Dei yngste elevane opp til 4. trinn i Kildedamsskolen har fått komme tilbake til klasserommet.

Første skoledag for danske barn sidan jul

Måndag hadde rundt 300.000 danske skolebarn sin første skoledag i 2021.

Publisert Sist oppdatert

Det er barna i førskoleklasse og dei fire første klassetrinna som nå får kome tilbake til skolen etter veker med berre digital undervisning.

Pippi Aarsleff Nielsen frå Korsør seier til Danmarks Radio at ho har gledd seg til å kome på skolen.

– Det er litt kjedeleg heime. Det er ikkje så mange å vere saman med, seier ho.

– Vi skal ta dei i mot med varme, kjærleik og omsorg, seier Søren Vith, skoleleiar på Ålholm Skole i Valby i København.

Han fortel at flagget skal til topps i skolegården når elevane kjem. At barna kjem tilbake, skal vere ein fest. Sosialt samvær skal vere det viktigaste den første tida, det er det dei har sakna.

Men skoledagen blir annleis enn før koronaepidemien.

Les også: Flere kommuner melder om utbrudd av mutant-virus i skoler og barnehager

Avstand og testar

Barna skal ikkje ha kontakt med barn frå andre klassar. Dei må også halde to meters avstand til alle barn som ikkje går i same klasse.

Lærarane skal også som hovudregel halde to meters avstand til barna. Læraren kan bryte regelen for å gi trøst eller om det er nødvendig i undervisninga. Det er også anbefalt at lærarar og personal ved skolane tester seg frivilleg to ganger i uka med hurtigtest.

All mat skal også etast i klasseromma, og lærarane har fått beskjed om at barna bør unngå å synge eller rope. I tillegg blir det lagt stor vekt på reinhald.

Dei eldre skolebarna, frå 5. klasse og oppover, skal fortsatt ha digital heimeundervisning. I første omgang skal tiltaka vare til 28. februar, men dei kan bli forlenga.

Powered by Labrador CMS