Betre med kursplanar

Både elevar og lærarar ønskjer meir arbeidsro i timane. Det er avgjerande for å få eit godt læringsutbytte. To stikkord: Både elevar og lærarar ønskjer meir arbeidsro i timane. Det er avgjerande for å få betre lærartetthet og tilpassing av undervisninga.

Det var langt enklare å tilpasse undervisninga når elevane kunne velje kursplan 1, 2 eller 3. Da fekk ein langt meir homogene grupper enn kva som finst i dag. Dermed vart det muleg å gi meiningsfull undervisning også til skoletrøtte elevar.

No er desse elevane spreidd rundt i alle klassar og saboterer undervisninga med bråk og uro. Kva skal læraren gjere med slike elevar. Skal han vise dei ut frå klasserommet? Dei kan vel ikkje berre gå rundt i gangane utan tilsyn? Her kjem behovet for å gi praktiske alternativ til den teoribaserte undervisninga som er så vanleg i ungdomsskolen.