Mi røynsle er at elevar set pris på eit ærleg forhold til læraren, skriv Asbjørn Geithus i dette innlegget. Arkivfoto: Atle Vetti

«Det er sjølvsagt ingen som likar alle like godt»

Den ideelle fordring om å ikkje mislike nokon elev er «over ævne». Men alle kan gjere sitt beste for å få eit best mogeleg samliv med elevane sine.

På debattsidene i Utdanning og utdanningsnytt.no har der vore fleire innlegg som tek tak i ei undersøking som kjem fram til at annankvar lærar har opplevd å mislike ein elev. Eg har arbeidd heile yrkeslivet som lærar på vidaregåande nivå, altså med ei aldersgruppe som skal kunne gå inn på mange sider ved tilværet. Med fagkrinsen norsk, historie og psykologi vart det mange interessante diskusjonar.

Diskusjonen gjekk om tilhøvet mellom lærar og elev. Ein elev spurde: Likar du alle elevar like godt? Eg svarte nei som sant var og følgde opp med mitt spørsmål: Likar de kvarandre like godt heile tida? Eg for min del likar ikkje meg sjølv ein gong like godt heile tida. Vi fekk ein god diskusjon.

Bjørnstjerne Bjørnsom skreiv «Over Ævne», både ein og to. Idealisten stiller ideelle krav, utan prutingsmonn. Og det går ikkje særleg bra. For meg er det sjølvsagt at ingen likar alle like godt. Og at somme likar ein svært godt, andre likar ein ikkje. Men vi lærer å leve saman med dei fleste. Som lærar skal ein forholde seg til yrkesetiske retningslinjer. Ein skal leve saman med elevane med respekt for dei som personar.

Den lutherske forklaringa til det åttande bodet avsluttar med ei god rettesnor for tilhøvet til din neste: « .. talar vel om han og tek alt i beste meining». Dette er overkomeleg.

Den ideelle fordring om å ikkje mislike nokon elev er «over ævne». Men alle  kan gjere sitt beste for å få eit best mogeleg samliv med elevane sine. Mi røynsle er at elevar set pris på eit ærleg forhold til læraren.

 

  • Asbjørn Geithus er pensjonert historielærar
Powered by Labrador CMS