- Skuleeigar og skuleleiar har ansvar for å stille dei nødvendige ressursar til råde, skriver Gunhild Nordvik Reite, doktorgradsstipendiat i spesialpedagogikk, Høgskulen i Volda. Foto: Pixabay

Valdeleg åtferd er ikkje barnet sitt ansvar. Men det er heller ikkje enkeltlæraren sitt aleine.

Valdeleg åtferd er skulen som institusjon sitt ansvar.

Publisert

Gunhild Nordvik Reite er doktorgradsstipendiat i spesialpedagogikk

 

Bente Hovland Bergtun skriv 29.05. om sin reaksjon på oppslag i Utdanning om vald utført av elevar.Eg er samd med henne i at terminologien som vert brukt i ei overskrift på framsida i Utdanning er tabloid og uheldig, og set pris på hennar påpeiking av farene ved dette. Det å karakterisere eit barn som «valdeleg» gjer at ein framstiller valdsutøvinga som eit personlegdomstrekk. Dette igjen kan gjere at ein vert blind for korleis omgjevnadene påverkar eit barns åtferd, og dei vaksne sitt ansvar for barnet og miljøet rundt.

 

Når det er sagt er eg ikkje samd i at artiklane i seg sjølv gjev barnet ansvar for åtferda. Artikkelen har eit arbeidstakarperspektiv og fortel slik om ein bit av historia om barn som utøver vald. Det synes eg må vere greit.

Det er ikkje ein artikkel som tek føre seg heile biletet. Den ser ikkje på årsaker til valden eller korleis ein skal hjelpe barnet – anten gjennom å endre omgjevnadene eller støtte barnet i å utvikle meir funksjonelle reaksjonsmåtar som ikkje skader andre. Artikkelen gjev seg heller ikkje ut for å gjere det.

 

Vi MÅ forhalde oss til heile biletet – men også tørre å snakke om alle sidene ved dette kvar for seg. Det er sjølvsagt heilt sentralt å forsøke å forstå åtferda, korleis omgjevnadene påverkar barnet,  lærarane si rolle og deira ansvar (ikkje forstått som «skuld») og korleis få til ei organisering som hjelper læraren. Vi må jobbe førebyggande. MEN vi må OGSÅ snakke om kva dei tilsette skal gjere der og då når slik vald oppstår.

Det er viktig at lærarar får støtte også til det. At vi alle kan kjenne på ubehaget over at avvergingsteknikkar kan vere nødvendige synes eg for så vidt er eit sunnheitsteikn. Vi må sjølvsagt heller ikkje lure oss sjølve til å tru at slike teknikkar løyser problemet på sikt. Det synes eg heller ikkje artikkelen bidreg til. Noko av «valdshandteringa» som vert omsnakka i Utdanning handlar også om korleis lærarar kan verte meir medvitne på eige kroppsspråk. Det er å ta ansvar.

 

Til slutt: Eg er sterkt oppteken av at den valdelege åtferda ikkje er er barnet sitt ansvar. Det er heller ikkje enkeltlæraren sitt aleine. Det er skulen som institusjon sitt ansvar, noko som også betyr at ein skuleeigar og skuleleiar har ansvar for å stille dei nødvendige ressursar til råde – både organisatoriske og kompetansemessige. Det må vi snakke høgt om.

Viss ikkje kan vi bidra til ei utvikling eg er redd for - at lærarar vil presse på for å få desse elevane ut av fellesskulen. Då har vi alle tapt. 

Powered by Labrador CMS