kunnskapsløftet har vi no fått eit læreplanverk med kompetansemål. Kompetanse er forstått som ”det ein gjer og får til i møte med utfordringar”. Eksamen vil i endå høgre grad enn i dag vere ei prøve i anvendt kunnskap. Kritisk og etterretteleg bruk av kjelder blir ein del av eksamen, som blir open-bok-eksamen med alle hjelpemiddel tillatne. Både kompetanseomgrepet og den nye eksamensforma stiller store krav til opplæringa. Det å svare presist på oppgåva og bruke notat og andre kunnskapskjelder med fornuft, blir sentralt. Det blir ein annleis eksamen enn den vi har hatt i R94, men denne eksamensforma blir heller ikkje enkel og lett.