Nynorske barnebøker avvist i Oslo-barnehagar

Førskolelærarar i Oslo vil ikkje lese bøker på nynorsk for ungane. Det slår Monica Eide fast etter å ha undersøkt bruken av nynorske bøker i barnehagane i Oslo.

Eide skriv i bacheloroppgåva si at ho har funne at 6 prosent av bøkene Deichmanske bibliotek i Oslo låner ut til barnehagar, er på nynorsk. Biblioteket har ikkje eksakte tal for kor stor del av boksamlinga for førskolebarn som er på nynorsk, men det er langt meir enn dette.

I oppgåva som er laga ved Høgskolen i Oslo, fortel Eide at ein av bibliotekarane, som sjølv er nynorskbrukar, har slutta heilt å tilrå nynorske bøker for førskolelærarane. Som nynorskbrukar tykte bibliotekaren at det var vanskeleg å ikkje bli såra av dei negative reaksjonane som svært ofte kom. Å ikkje tilrå nynorske bøker vart ein måte å verje seg på.

Eide har òg undersøkt bokkassene i tre barnehagar i byen. Av til saman 120 bøker var 8 på nynorsk. Etter å ha observert korleis personalet i desse barnehagane formidla nynorske bøker når dei vart oppfordra til det, og etter å ha spurt medstudentar om kva dei gjer, har Monica Eide konklusjonen klar:
– Når førskolelærarar i Oslo nyttar nynorske bøker, omset dei bøkene til bokmål medan dei les, seier ho.

Grunnane dei nemner, er at dei sjølve opplever det unaturleg å lese nynorsk, og at dei trur barna ikkje forstår. Men det siste stemmer ikkje med Monica Eide si oppleving av å lese nynorsk for Oslo-barn.

Frå eiga røynsle og frå å ha observert andre som på hennar oppfordring har lese nynorsk, har ho heller ikkje observert noko krav eller ønskje frå barna om å omsetje nynorskbøkene.
– Barna kan spørje om kva ord betyr, og om kvifor eg les til dømes ”mjølk” i staden for ”melk”. Men det oppfattar eg som at dei er nyfikne og interesserte, ikkje at dei klagar, seier ho.

Eide viser til innspelet frå styret i Språkrådet til strategidokumentet ”Språk i 100”: ”Styret vil understreka den rolla barnehagane har for å sikra eit medvit om språk. Ansvaret for at ungane skal få respekt for eige og andre sitt talemål, at dei får rikeleg tilgang på bøker, filmar og dataprogram på norsk (nynorsk og bokmål) bør vera ein grunnleggjande del av den nye språkpolitikken,” skriv rådet. Men korkje barnehagelova eller rammeplanen seier direkte at barnehagane har ansvar for å presentere nynorsk.

 Monica Eide meiner likevel at når rammeplanen slår fast at viktige sider ved kulturoverføring er knytte til kommunikasjon, språk og tekst, blir konsekvensen at barna skal få kjennskap til nynorsk i barnehagen. 

– Går glipp av kvalitet
– Nynorske småbarnsbøker haustar prisar i bøtter og spann, og det er til nynorsk dei beste utanlandske bøkene blir omsett, påpeikar leiar i Norsk Målungdom, Jens Kihl.

Sjølv er han fødd og oppvaksen i Oslo, og forstår ikkje kvifor Oslo-barn ikkje skal få høgtlesing på nynorsk i barnehagen.

– Ungane går framfor alt glipp av mye kvalitetslitteratur. Men dei går og glipp av å oppleve toleranse mellom to likeverdige språkformer, og den opplevinga er viktig i ein by med 200 ulike språk, påpeiker han. Kihl var svært oppteken av bøkene til Torvald Sund da han var liten.

– Men det var først da eg var blitt stor, og aktiv språkpolitikar, at far min synte meg at dei var på nynorsk. Det tenkte eg aldri over som barn, seier han.
– Eg er sikker på at alle førskolelærarar syng songar med tekst på nynorsk eller dialekt saman med ungane. Det er ikkje vanskelegare å lese nynorsk enn å synge, seier Jens Kihl. 

– Unødvendig
– Vi må jo forklare ord når vi les bokmålstekstar også, seier fungerande leiar i seksjon barnehage i Utdanningsforbundet Oslo, Atle Danielsen.

– Marg, seier han. – Vi kjem ikkje utanom det ordet når vi les folkeeventyr. Men ikkje mange ungar veit kva det er. Å vere saman med ungar som lærer om marg, det kan vere heftig. Å unngå nynorsk fordi det er vanskeleg, er unødvendig, seier han.

– Eg vil tru at å oppleve at ord og uttrykk kan vere ulike, vil skjerpe språkinteressa til ungane og auke interessa deira for å lytte. Så det er ingen grunn til å halde barnehagebarn unna nynorsk, seier Danielsen.