«Ein unormalt normal klasse»

Ein normalklasse består av eit mangfald av elevar og mange særskilde behov. Det krev at læraren må kunne tilpasse lærestoff til dei behova eleven måtte ha.

Åse Julusmoen, adjunkt, student spes.ped. HiSF
Malin Kristoffersen, student GLU og spes.ped. HiSF
Rita Å. Vikdal, student GLU og spes.ped. HiSF
Linn Tove Berdal, student GLU og spes.ped. HiSF
Stine Steig, student GLU og spes.ped. HiSF
Marius Salamonsen, student GLU og spes.ped. HiSF
Kirsten Flaten, førstelektor, HiSF


Artikkelen byggjer på ei prosjektoppgåve gjennomført som del av studiet i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF). Studentane gjennomførte ei kartlegging i ungdomsskulane i fleire kommunar for å finna kva særskilde pedagogiske behov som er til stades hos elevane. Her viste det seg at i ein heilt vanleg klasse er det gjennomsnittleg 4,3 omfattande særskilde behov som lærar må ha kunnskap om og ta omsyn til.

I høve Verdas lærardag skreiv leiar i Utdanningsforbundet, Ragnhild Lied, ein artikkel der ho ber om at lærarane må få tid til å være lærarar – «La lærerne være lærere» (Lied, 2013). Lærarrolla er krevjande og utfordrande, ikkje berre i undervisningssamanheng. Gjennom lærarutdanninga vert lærarane lite førebudde på mange av oppgåvene dei vert pålagde. Kartlegginga som denne artikkelen byggjer på viser at av 43 klassar er det berre ein klasse som kan omtalast som ein «normalklasse», der lærar kan fokusere meir på undervisning enn tilpassing. Desse tala stadfestar langt på veg rapporten som Tidsbrukutvalet la fram i 2009 om vurdering av tidsbruk i skulen (Melding til Stortinget nr. 19, 2009–2010).

I kartlegginga vart det stilt spørsmål om kva behov elevane i dei ulike klassane har. Kategoriane omfatta ulike typar lærevanskar, medisinske diagnosar og psykososiale vanskar. Undersøkinga omfatta 11 ungdomsskular med til saman 795 elevar på 8 – 10 trinn.

Resultat
Gjennom resultata kjem det fram at vanskane til elevane er mange. Det er totalt oppført 184 ulike diagnosar. Dette utgjer i snitt 4,3 diagnosar i kvar klasse. Dette vil seie at over 20 prosent av elevmassen anten har ein diagnose eller ei vanske som læraren må ta omsyn til i undervisninga. Hovudvanskane til elevane er; dysleksi, migrasjonsrelaterte språkvanskar, språkvanskar, astma, psykisk utviklingshemming, ADHD/ADD, dyskalkuli, angst og diabetes. I klassane er det låg førekomst av ulike syndrom, men i fleire klassar er det ulike medisinske tilstandar som læraren må ta omsyn til, som til dømes astma, diabetes, allergi. Same elev kan ha vanskar på fleire område, t.d. dysleksi og ADD. Det var og ein klar tendens til at mange av vanskane førte til vanskar med skulefagleg læring.


Psykososiale vanskar
Ved å samle dei ulike psykiske vanskane ser vi at 22 prosent av det totale vanskebiletet er psykiske vanskar. I Myrmel-Isaksen m.fl. (2013) finn ein at førekomst av psykiske vanskar blant 15- og 16-åringar ligg på om lag 17 prosent. Dette resultatet er samanfallande med det ein finn i denne undersøkinga.
I denne kartlegginga var angst den hyppigast rapporterte psykososiale vansken. Dette stemmer med forsking som er gjort i den omfattande undersøkinga av borns psykiske helse, Barn i Bergen (Folkehelseinstituttet, 2010).

Individuell opplæringsplan (IOP)
Av 43 kontaktlærarar var det tre som oppgav at dei ikkje har elevar med IOP i klassen. Av den totale undersøkte elevmassen har 15,3 prosent IOP. IOP skal være ein arbeidsreiskap for lærar, og sikre at eleven får eit godt og, der det er behov, tverrfagleg tilbod.
Det vil til ei kvar tid vere elevar med samansette vanskar, både fagleg og sosialt. Dette verkar inn på elevane sitt læringsarbeid og kan krevje eit tett samarbeid mellom fleire etatar. I Stortingsmelding nr. 16 vert det hevda at det kan vere utfordringar knytt til å få slike samarbeid til å fungere på ein tilfredsstillande måte. Ein grunn til dette kan vere at fagpersonane har for lite kunnskap om kvarandre. Eit manglande tverretatleg samarbeid kan føre til at ein brukar tid på å løyse problema innafor råmene av skuledagen. Dette vil igjen føre til at læraren får mindre tid til læringsarbeid. På trass av at ein stor del av elevane treng særskilt tilrettelegging, er det berre éin av tre kontaktlærarar som har spesialpedagogisk utdanning. Det utløyser spørsmålet om eleven får den støtte denne har krav på.

Oppsummering
I undersøkinga finn vi at over 20 prosent av elevmassen har ein diagnose eller vanske som læraren må ta omsyn til i tilrettelegginga av undervisninga. I kvar klasse vil det i gjennomsnitt være 4.3 ulike vanskar som krev særskilt tilrettelegging fagleg, sosialt eller på anna måte.

I denne kartlegginga er hovudvanskane i elevmassen dysleksi, migrasjonsrelaterte språkvanskar, språkvanskar, psykisk utviklingshemming og dyskalkuli. Dysleksi er det som finst hyppigast, og over 83 prosent av kontaktlærarane må ta omsyn til dette når dei planlegg og gjennomfører undervisninga. Resultata i undersøkinga viser òg ein høg prosent av migrasjonsrelaterte språkvanskar. Vel 1/3 av lærarane møter desse ulike vanskane i skulekvardagen. Av det totale vanskebilete utgjer psykososiale vanskar 22 prosent. Hyppigast var ADHD/ADD og angst, medan astma og diabetes er dei hyppigaste medisinske tilstandane. Det kom fram at dei fleste vanskane er knytt til det å lære, medan det var låg førekomst av ulike syndrom blant elevane i denne kartlegginga.

Tilpassa opplæring stiller krav til lærarar. For å kunne tilpasse opplæringa må vi ha kunnskap om det faglege nivået og føresetnadene til elevane. Slik kan vi få kunnskap om kven som har ekstra utfordringar, og kva støtte som er best for den einskilde elev. Den faglege og didaktiske kompetansen lærarar nyttar i planlegging og undervisning, har stor innverknad på om ein treff mangfaldet av elevar. Å meistre pedagogisk differensiering i klasserommet, ser vi på som ein av dei viktigaste kompetansane til den profesjonelle lærar. Lærarutdanninga er retta mot den såkalla «normalklassen». Undersøkinga vår viser at det er svært unormalt å ha ein «normalklasse». Som kontaktlærar ser ein at det er høgst vanleg å ha elevar i klassen som har særskilde behov og IOP. 98 prosent av kontaktlærarane hadde ein eller fleire elevar med IOP i klassen sin. Det var berre ein lærar som dokumenterte at han/ho ikkje hadde nokre elevar med IOP. Læraren sa: «Eg har ein normal klasse utanom det vanlege».

Avsluttande kommentarar
Denne undersøkinga har engasjert oss, og gjort at nye spørsmål har dukka opp. Det hadde vore spanande å kartleggje kor mykje tid læraren brukar i høve tilrettelegging og oppfølging av elevar med særskilde behov. I kartlegginga ser vi og at dei fleste kontaktlærarane har mykje meir kontakt med heimen enn det dei er pålagt. Hattie (2009) hevdar at læraren er den viktigaste enkeltfaktoren for elevane si læring. For å oppfylle dei oppgåvene som ligg i dette må lærar ha tid til å være til stades, både med kropp og sinn.

På bakgrunn av resultata i denne kartlegginga ser vi at ein normalklasse består av eit mangfald av elevar, og mange særskilde behov. Det krev at læraren i stor grad må kunne tilpasse lærestoff og kunne tilpasse dette til dei behova eleven måtte ha. For at læraren skal vere rusta til å møte desse utfordringane må han/ho ha kjennskap til den mangfaldige klassen, samt ha kompetanse til å utforme gode IOP-ar. Dette bør lærarutdanningsinstitusjonane ta konsekvensen av.