Vaksne skaper lite moro i barnehagen

Resultata frå både ein norsk og ein dansk undersøking kan tyde på at barn ikkje synest dei vaksne står for særleg mye av moroa i barnehagen.

Da danske Anette Boye Koch spurte barnehagebarn om dei vaksne sitt bidrag til aktive, positive og glederike opplevingar var svaret ganske lunkent, ifølgje Forskning.no.

Norske Monica Seland har spurt norske barnehagebarn om kor ofte dei leikar med dei tilsette i barnehagen. Nesten kvart tredje barn svarte aldri. Og dei ønskte heller ikkje å leike med dei vaksne. Seland meiner det kan kome av at dei vaksne lett tar for mye av leiinga i leiken.

- Den vaksne ser ut som ein leikekamerat, men seier ofte «sånn kan du ikkje gjere», seier ho.

Samtidig understrekar Seland at dei vaksne likevel er avgjerande for at barna skal leike godt. Dei vaksne er særs viktige for at barna skal kjenne seg trygge. Barn som ikkje er trygge leikar ikkje så godt som trygge barn.

Barn som seier at dei vaksne er lite tilgjengelege for dei, trivst dårlegare i barnehagen, seier Monica Seland.

Powered by Labrador CMS