I Danmark blir mykje det uteskole på dei eldre elevane framover.

Uteskole blir smitteverntiltak i Danmark

Den danske regjering har vedtatt at elevar frå femte til åttande klasse skal få kome tilbake til skolen frå og med måndag. Men berre ein dag i uka, og berre som uteskole.

Resten av uka må skolane halde fram med nettundervisning.

Det viktigaste med uteskolen blir det sosiale. Elevane må møte kvarandre og lærarane for å kome i betre humør. Det seier skoleleiarar Danmarks Radio har snakka med. Samtsundes tekk leiarane fram fysikk i naturen, utandørsmatematikk og turgåing som naturlege aktivitetar.

Det einaste Claus Hjortdal, leiar for skoleleiarforeninga, er usikker på, er om elevar og lærarar kan nytte doane på skolane, eller om dei må leige dovogner.

Med unntak av dette slår han fast at sidan skoleleiarar vanlegvis er kreative så vil dei finne løysingar på eventuelle problem med ordninga.

- Vi klarer dette, seier leiar Gordon Ørskov i Danmarks Lærerforening til Danmarks Radio.

Les også: Gi alle lærere muligheten til å bli trygge på uteskole

Fleire land stenger ned

I Danmark var skolane åpna for dei yngste elevane i februar, og det gjekk betre enn frykta.

– Heldigvis har smitteutviklinga fulgt eit av dei meir gunstige scenarioene som våre analytikere har regna på, skreiv leiar for Statens Serum Institut (SSI), Henrik Ullum på Twitter tidlegare i mars.

Fleire stader i Europa er samstundes skolar og barnehagar stengde etter auke i korona-smitta.

I Finland vart skolane stengt i tre veker fra den 8. mars. Estland har stengt ned landet i ein månad for å bremse spredningen av den engelske virusvarianten.

Denne veka blei det klart at barnehagar og skolar framleis er på gult nivå nasjonalt. Men fleire stader er det innført raudt nivå, blant anna i Oslo.

Powered by Labrador CMS