Bevisstløst utdanningsforbund?

La dei elevane som vil lære eit ekstra språk få velje det sjølve, slik dei har høve til no med valfaga, skriv innsendaren.

Det er trist, men ikkje uventa at Utdanningsforbundet har stilt seg positivt til eit 2. framandspråk i ungdomsskolen, og det utan å ha spurt medlemmene i ei så viktig sak.
 
Stakkars elevar (og lærarar), som om ikkje ungdomsskolen er nok teoretisk slik han er no. Eit slikt fag vil nok utløyse nye 5.1-kasus og ditto taparkjensle for mange elevar, det er vel noko vi sikkert kan gå ut ifrå.
 
Men skitt au, her er då viktigare saker å tenkje på enn elevane si mentale helse. Tyske og franske gloser må då vere langt viktigare for ein stakkar å lære seg i desse globale tider. Og vil han ikkje, så får vi tvinge han. Kort sagt, jåleri og toskeskap.
 
La dei elevane som vil lære eit ekstra språk få velje det sjølve, slik dei har høve til no med valfaga. Dei fleste av elevane snakkar og skriv bra norsk, nokre har store vanskar i engelsk, la dei for guds skyld sleppe å streve med fransk eller tysk fordi om nokre forståsegpåarar og politiske globalistar er i drøymeland og nok ikkje kan vekkjast opp på lenge enno.