Arbeidstidsordning i barnehage

Me krev at Utdanningsforbundet arbeider for at det kjem sentrale føringar for korleis arbeidstidsordninga skal fungere i praksis.

Resolusjon frå Utdanningsforbundet Voss:

Frå 1.8.2012 starta ei forsøksordning om arbeidstid for pedagogisk personale. (SFS2201) Føremål:
"Partane er samde om å disponera pedagogane si arbeidstid på ein måte som best ivareteke omsynet til kvalitet og utvikling i tilbodet til borna i barnehagen. I tillegg skal arbeidstidsavtalen sikre naudsynt vern mot for høg arbeidsbelastning for den einskilde arbeidstakar."

Pedagogisk personale har krav på minimum 4 timar med planleggingstid per veke. Ein strevar med å få gjennomført timane, då ein opplever å måtte vera på avdeling grunna for lite personale og at retningslinjene er altfor vage. Ein opplever å miste planleggingstid eller å ha for lite tid til arbeid som skal sikre kvalitet og utvikling i barnehagen.

Me krev at Utdanningsforbundet arbeider for at det kjem sentrale føringar for korleis arbeidstidsordninga skal fungere i praksis. Barnehagelærarane må ha arbeidsplanar som sikrar nok tid til planlegging, samarbeid og fagleg oppdatering!

Det må tilsetjast barnehagelærar tilsvarande dei fire timane som går til planlegging. Bemanninga på avdeling må ikkje verta redusert som fylgje av at barnehagelærarane skal ha tid til planlegging.