Laurdag var det 57 demonstrasjonar i Danmark for betre bemanning i barnehagane. Foto: Per Bille

70.000 demonstrerte for betre barnehagar

Danske foreldre, besteforeldre og andre engasjerte demonstrerte laurdag for betre bemanning i danske barnehagar.

Publisert

 

Demonstrasjonane skjedde samtidig i 57 demonstrasjonar over heile Danmark.Til saman demonstrerte 70.000, Ifølgje BUPL, (Fagforeningen for pædagoger og klubfolk) som er fagforeininga for danske barnehagelærarar.

Hovudparolen var «Omsorg for vores børn», arrangør var foreldreoppropet «Hvor er en voksen».

 

Sjå også: Demonstrasjonar for betre barnehagar over heile Danmark

 

Leiar i BUPL, Elsa Rimpler, heldt appell under demonstrasonen i Esbjerg. Der fortalde ho at barneminister Maj Mercado (Det konservative folkeparti) hadde kalla ho inn til møte onsdag.

Ho tolka dette slik at foreldreoppropet nå var blitt ei røyst som ikkje kunne overhøyrast. Samstundes lova ho at om Mercado ville setje i gong undersøkingar om tilhøva i barnehagane, så ville svaret vere at det trong ho ikkje. Det er tid for handling, ikkje for undersøkingar, ifølgje Rimpler.

Demonstrantane krev ei minimumsbemanning i barnehagane på tre barn per tilsett på småbarnsavdelingane og seks barn per tilsett for barn over tre år.

– Dette løyser ikkje alle problem, sa Rimpler i sin appell.

– Men det er ein propp som vil stoppe enda meir sparing i dei offentlege tilskota til barnehagane, sa ho.

Foreldreoppropet starta etter at Folketinget 12. mars røysta ned eit framlegg om minimumsbemanning i barnehagane. Men alt i 2009 gjekk forskarane Dion Sommer, Grethe Kragh Müller og Ditte Winther Lindquist ut og sa at bemanninga i danske barnehagar var uansvarleg låg.

 

Powered by Labrador CMS