Demonstrasjonar for betre barnehagar over heile Danmark

Under hovudparolen «Omsorg for vores børn nu» arrangerer det danske foreldreoppropet «Hvor er der en voksen» i morgon, laurdag, demonstrasjonar 57 stader i Danmark.

Publisert

 

– Pedagogane har prøvd å få politikarane til å høyre. Nå er det vår tur. Vi skal ut på gata! Saman!

Slik står det på nettsida til «Omsorg for vores børn nu».

Foreldreoppropet har ifølgje nettsida fått tilslutnad frå 26.000 personar.

Det er to hendingar som har utløyst oppropet. Den eine er programmet «Hvem passer vores børn» som Danmarks Radio sendte 11.mars.

Temaet var bemanninga i barnehagane, og skildra korleis det er å vere barn og tilsett i barnehagar med dårleg bemanning.

Det andre var røystinga i Folketinget dagen etter. Da røysta tinget ned framlegget frå Sosialistisk Folkeparti om å starte forhandlingar om ein minimumsnormering av bemanninga i barnehagane.

Men Fagorganisasjonen for pedagogane i dei danske barnehagan har arbeidd for betre bemanning i barnehagane lenge. Sidan 2010 har BUPL, «Fagforeningen for pædagoger og klubfolk» kravd ein minimmumsbemanning i barnehagane på tre barn per tilsett når barna er under tre år, og seks barn per tilsett når barna er over tre år. Førti prosent av dei tilsette skal vere pedagogar. Styrar og administrasjon er ikkje medrekna.

Pressetenesta  i BUPL seier til Utdanningsnytt.no at ingen dansk kommune tilfredsstiller alle desse tre krava. Åtti prosent av kommunane har ein pedagogdekking på under førti prosent av dei tilsette. Fem kommunar har ein bemanning på småbarnsavdelingane tilsvarande tre barn på ein tilsett, og 14 kommunar har seks barn over tre år per tilsett.

Tal frå Danmarks statistikk viser at gjennomsnittstala er 3,3 barn per tilsett for barn under tre år, og 6,7 for barn over. Men i dette talet er vikarar tatt med. BUPL meiner difor at dei ikkje viser situasjonen.

5000 fleire pedagogar trengst for å nå 40 prosent pedagogar i barnehagane. 

I 2017 la BUPL fram ei undersøking som dei meiner dokumenterer at 75 prosent av pedagogane i danske barnehagar har opplevd å vere aleine med 17 barn. I 2018 sa 74 prosent av pedagogane i ei undersøking frå BUPL  at barna ikkje får tilstrekkeleg omsorg i barnehagen på grunn av pedagogmangel.

 

Men Folketinget får også støtte for å ikkje stø framlegget om minimumsnorm. I Jyllandsposten skriv Martin Ågerup, direktør for den borgarleg-liberale tenketanken Cepos mellom anna at problemet er for mye byråkrati, ikkje for få tilsette i barnehagane. Han vil rydde unna byråkratiet slik at dei tilsette kan få gjere det som har fått dei til å velje å arbeide i barnehage. Det er, slik Ågerup ordlegg seg, å passe barn, ikkje å sitje i møte og fylle ut skjema.

 

Powered by Labrador CMS