Elevar i Stockholm meiner lærarane krenkjer dei

Stadig fleire elevar i Stockholm meiner at læraren krenkjer dei.

I fjor vart det registrert 562 tilfelle av truslar og vald mot lærarar i Stockholm, mot 357 året før, skriv avisa Dagens Nyheter. I ei enquet-undersøking fann Lärarnas Riksförbund at 1 av 3 lærarar var redde for å bli meldt av elevar. Dagleg ringer lærarar til forbundet og fortel om det same.

– Det er nok at læraren avgjer kven ein elev skal gjere gruppearbeid med, at eleven skal skru av mobilen eller vere stille, for at eleven skal erklære seg krenkja og true med å melde læraren, seier hovudverneombod Britt-Marie Selin.

Sjølv måtte ho gå i møte på rektors kontor saman med ein elev og foreldra av di ho tre gonger hadde kravd at eleven skulle slutte å sparke i ei dør. Eleven meinte at ho i samband med dette hadde gjort handrørelser som tydde at ho meinte eleven var liten.

– Sjølv om læraren har handla heilt korrekt og skuldingane er grunnlause er dette svært utmattande. Mange rektorar vel å ta læraren bort frå undervisning trass i at skuldingane ikkje er korrekte. Skolen er blitt ein marknad, og mange rektorar opptrer ut frå at kunden alltid har rett, fordi dei er redde for å miste elevar, seier leiar i Lärarnas Riksforbund Bo Jansson til avisa.