Tek ein med åra frå 2014 og fram til nå, er det samla tapet i kjøpekraft som rammar pensjonistane, på over 8 milliardar kroner.

Ny nedtur for pensjonistane

Debatt. Ingen andre grupper i samfunnet er råka slik av inntektskutt som pensjonistane.

Publisert

Årets pensjonsoppgjer er på nytt ein nedtur for pensjonistane. I fem av dei seks siste åra har pensjonistane tapt kjøpekraft. Slik blir det også i år. Samla tap for pensjonistane i år blir på over 1 milliard kroner, seier Erik Orskaug i Unio. Tek ein med åra frå 2014 og fram til nå, er det samla tapet i kjøpekraft som rammar pensjonistane, på over 8 milliardar kroner.

Alle må bidra til dugnaden for å finansiere pensjonssystemet, meiner arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen. Men ingen andre grupper i samfunnet er råka slik av inntektskutt som pensjonistane. Det vil ikkje statsråden ta inn over seg. Orskaug i Unio kallar dette for eit pensjonstjuveri.

Les også: Vi er mer enn mange nok pensjonister til å kunne kalles en medlemsgruppe

Underreguleringa held fram

Underreguleringa med frådrag på 0,75 prosent frå lønsveksten held altså fram sjølv med massiv motstand.

Steffen Handal og Mette Nord frå UDF og Fagforbundet har eit felles utspel om resultatet av pensjons-«forhandlingane». Det er bra at store forbund legg breisida til mot dette som gjentar seg år etter år. Hovudpoenget deira, på same vis som Orskaug i Unio, er et det er underreguleringa på 0,75 prosent som er problemet. Dei synest å meine at med ei underregulering der pensjonistane får gjennomsnitt av løns- og prisvekst, vil kjøpekrafta vere berga. Men Unio sine eigne tal viser at det er langt frå sikkert.

Minner om UDFs vedtak

Vi er sjølvsagt glade for alle politiske krefter og våre tillitsvalde som jobbar for å styrke kjøpekrafta til pensjonistane, men vi må samstundes minne om at Utdanningsforbundet hausten 2019 gjorde et eintydig vedtak som rettar seg både mot levealdersjusteringa og underreguleringa av pensjonar under utbetaling.

«Utdanningsforbundet må jobbe for endringer i folketrygden hvor levealdersjustering fjernes, og hvor løpende pensjoner ikke underreguleres.»

Vi meiner det er god grunn til å minne forbundsleiar Handal om dette vedtaket, og vi forventar at han og sentralstyret legg dette til grunn i arbeidet for inntektsvilkåra til dei snart 40 tusen pensjonistane i forbundet.

Powered by Labrador CMS